2de Pinsedagstur til Modalen

5. mars 2020

 

I år går den trasisjonelle 2de pinsedagsturen til Modalen, gjennom Mostraumen i samsegling med M/S Granvin, D/S Stord1, M/S Midthordland og M/S Vestgar. Avgang frå Holbergkaien kl 09:00 den 1se juni. Tilbake i Bergen om lag klokka 20:00. Vi stoppar innom Flatøy, Hamre og Eknesvågen.

 

Billettar kjøper du her ; https://atloy.ticketco.events/no/nb/e/2_pinsedagstur_til_modalen. Vær tidleg ute, turen er svært populær.

 

Alle bilder Harald Sætre

Jonsokmoro på vika

16. juni 2019

Søndag 23 de kan du oppleve jonsokfeiring på Florevika med bål på Rota og masse liv. Har du trekkspel eller totadar og kan bruke det får du være med grats (må avtalast)

Vil du sikre deg plass kjøper du billett her;

https://atloy.ticketco.events/no/nb/e/jonsokbaal_og_kos_paa_florevika

Tidenes veteranbåtutflukt

13. mars 2019

Bli med M/S Atløy på 2de pinsedagstur til Våge i samsegling med 6 andre veteranskip. Avgang frå Bergen 10de juni klokka 10:00, med stopp innnom Lerøy og Hufthamar. Ankomst Våge 14:00 der det er marknad, underhaldning, servering og moglegheit for veteranbusstur.

Billettar kjøper du på ticketco eller ved å trykke her!

Har du pengar til overs?

18. desember 2018

Hugs at det gjevast skattefrådrag til gjevarar av økonomiske gåver til frivillige organisasjonar.

Veteranbåtlaget Atløy er godkjend som frivillig organisasjon som kan motta fradragsberettiga gåver. Vi kan derfor motta gåver som gjevar kan trekke frå på skatten. For at dette skal komme som frådrag på gjevars sjølvmelding, må gåva innrapporterat til Norsk Forening for Fartøyvern sentralt med namn, adresse og fødselsnummer til gjevar. Vi treng også kopi av innbetalingsbilag. Dette gjerast av oss i Veteranbåtlaget.

Gåva må utgjere minst kr 500 i året. Maksimalt beløp det kan krevast frådrag for er 40.000,-.

Innebetaling må gjerast innan 31/12-2018 til vår konto 3775.03.41412. Organisasjonsnummeret vårt er 912 288 536. Send gjerne ei melding til leiar@atloy.no om de ynskjer å bidra.Du kan olgså lese meir her; Skatteeteten om gåver til frivilllige organisasjonar

Viktig gåve til viktig arbeid!

 

Fjordaferda

20. september 2018

Då er vi klar igjen med ny Fjordaferd….etter eit års opphald. Sjå gjerne dokumentar frå turen på denne lenka til NRK sine sider.

Vi har med oss klippfisk, spekesild, salta brosme og singelfrossen torsk og sei frå Ytrøygrend, Bulandet og Kalvåg. Vi har også med oss potet, gulrot og kålrabi frå Lærdal og epler frå Solvorn. Alt av god kvalitet til fornuftig pris…..slik vi plar. Om du berre vil ombord for å slå av ein prat eller vise barnebarnet rundt er du sjølvsagt også velkommen, det er gratis inngang, emn du kan gjerne kjøpe ein kopp kaffi eller ein pin.

Alt overskot frå Fjordaferda går til drift og vedlikehald av båten, og alt arbeid skjer på dugnad!!

Ruta i år  er i alle fall slik, -om været står oss bi;

 

Fredag 21/9

10.00-13.00 Lærdal

14.30-17.00 Solvorn

 

Laurdag 22/9

10.30-11.00 Sandnes

12.30-13.00 Frønningen

15.00-17.00 Fresvik

 

Søndag 23/9

10.00-11.00 Fimreite

12.00-13.00 Hermansverk

14.00-15.30 Feios

17.00-18.30 Fjærland

 

Måndag 24/9

11.00-14.00 Vik

14.30-16.00 Arnafjorden

17.00-18.00 Finden

 

Tysdag 25/9

10.30-11.00 Ortnevik

11.30-12.00 Måren

12.30-13.30 Nordeide

15.00-16.00 Bjordal

17.30-19.30 Ikjefjord

 

Onsdag 26/9

09.30-11.00 Brekke

12.00-14.00 Leirvik

15.30-16.00 Dingja

16.30-17.30 Solibotn

18.30-20.00 Furuneset

 

Torsdag 27/9

10.15-11.00 Mjømna

12.30-13.30 Ytrøygrend

16.00-19.30 Hardbakke

 

Fredag 28/9

10.00-11.00 Værlandet

12.00-13.00 Herland

14.30-15.30 Grytøyra

16.00-17.30 Askvoll

 

Laurdag 29/9

10.00-11.00 Vevring

12.15-13.00 Stavang

14.00-15.00 Askrova

16.00- Florø, sal av restlager

 

Med været som er for tida kan det skje at vi er sein i ruta. Du kan då prøve desse nummera;  Brua 911 15 501, Leif 412 52 909 eller Helge på 977 42 686.

