MF Bilfergen til Florø i kveld!
Publisert 8. juni 2009 under NyhendeDen historiske ferja, som var ei av dei første i landet, er på veg nordover etter restaurering på Hardanger Fartøvernsenter og går vidare mot Ålesund i morgon. Dei passerte Staveneset ved 20:00 tida, men med 4 knop lakkar det mot midnatt før dei kan legge seg til ro.
I heile vinter har dei to båtane låge saman medan Atløy fekk ny aktersalong. Prosjektet med å renovere ferja starta i 2006, med midlar frå Riksantikvaren. Det er fornya dekk og bjelkar, ein del nye spant og hud, dekkshus er fornya og reparert. Elles er fartøyet retta ut i kjølen og fått ny propellaksel.
I førre veke møte MF Bilfergen gassferja «Bergensfjord» ved Halhjem. Begge båtane høyrer forresten til i Fjord1 systemet, som også omfattar Fylkesbaatane, MS Atløy sitt tidlegare reiarlag.
Er det nokon som har lyst, er sikkert kaffi ombord i morgon tidleg. Bilfergen blir å ligge på Atløy sin plass i sentrum.