Ferdig!

Publisert 23. februar 2012 under Nyhende

I går var skuta ferdig i Dåfjorden, etter at alt var montert tilbake på plass. Leif, Idar, Karl Johan og Ludvig er no ombord etter nokre hektiske dagar med ferdigstilling og klargjering, i tildels ufyselig vær.

I går gjekk turen til Jensanset for litt driving og småarbeid, før turen går til Bergen i dag rundt middagstider. Etter overnatting vert det tidleg avgang til Florø, der vi er venta inn omlag 16:00 (dvs fredag24/2).

Litt bilder tatt av Gerhard Bakke frå Jensanset;

Sleten gjengSleten gjeng På veg til kaiPå veg til kai Vel fortøgd!Vel fortøgd utanpå Granvin! Leif og Idar. Gjer dei seg klar til Kaizer konsert i helga?Leif og Idar. Gjer dei seg klar til Kaizer konsert i helga?

Avreise frå Jensaneset....med vinterpreseningAvreise frå Jensaneset....med vinterpresening