 

Kobbeskjærskveld

6. august 2018

Du skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden du veit (Frå diktet Då Gud held fest i Fjaler, dagsett 10. august 1954)
Før festframsyninga med dei tre tylane i auditoriet, startar festen ute på fjorden, ved Kobbeskjeret!

Kl 18.30 går båtane MS Atløy, Bakkejekta og andre båtar som kjem til og vil vere med i konvoien, frå båthuset på UWC til Kobbeskjeret, med allsong av Jakob Sande-viser til musikk av Jan A. Haugen og Andreas Ramstad. Songhefte til utlån og sal kr 100,-


Billettar 

Båtbillett kr 200,- Billettar/ billettsjekk utanfor Høegsenteret og på ticketco.no

Svolten?
Sal av tylepizza, kobbekjerskake og-kaffi og brus frå bakehuset på UWC kl 18.00 – 20.15. Du kan rekke det før båtane går; bakehuset ligg rett opp bakken ved båthuset eller ta deg mat når du kjem tilbake frå båtturen

 

Sjøbufestivalen

29. juli 2018
Onsdag reiser M/S Atløy til Bergen og Fjordsteam, med stopp undervegs i Skjerjehamn. Heile helga skal vi gå ruter til og frå stemnet.
 
Får du ikkje med deg Fjordsteam ambefaler vi Sjøbufestivalen i Fjaler helga etter. Den er ein del av Dalsjordveka. M/S Atløy går i rute både laurdag 11. august og søndag 12. august. Du kan lese meir om tider på plakaten. Billettar kan du kjøpe på Ticketco.no….søk opp Fjaler

Fjordsteam

16. juli 2018

Onsdag 2de august går vi til Skjerjehamn og vidare til Fjordsteam i Bergen på torsdag.

Har du lyst, kan du bli med frå Eivindvik torsdag morgon. Ruter her; Rute Atløy 2. aug – frå Gulen, Austrheim, Radøy, Lindås, Meland, Osterfjorden og Åsane

Også laurdag kan du bli med tur (rute Rute Atløy 4. aug – frå Nordhordland og Herdlafjorden), eller kvifor ikkje kyrkjetur på søndag. Alle ruter og prisar finn du på www.fjordsteam.no under billettar,. der det også er lenke til biletsider på TicketCo.

Sesongstart

8. mai 2018

I år startar vi tidleg, med tur til open dag på Steinvik. Medlemmer kan bli med gratis, andre lyt betale litt for turen.

Avreise frå Florø 12/5 klokka 10:00, retur frå Steinvik klokka 1600

KOM , SJÅ OG OPPLEV :
*Utstilling frå oppdrettsnæringa – ver med på quiz.
*Sjå laksen i mærane. Og sjå rognkjeksa våre.
*Sjå arbeidsbåtane våre.
*Båt-turar med raske arbeidsbåtar.
*Fiskekonkurranse for barn – vi har fiskeutstyret.

 

 

GRATIS INNGANG OG AKTIVITETAR , ALLE VELKOMNE !

SJÅ OGSÅ : WWW.STEINVIK.NO

OG FACEBOOK : STEINVIK.

EKSTRA :
*Nokre av veteranbilane til Alex Vassbotten.
*Besøk av Sunnfjord Veteranvogn Klubb.
*Besøk av amcar-bilar.
*Stand / demonstrasjon av livredding på sjøen v/Røde Kors.
*Sals-stand av røykelaks v/Svanøy Røykeri.
*Sal av grilla laks , kaffi, kake og drikke v/ Steinhovden Grendalag,
til inntekt for gatelys . Rikeleg med sitteplassar ute eller inne.
*Trekking av premie på inngangsklistremerke og diverse konkurransar.

Billettar kjøper du her; https://atloy.ticketco.events/no/nb/e/open_dag_paa_steinvik

Flaggaksjonen til Tanzania

26. januar 2018

Kåre Ljøen kjøpte for litt sidan «Flaggskjorter» frå M/S Atløy til seg og ein kollega. No har vi fått følgande melding;

 

 

 

 

 

 

 

«Som avtalt sender jeg bilde av min engelske kollega, Grant Bissett, og meg selv iført korrekt antrekk på navigasjonsbroen. Vi er ombord i boreskipet Ocean Rig Poseidon som for tiden arbeider utenfor kysten av Tanzania for Statoil. Dermed har altså «Vil ha fylkesbaatane flagget tilbake» aksjonen spredt seg til Afrika. Jeg har selv tidligere misjonert for saken i Sør-Afrika, Angola og Elfenbenskysten. Grant vil ta aksjonen til England, så dette går veien.»

Ei internasjonalisering der altså!