Ferdig med stålarbeidet
Publisert 11. mars 2011 under NyhendeLudvig melder at stålarbeidet no er ferdig i Dåfjorden. Platene er komne på plass og ferdig klinka, og malingsarbeidet vil verte ferdig måndag-tysdag. Stikkebenken er også på plass og montering av hjelpemaskin og agregat startar fortløpande. Truleg vil vi gå på sjøen att neste fredag, og deretter vert det retur til Florø når alt monteringsarbeid er ferdig. Dato for dette er ikkje sett.
Ludvig er som sagt ombord, og blir ombord til båten er vel heime. Idar var nøydd å reise heim i dag, Leif kjem ombord onsdag i neste veke.