Ekstraordinært årsmøte

Publisert 1. februar 2013 under Nyhende

Då oppløysing av A/L Atløy vart vedteke i årsmøte i laget 31/1 – 2013 vert alle andelseigarar innkalla til ekstraordinært årsmøte for å stadfeste oppløysinga;

 

Hardbakke, om bord i M/S Atløy v/kai

2/3 – 2013 kl 14:00

 

Det er høve å følgje M/S Atløy frå Florø på morgonen, avgang kl 0900. Gje gjerne ei melding på 900 51 867 om du skal med frå Florø, slik at vi kan planlegge litt m.o.t. mat og plass.Vi vert verande over natta i Hardbakke, og alle som ynskjer er invitert om bord på kvelden til ”gravøl” for andelslaget og evt feiring an ny foreining om dette vert det ekstraordinære årsmøtet si avgjerd.

 

Straks etter det ekstraordinære årsmøtet vert det kalla inn til skipingsmøte for ny foreining, om det ekstraordinære årsmøtet tek styret sitt forslag til følgje.

Vi håpar de har anledning til å delta i ekstraordinært årsmøte som skal endeleg handsame vedtak om oppløysing.  I følgje Andelslaget sine vedtekter er det berre dei som møter som kan være med på å bestemme framtida til laget. Dersom de har innvendingar eller innspel til planane ber vi om at de melder dette til styret (t.d. på mail leiar(a)atloy.no eller på 900 51 867) så snart som mogleg.