Fjordaferda
Publisert 20. september 2018 under NyhendeDå er vi klar igjen med ny Fjordaferd….etter eit års opphald. Sjå gjerne dokumentar frå turen på denne lenka til NRK sine sider.
Vi har med oss klippfisk, spekesild, salta brosme og singelfrossen torsk og sei frå Ytrøygrend, Bulandet og Kalvåg. Vi har også med oss potet, gulrot og kålrabi frå Lærdal og epler frå Solvorn. Alt av god kvalitet til fornuftig pris…..slik vi plar. Om du berre vil ombord for å slå av ein prat eller vise barnebarnet rundt er du sjølvsagt også velkommen, det er gratis inngang, emn du kan gjerne kjøpe ein kopp kaffi eller ein pin.
Alt overskot frå Fjordaferda går til drift og vedlikehald av båten, og alt arbeid skjer på dugnad!!
Ruta i år er i alle fall slik, -om været står oss bi;
Fredag 21/9
10.00-13.00 Lærdal
14.30-17.00 Solvorn
Laurdag 22/9
10.30-11.00 Sandnes
12.30-13.00 Frønningen
15.00-17.00 Fresvik
Søndag 23/9
10.00-11.00 Fimreite
12.00-13.00 Hermansverk
14.00-15.30 Feios
17.00-18.30 Fjærland
Måndag 24/9
11.00-14.00 Vik
14.30-16.00 Arnafjorden
17.00-18.00 Finden
Tysdag 25/9
10.30-11.00 Ortnevik
11.30-12.00 Måren
12.30-13.30 Nordeide
15.00-16.00 Bjordal
17.30-19.30 Ikjefjord
Onsdag 26/9
09.30-11.00 Brekke
12.00-14.00 Leirvik
15.30-16.00 Dingja
16.30-17.30 Solibotn
18.30-20.00 Furuneset
Torsdag 27/9
10.15-11.00 Mjømna
12.30-13.30 Ytrøygrend
16.00-19.30 Hardbakke
Fredag 28/9
10.00-11.00 Værlandet
12.00-13.00 Herland
14.30-15.30 Grytøyra
16.00-17.30 Askvoll
Laurdag 29/9
10.00-11.00 Vevring
12.15-13.00 Stavang
14.00-15.00 Askrova
16.00- Florø, sal av restlager
Med været som er for tida kan det skje at vi er sein i ruta. Du kan då prøve desse nummera; Brua 911 15 501, Leif 412 52 909 eller Helge på 977 42 686.