Atløy blir vinterkledd
Publisert 11. november 2002 under NyhendeFrå Firdaposten
MS «Atløy» skal få heildekkande vinterpresenning. Det er ein del arbeid og kostnad med det, men dugnadsgjengen vil få det att på vedlikehaldet.
Arbeidet med å lage reisverket er alt i gang, og nede på kaia i går føremiddag møtte vi Kjartan Tveranger og Olav Åmot i sving.
– Eg trur vi kjem til å merke det på vedlikehaldet, ja, seier Tveranger som var i byssa og henta seg ein kopp kaffi.
Han fortel at dei hadde dekt ein del av overbygget i fjor, og det viste seg at lakk og olje stod like fint etter vinteren, så dei kunne rett og slett spare seg for vårpussen der presenningen hadde lege.
No held dei på å bygge eit reisverk i tre og galvaniserte røyr. Ein spesialsydd presenning (formsydd) skal leggast over heile båten, og såleis verne mot vind og ver, ført og fremst væte.
– Ein annan fordel med dette er at det blir tørt og godt ombord, og dermed lettare og trivelegare å arbeide med førefallande ettersyn og vedlikehald, seier Tveranger, og ser lyst på dette.
Materialar og presenning er kostnadsrekning til rundt 60.000 kroner.
Harald J. Stavang
57 75 73 02