Nytt lån
Publisert 31. oktober 2001 under NyhendeOgså i år må A/L Atløy ta opp lån for å klare seg gjennom vinteren. Det gledelege er at vi i denne omgangen klarer oss med halvparten av det vi måtte ta opp førre år. Også i år stiller Sparebanken Flora Bremanger velvillig opp. I tillegg til dette vil Atløys Venner overføre 50.000,- (som er delar av overskot frå salet om bord) til A/L.
Vinteren skulle då være sikra.