Møte ombord mandag
Publisert 19. juni 2009 under NyhendeDå var Atløy heime igjen etter 14 dagar i Bergen med god inntening. Ryktet går på at beste kvelden var oppe i 35.000,- -og det lever vi godt med.
I helga er det Sildebord, Kinnaspel og Rockehelg, og for oss vert det kjøyring kvar dag mellom anna med «russe-reunion» og rocketur til Kalvåg.
Mandag førstkommande vert det møte ombord klokka 1900. Vi diskuterer programmet vidare utover sommaren, og må ta ei avgjerdsle på kor vidt det vert tur til Lnadsstemnet i Forundet Kysten på Vega eller ikkje. Har du lyst å være med er dette siste sjanse. Intersse kan evt. meldast til Sander på 900 51 867. Sjå også eiga sak om turen, prisar og programm.