60.000,-
Publisert 27. mai 2000 under NyhendeGåvenemnda i Sparebanken Flora-Bremanger har vedteke å løyve 60.000,- av dei såkalla millenniumsmidlane til landbase for M/S Atløy. Sparebanken finn planane om ein landbase for Atløy svært interessante, og håper at vi også tar kontakt med Svanhild for evt felles prosjekt. Dette har heile tida vært intensjonen, og vi arbeider vidare, no med ein enno betre ryggrad og eigenkapital.
Sparebanken Flora-Bremanger har lenge vore ein aktiv støttespelar for kystkulturen og har mellom anna vore svært engasjert i miljøet rundt Svanhild. Vi er sjølvsagt svært glade for gåva, og håper dette kan sette fart i prosjektet.