Fredingar

16. august 2012

Riksantikvaren har mellombels hastefreda talcummølla i Framfjorden. Les meir i Sogn avis på denne lenka.

Framfjorden

Omlag samstundes er det også gjort endeleg fredingsvedtak på den gamle treskofabrikken i Sellevåg i Gulen. Riksantikvaren har løyvd 5,3 millionar til anlegget, og målet er at det skal ligge årlege driftsmidlar i statsbudjsettet for å halde anlegget ved like. Les meir i Avisa Nordhordland

Sellevaag Tresko

M/S Nordsjernen foreslått freda.

4. juli 2012

Riksantikvaren varslar oppstart av fredning av M/S Nordstjernen. Det ærverdige skipet har med sine 57 år i rute, segla lengst i Hurtigruten si stolte historie

nordstjernen

M/S Nordstjernen stod ferdig i 1956 og var det siste av hurtigruta sine skip som vart bygd som dampskipa i mellomkrigstida. Skipet er eit framifrå døme på 1950-talet si utsmykking og skipsinteriør og vert sett på som eit seglande galleri der norsk samtidskunst og interiørdesign vert vist fram for dei reisande.

Nordstjernen er framleis i god stand trass få endringar. Blant anna er det originale likestrømsanlegget framleis i drift, noko som er unikt for eit skip av denne storleiken. Nordstjernen avslutta sin siste ordinære tur 22. mars 2012 og vil sommaren 2012 bli brukt som cruiseskip på Svalbard.

I 2007 vart Nordstjernen erklært verneverdig av Riksantikvaren. Fredninga vil omfatte heile og delar av skipet med fast inventar og utstyr, samt kunstnerisk utsmykking. Fredninga skal i seg sjølv ikkje være til hinder for fartøyet si vidare drift.

Nytt om Fartøyvern

20. juni 2012

Test

Les om nye medlemmer, «Engebret Soot» som fyller 150 år, Havnedagane i Haugesund,. MS «Skogøy» som er tilbake i Narvik og mykje anna på denne lenka; Nytt om fartøyvern 3 2012

Tilskot til fartøyvern

9. mai 2012

Som kjent vart det ikkje offentlege midlar til M/S Atløy i år, korkje frå fylket eller Riksantikvaren. Frå fylket hart vi ikkje fått midlar på fleire år, men det var overraskande at vi ikkje fekk fråRiksantikvaren. Vi er i gang med eit arbeid på skroget som har kosta 5-700.000 årleg dei siste åra. Arbeidet skulle avsluttast i framskipet til vinteren, og vi meinte å ha ei forståing og plan med både Riksantikvar og Skipskontroll. Så ser ikkje ut til å være tilfelle,

hestmandenfotobredalsholmendokkogfartyvernsenter1

Riksantikvaren delte til saman ut 42 mill, etter slknad på tilsaman 196 mill. Største mottakar er også i år Hestmanden, med 4 mill. SJ Svanen fekk same beløp. I Sogn og Fjordane var det berre DS Stavenes og Haugefisk som fekk mildar, totalt 1.150.000,- Det er for oss uforståelig at vi ikkje fekk midlar til ferdigstilling av restaurering av skroget, og klage er sendt. Heile lista over tilskot finn du på denne lenka.

Oppdatert rute

23. april 2012

Nokre små endringar på rute, dei finn du på denne lenka; nordfjord3

Nytt frå NFF

20. april 2012

topbanner

I NFF sitt siste nyhendebrev kan du mellom anna lese at M/B Mørkfoss er blitt undre år,  at Borgenes til slutt har måtta kaste handkledet, om Brest, om «Stangfjord» om «Jøsenfjord» og mykje anna..

Les meir her; Nytt om fartøyvern2 2012

Reiserute Fjordaferda

2. april 2012

På denne lenka finn du reiserute for årets fjordaferd på Nordfjord; Fjordaferda Nordfjord 2012

Hugs at det er mogeleg å løyse billett og være med mellom stoppestadane.

M/F Skånevik på Fjærlandsfjorden

29. mars 2012

Kulturferga M/F «Skånevik» vert i sommar å finne på Fjærlandsfjorden i turistrute frå mai til september, med to daglege rundturar. Det er tilmed mogeleg å ta med bil på turen.  Mange hugsar sikkert ferga frå Nordsteam i 2005, då ho fungerte som hovudkvarter. Båten er i dag freda av Riksantikvaren, og ein rundtur på Fjærlandsfjorden er nok ei nostalgisk oppleving for dei fleste.

skaanevik

M/F ”Skånevik” vart bygd i 1967 på Ulstein Mek. Verksted i Ulsteinvik, for HSD i Bergen, som ein av fem.Det som var spesiellt for denne ferjetypen var at dei var utstyrd med stor utsiktssalong oppe på båtdekk. Dette fordi fergene skulle trafikkere lange strekningar, gjerne med mykje turistar. I tillegg var det eit stort promenadedekk akter bak salongen, slik at fergene også var godt eigna til å være ute på. ”Skånevik” trafikkerte dei fleste av HSDs ferjestrekningar før den vart pensjonert og seld midlertidig til Stiftinga Brørvikskuto i Bergen i august 2004. I mars 2005 vart ho overført til Ferjelaget ”Skånevik”.

Rutetider og prisar kan du finne på denne lenke; mf_skanevik_plakat2012

Fjordaferd til Nordfjord

23. mars 2012

I 2011 tok vi opp att  tradisjonen med Fjordaferd til Nordfjord. Avreise vert 23/4, og vi bllir på tur i ei veke, med stopp mellom anna i Kalvåg, Igland,Raudeberg, Flatraket, Barmen, Selje, Barmen, Silda, Osmundsvåg, Davik, Kjølsdalen, Ålfoten, Hestnesøyra, Sandane, Hennebygda, Utvik, Olden, Loen, Faleide, Innvik, Hopland, Torheim, Stårheim, Eid, Bryggja, Rugsund og Måløy.

fjordaferda4

Under land vil du kunne kjøpe salta brosme, tørrfisk, spekesild, klippfiak og anna av beste kvalitet. Formålet med turen er også å ta med seg nye mannskap på prøvetur. Har du lyst å bli mannskap ringer du til Ludvig på 958 76 096.

Ruta vert å finne på desse heimesidene etterkvart.

Styremøte 22/3

23. mars 2012

Det vart i går halde styremøte i A/L Atløy, dvs reiarlaget som eig M/S Atløy. Av sakene som vart diskutert kan nemnast;

  • Rekneskap for 2011 vart gjennomgått, og slik det ligg an ser det ut til å bli eit monaleg rekeneskapsmessig underskot
  • Atløys Venner overfører 500.000,- til A/L slik at vinterens verkstadopphald kan betalast.
  • Det ser ikkje ut til at det vert midlar frå korkje fylkekommune eller Riksnatikvaren. Vi har gode grunnar til å klage på riksantikvaren si avgjerd, og Berit vil gjere dette innan fristen
  • Årsmøte for A/L vert 28/3 som før bestemt.
  • Førstehjelspkurs vil bli halde i løpet av mai.
  • Fjordaferda vil starte 23. april og vare ei veke

Under evt vart saka med påsveisa buer bak keisinga diskutert, og styret betsemde seg for å halde seg til tidlegare vedtak, sak 19/11, dvs at desse skal vekk.