Minnesmerke «Laforey»
Publisert 30. mai 2011 under NyhendeNatt til 8. februar 1954 forliste den engelske trålaren ”Laforey” av Grimsby ved Sendingane vest av Batalden i Flora kommune. Alle dei 20 personane om bord mista livet.
Etterkomarar av ”Laforey” sitt mannskap kjem til Florø og Batalden 11. juni 2011 for å delta på båttur ut til forlisstaden ved Sendingane og vere med på markering og avduking av minnesmerke i Batalden.
Alle Atløy Venner er invitert til å delta på markering og avduking av minnesmerket. Alle som vil delta, må gje Trond Strømgren tilbakemelding innan 7. juni på telefon 40 29 87 29. Vi er også invitert til multimedieframsyning om forliset og vrakfunnet på Kystmuseet onsdag 8. juni kl. 1900. Foredrag, bilete og film v/Trond.
Programm og invitasjon finn du her; Invitasjon minnemarkering Batalden