Fjordabåtane stifta
Publisert 1. april 2011 under NyhendeEtter eit krevande møte med mange følelsar vart organisasjonen Fjordabåtane stifta på eit møte onsdags kveld på den gamle brannstasjonen i Bergen sentrum. Organisasjonen vil fremme samarbeidet mellom fartøya, arbeide felles mot offentlege myndigheiter og hamn og være eit uforpliktande forum for fartøy med tilhold og/eller opphav og historie frå Bergen. Organisasjonen kan også frive felles marknadsføring og lage felles arrangement.
På møtet melde fre båtar seg inn, og det ser ut til at dei fleste blir med. Dei einaste som tydeleg har signallisert at dei lyt ha ein ny diskusjon kring eit evt medlemmsskap er DS Stord og DS Oster. Venteleg vil MS Atløy slutte seg til på ærsmøtet som vert kommande mandag.
Atløys Venner vil nok gi rettane til namnet Fjordsteam til organisasjonen, og det ligg ikorta at organisasjonen vil stå bak eit Fjordsteam i Bergen i 2013. Mellom anna har Bergen Kommune allereie gjeve 1 mill kroner til arrangementet…..før ein organisering er oppe og går.
Vedtektene til Fjordabåtane finn ein her.