Slippinga ferdig
Publisert 29. april 2013 under NyhendeOnsdag 17de gjekk Ludvig Grytten, Finn Hugøy, Leif Kvalvik og Harald Årebrot sørover. Etter stopp i Bergen vart det slippsetting fredag i Dåfjorden. Vanleg undervanns vedlikehald vart utførd, skuta vart botnsmurd og skutesidene fekk seg eit lag fersk svartmaling. Påfølgande tysdag kveld vart ho sjøsett att, og turen gjekk til Jensaneset for overnatting. Torsdag heime i Florø igjen, før det var sesongopning i helga som var.
Harald, Leif og Finn på dekk, Ludvig på brua v/ankomst Jensanset Avgang frå Jensaneset onsdags morgon. Foto Gerhard Bakke