Ekstraordinært årsmøte
Publisert 1. mars 2013 under NyhendeHugs ekstraordinært årsmøte for AL Atløy i morgon kl 1400 i Hardbakke. Einaste sak vert handsaming av omorganisering. Dette betyr at det først skal haldast ekstraordinært årsmøte for å vedta eventuell oppløysing av Andelslaget. Om dette vert utfallet, vert det straks etter skipingsmøte for den nye foreininga Veteranbåtlaget Atløy som er forslaget vil eige fartyet i fortsettelsen. Alle gamle andelseigarar vil kunne halde fram som «eigarar» av den nye foreninga. Bakgrunnen er nye reglar i selskapslova, som ikkje gjer det mogeleg å halde fram som A/L (andelslag) slik vi er organiusert i dag. Vert det ny foreining skal det lagast vedtekter og haldast val. Forslag til nye vedtekter skal så langt vi har klart være sendt andselseigarane.
Før møtet startar vil det bli registrering av stemmer og evt fullmakter, som må være skriftlege.
Laurdagskvelden vert det «gravøl» for andelslaget ombord. Alle andelseigarar og andre interreserte er invitert.