Bergen Kystlag kasta ut
Publisert 5. oktober 2011 under NyhendeBergen Kystlag har vore ein viktig forkjempar for vestnorsk kystkultur i 28 år. No vert dei kasta på sjøen av kulturbyråd Harald Hove, melder Bergens Tidende. På åtti- og nittitallet bidrog kystlaget til at fem freda sjøbuer i Sandviken vart rehabilitert. Dei har siden då helde til i to av dei der dei har drive eit kystkultursenter – men lokala har sakte men sikkert vorte mindre. I april vart dei tilbudt «to små rom utan vindu».
Bakgrunnen for utkastingsvedtaket skal være ein langvarig konflikt mellom kystlaget og «Fellesenheten ved Sandviksboder Kystkultursenter AS», selskapet som forvaltar dei freda sjøbuene i Sandviken.