Stangfjords Venner skipast
Publisert 6. mars 2012 under NyhendeSom vi har meldt tidlegare kan Askvoll Kommune ikkje eige M/B «Stangfjord» om dei skal kunne halde fram med å få midlar frå Rikantikvaren.
Det er derfor no tatt initiativ til skiping av eit Stangfjordens Venner som skal prøve å ta over eigarskapen til båten, slik at den kan vende «heim» til Stongfjorden etter at restaureringa er ferdig om nokre år. Møtet vert halde i Stongfjorden kommande laurdag klokka 1530. Det er Stongfjorden Vel som har tatt initiativ til møtet.