Restesalg i Florø

Publisert 30. september 2011 under Nyhende

I morgon laurdag avsluttast Fjordaferda i Florø. Vi har snart seld 11.ooo kgs poteter, 600 kgs nepe, 600 kgs gulrøter, 200 kasser eple og 4 tønner spekesild, forutan klippfisk og frosen brosme.

haust1Likevel vil det være varer igjen til salget i morgon. Vi har i alle fall frossen filet av brosme, klippfisk, litt Kronprins-eppler og litt Lærdalspotet. Spekesild og kålrabi er det tomt for, og gulrøter er det også mindre av, men litt kan det hende det vert att etter dagens tur til Grytøyra, Bulandet og Askvoll.

Alle som har bestilt varer vil få det dei har bestilt.

I morgon kjem vi til å ligge ved Haffen, ikkje på den vanlege kaiplassen. Det kan hende vi vert ein halv time sein til kai.