I gang igjen
Publisert 9. januar 2011 under NyhendeI løpet av denne veka (veke 2) reiser Ludvig og Leif til Dåfjorden, og det er venta at skrogarbeidet på MS Ekar vert sluttført for denne gang i løpet av veka slik at ho kjem seg av slippen. Går alt etter planen går vi då opp i neste veke.
Har du lyst til å delta i arbeidet er det både nyttig, kanskje lærerikt, bra for båten og ikkje minst sosialt. Ta kontakt med Leif på 412 52 909 om du kan tenke deg ein tur nedover. Vi stiller med køy, varme, mat og kameratskap! Som kjent betaler vi godt, mellom anna kan du drikke så mykje kaffi du vil…..gratis.