Landsstemne Kysten
Publisert 9. juni 2011 under NyhendeMS Atløy skal ikkje til Forbundet Kyste sitt landsstemne, men vi har fått følgande invitasjon via Liv Marit Dyrstad om å være med Bremsnes-kryssaren Bår Tommy;
Rasmus Leirvik frå Svelgen skal gå med skøyta si – Bår Tommy – til Kysten sitt stemne i Egersund. Rasmus er medlem i Kystlaget Hornelen. Han vil starte ca 14. juli og ta seg god tid, med stans om natta. Han har plass til 3-4 personar ombord. Interesserte som vil vere med eller ha følge kan ta kontakt med Rasmus på telf. 90048993.