Arbeid på Stangfjord igjen
Publisert 15. november 2010 under NyhendeArbeidet på Stangfjord er no starta opp igjen, og Hardanger Fartøyvernsenter satsar på å halde 4-5 mann i arbeid fram til pengane tar slutt igjen. I oktober er det lagt inn nye livholt, dvs kraftige plamkar innvendig i skroget. Ein del dårlege hudplankar er også skifta, og det er funne råte på ein del av anleggsflata mellom hud og spant på spantebitar som allereie er skifta. Dette vert også skifta.
Dei neste tre månadane vert ny hud på heile skroget lagt. Dette må gjerast før kjølen kan skiftast. Skroget må nemlig være så stivt som råd slik at båten kan henge på støtter slik at den nye kjølen kan treast på plass.