Vedtekter

§ 1    Namn


Foreininga sitt namn skal være «Atløys Venner». Foreininga sitt forretningskontor er i Flora Kommune.

 

§ 2   Formål

Venneforeininga sitt formål er å skape eit aktivt miljø for bevaring og bruk av gamle M/S Atløy gjennom dugnad og samarbeid med Andelslaget Atløy, Kystmuseet i Sogn og Fjordane og andre interesserte. Vidare å sikre «Atløy» som eit kulturminne for distriktet og seinare generasjonar. Venneforeininga skal søke å skaffe midlar til restaureringa, og delta aktivt i salet av andelar på vegne av Andelslaget Atløy.

 

§ 3    Medlemmer  

Alle interesserte kan være medlem, og årleg kontigent vert sett til 100,- for einskildmedlemmer, og 500,- for lag og foreiningar. Livsvarig      medlemsskap kan teiknast for 10 gonger årskontigent. Alle medlemmer har høve til å møte på årsmøtet i Venneforeininga.

 

§ 4    Styret  

Styret er Venneforeininga sitt høgste organ mellom årsmøta, og blir vald for 2 år av årsmøtet, 3 medlemmer eitt år, 4 det neste. Styret har 7 medlemmer, og er vedtaksført når minst 5 medlemmer er til stades. Styret konstituerer seg sjølv. Leiaren har dobbeltrøyst ved røystelikskap. Styret i A/L Atløy har høve til å møte på styremøta, og har tale og forslagsrett. Venneforeininga stiller med to representantar i styret for andelslaget.

Styret representerer Venneforeininga utad og andsynes A/L Atløy, og skal i samarbeid med A/L Atløy syte for drift og vedlikehald. Styret skal halde rekneskap for Venneforeininga. Rekneskap, budsjett og arbeidsplan skal leggjast fram for årsmøtet og godkjennast av dette. Styret kallar inn årsmøtet.

 

§ 5    Årsmøtet  

Årsmøtet er foreininga sitt høgste organ. Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av februar månad, og vert leia av styreleiar. Årsmøtet kunngjerast i lokale aviser.

Årsmøtet er vedtaksført utan omsyn til frammøte, og vedtak fattast ved simpelt fleirtal. Ved avstemming har kvart medlem ei stemme, og det er ikkje høve til å stemme på vegne av medlemmer som ikkje er møtt.

Årsmøtet skal handsame rekneskap, budsjett og plan for neste års arbeid, og gjere val av nytt styre. I tillegg skal andre saker som kjem fram av innkallinga handsamast.

 

§ 6   Vedtektsendring  

Vedtektsendring kan vedtakast på årsmøtet, og krev 2/3 fleirtal. Framlegg til endring skal være styret i hende seinast 1 månad før årsmøtet, og skal kunngjerast skriftleg gjennom innkalling til årsmøtet.

 

§ 7   Rekneskap

Rekneskap skal avsluttast innan 31.12. kvart år. Budsjett følgjer rekneskapsåret.

 

§ 8   Protokoll  

Det skal førast protokoll over alle styremøter og årsmøter. Likeins skal dugnadstimar registrerast.

 

§ 9   Oppløysing

Oppløysing av Venneforeininga krev ¾ fleirtal på årsmøtet. Tidsfristar for å komme med framlegg om oppløysing, og for å kunngjere dette er som for vedtektsendring.

Verdiane i Venneforeininga skal ved oppløysing tilfalle A/L Atløy og forvaltast i samsvar med Venneforeininga sitt føremål.

Florø 27.04.95.
Stiftingsmøtet