Tur til Nordfjord

Publisert 7. februar 2011 under Nyhende

Etter at Fjordaferda vart omlagt har vi berre i liten grad vore innover Nordfjorden. Vi er ofte i Måløy, men er sjeldan lenger innover.

fjordaferda2

For å bøte på dette, og vise fram den stolte skuta vår, planlegg vi derfor tur innover fjorden  frå 26/4 til 30/4.  For å gjenskape litt av den gode Fjordaferdstemninga  kjem vi sikkert til å ta med «banan og brosme»  for sal undervegs. Litt av målet med turen er også å ta med evt nye mannskap til opplæring ombord. Har du lyst til å bli mannskap, men føler deg usikker på om dette er noko for deg er du derfor hjarteleg velkommen til å bli med desse dagaen. Vi garanterer ein minnerik og sosial tur!

Rute er enno ikkje klar, og vi er opne for forslag alle slag til både stoppestader og ruter. Ta kontakt på 900 51 867 eller 412 52 909 om du har forslag eller vil være med.