Sild og øl til Fjordsteam og Fjordaferda

Publisert 12. februar 2010 under Nyhende

Harald Årebrot, Ludvig Grytten, Ragnar Kristiansen, Rolf Grønnevik, Arthur Nord og Leif Kvalvik hadde i går ei dryg økt på Bataldebua på  Kystmuseet for å flekke 4000 sider sild. Silda har lege i rennande sjøvatn over natta, og skal no henge til tørking 4-5 veker før den frysast. Tørkasilda (nubbesild, kubbesild, lubbesild) er flekt med beinet igjen i eine av filletane, noko vi fekk påpakning på frå siste Fjordaferda. Første smakebit vert på Fjordsteam 2010, men den vert og å få kjøpt under nettop Fjordaferda.

fiskevask1

Samstundes er Florø sitt eige brygger, Kinn Bryggeri, i gang å planlegge eit eige øl til Fjordsteam. Bryggerimeister Espen Lothe, tidlegare norgesmeister i ølbrygging, lovar eit øl som skal passe til sild og fjordabåtar. Både silda og ølet vert sleppt under Fjordsteam, og vil bli seld eksklusivt på mannskappskroa og sikkert Hjørnevikbua.