Opptur
Publisert 16. september 2015 under Nyhende
Opptur er eit årleg arrangement der Sparebanken Sogn og Fjordane gjer stas på dei som er engasjert i idrett, musikk, festival eller rett og slett berre er oppteken av at det blir skapt liv og røre i fylket. For Atløys Venner har Sparebanken vore ein viktig støttespelar gjennom alle år, og var sist ein viktig bidragsytar til gejennomføringa av Fjordsteam.
Grunna stor aktivitet i kystbyen på ulike arenaer er årets arrangement flytta frå Førde til Florø. Det hadde såleis vært kjekt om vi klarar å mobilisere flest mogeleg deltakarar denne kvelden. Målet må være å fylle kinosalen!
Ein av føredragshaldarane er Per Mathias Høgmo som er landslagstrenar i fotball.
For påmelding og program finn du her; http://meirennbank.no/opptur-2015/