Har du pengar til overs?
Publisert 18. desember 2018 under NyhendeHugs at det gjevast skattefrådrag til gjevarar av økonomiske gåver til frivillige organisasjonar.
Veteranbåtlaget Atløy er godkjend som frivillig organisasjon som kan motta fradragsberettiga gåver. Vi kan derfor motta gåver som gjevar kan trekke frå på skatten. For at dette skal komme som frådrag på gjevars sjølvmelding, må gåva innrapporterat til Norsk Forening for Fartøyvern sentralt med namn, adresse og fødselsnummer til gjevar. Vi treng også kopi av innbetalingsbilag. Dette gjerast av oss i Veteranbåtlaget.
Gåva må utgjere minst kr 500 i året. Maksimalt beløp det kan krevast frådrag for er 40.000,-.
Innebetaling må gjerast innan 31/12-2018 til vår konto 3775.03.41412. Organisasjonsnummeret vårt er 912 288 536. Send gjerne ei melding til leiar@atloy.no om de ynskjer å bidra.Du kan olgså lese meir her; Skatteeteten om gåver til frivilllige organisasjonar
Viktig gåve til viktig arbeid!