Krabbefest på Skjerjehamn
Publisert 5. september 2011 under NyhendeOm alt går etter planen vert det krabbefest saman med bergensbåtane i Skjerjehamn helga 7 – 9 oktober. Turen er open for aktive.
Avgang vert fredag på ettermiddagen, og normalt kulle vi bruke 4,5 time til Skjerjehamn. Laurdag vert det krabbefest og dans på pakkhuset.
Før den tid er det Fjordaferd på Sogn. Etter Fjordaferda, men før Skjerjehamn, skal vi bruke ein dag eller tre på å pakke inn båten. Turen til Skjerjehamn vil derfor bli med telt, slik at alt er klart til å gå rett til Dåfjorden på søndag kveld. Dei som ikkje skal med til Dåfjorden tar kveldsruta heim på søndagen. Planen er å sette på land allereie mandag.