Litt nytt

20. januar 2012

A/L Atløy, som eig M/S Atløy har hatt årets første styremøte i kveld. Eit bra møte, der det også møtte folk frå Atløys Venner. Oppsummert (ikkje referat);

Skrogarbeidet i Dåfjorden går etter planen, og det ser ut til at det, inkludert hekken, vil bli skifta om lag 17 kvm stål, omlag dobbelt så mykje som i fjor. 4 spant er også skifta på på BB sida, 3 på SB sida. Alle aktuelle kneplater er skifta. Frå hekken og omlag 2 meter inn i lasterommet er skroget no 100%. Truleg vil båten gå på sjøen, ferdig slippa stellt innan utgangen av månaden. Eit arbeidslag reiser til Dåfjorden onsdag i neste veke for å innstallere hjelpemotor og andre komponentar som er tatt ut for å komme til. Dette arbeidet er rekna til omlag 3 veker, så ber det heimover. Før sjøsetting vil Erik Småland og Sverre Nordmo frå Riksantikvaren ta turen og sjekke arbeidet. Vi forventar at arbeidet som er gjort dei siste par månadane på verkstad vil komme på 800 – 900.000 kroner. I tillegg kjem ein stor dugnadsinnsats med klargjering, riving og oppattbygging.

Skal vi halde båten sertifisert og i inntektsgjevande drift er neste punkt i restaureringa å ta øverste plategang på BB side og framskipet. Også under ventilane, over vannlinja, er det felt som må skiftast. Riksantikvaren krev og at spant som vart skifta på 80-talet vert skifta og bygd opp att etter «gamal metode», utan sveis. Dette vert eit omfattande arbeid, mellom anna må nok 4-mannslugaren og delar av garneringa i skutesida i salongen rivast…og byggast opp igjen. Vi forventar at arbeidet som står att med skroget vil kunne gjerast dei neste to åra og komme på omlag 2 mill NOK. Arbeidet med å få finansiert dette er sjølvsagt i gang. Vi håper å halde fram arbeidet til hausten, når sesongen er over.

Fartøyvernavdelinga hos Riksantikvaren er godt oppdatert om båten og restaureringsplanane framover, og vi er i god dialog også med Sjøfartsdirektoratet. Søknad til Sogn og Fjordane Fylkeskommune (og dermed også SAVOS) og Riksantikvaren for til saman 1,4 millionar er sendt innan fristane. Vi håper å få ei s.k. 2 års-løyving frå Riksantikvaren slik at vi kan ha litt langsiktigheit i restaureringa. Før vi får avklaring, venteleg i april, vert andelslaget nøydde til å låne omlag 300.000,-.

Rammene for sommarsesongen held på å falle på plass, og også i år er vi nøydde til å sikre inntekter frå Bergensmarknaden. Foreløpig har vi følgande plan for «utaniksfart»;

  • 1. mai oppstart
  • Veke 22 – 25 Bergen
  • Veke 29 i Bergen for daglege havneturar
  • Veke 32 Fjordsteam i Stavanger
  • Veke 33 og 34 i Bergen
  • Veke 35 oljemesse i Stavanger
  • Veke 36 og 37 i Bergen

Etter dette vert det årets høgdepunkt med ny Fjordaferd på Sogn. Dato for dette vert avklara med potet- og eplebønder i Sogn og grendalag innover fjorden. Vi har også høve til å ta korte hamneturar i Bergen alle kvardagar i  juli, men dette må avklarast.

Ludvig Grytten fører streng kontroll med dugnadstimar ombord. For 2011 er talet kome opp i omlag 9.700 timar. I tillegg vil det komme ein del på møter, reise osv, så totalen hamnar nok rett over 10.000 timar.

Styret ser med uro på stadig strengare krav til fartstid for mannskap, og forventar ei skjerping i samband med innføring av nye ISM-krav. Sjøfartsdirektoratet har snakka om dette i 2 år, men innføringa er stadig utsett. Det er no snakk om høyring og avklaring innan juli, men dette er usikkert. Når dei nye krava evt vert innført vil vi truleg berre kunne gjere oss nytte av profesjonelle sjøfolk med nok fartstid. Sjølv om våre frivillige mannskap har alle naudsynte kurs og sertifikat vil det verte vanskeleg å få nok fartstid kun basert på dugnad på MS Atløy, – det vert naudsynt å ha eit abrbeid ombord på fartøy i regulær drift for å få nok timar. M/S Atløy er ein etter forholda liten båt, med krav om tryggleiksbemmaning på 3, sjølv vi oftast er 4. Mange veteranfartøy har langt strengare krav til bemanning, og det vert spennande om alle klarer å halde fram utan grunleggande endring i drifta, ved t.d. sal og/eller meir profesjonell drift. Også på landsida vil det verte strengare krav, med døgnbemanna vakt, oppdaterte passasjerlister o.s.v.

UNI-stiftinga har løyvd oss ein god slump pengar som skal brukast på tryggleiksarbeid, t.d. brannsikring, overlevingsdrakter, kurs og materiell. Delar av midlane vil bli brukt til eit omfattande førstehjelpskurs i starten av mai for mannskap, der vi mellom anna skal lære oss å bruke den nyinnkjøpte hjartestararen (av fleire sett på som frynsegode for mannskap…..)

Som kjent har vi ikkje lenger fast kaiplass på Kolkaia, då eigar av nabokaia (den korte kaia mellom Meierikaia og Kolkaia) ønsker å leige denne ut. Med Atløy til kai vart tilkomsten til hans kai vanskeleg. På grunn av lite djupne er denne vanskelig å bruke og kaia enno ikkje utleigd. Vi lyt likevel finne oss ny plass. Sidan nordsida av Amtskaia har vore lite brukt, foreslo vi denne, både fordi det er historisk rett og fordi vi då vert naboar med SJ Svanhild. Desverre har fiskarlaget gått sterkt mot dette, og sidan vi sende søknad om plassen har det vore fiskefartøy på denne plassen nesten dagleg…..sjølv om dei nye kaiene som er lagt ut for sjarkflåten ligg tomme, med straum, vatn og alt som høyrer til. Det ser likevel lyst ut, – både ordførar og hamnesjef er svært positive, og har lova ei løysing. Om det vert nordsida av Amtskaia er likevel lite truleg.

28/3 vert det årsmøte i AL, der mellom anna rekneskap og årsmelding vert lagt fram av styret. Saker kan meldast Sølve Brændø (905 85 572). Innkalling kjem seinare.

Styremøte A/L

19. januar 2012

Det vert styremøte i A/L Atløy i morgon fredag 20/1 kl 1700 på Kystmuseet. Mellom det som skal handsamast er økonomisk situasjon, truleg må A/L Atløy be om 2 til 300.000 frå Atløys Venner for å bele verftsrekning. Det skal gåast gjennom søknad til Riksantikvar og Uni-fond, truleg er det også naudsynt å sette av 30.000 til utarbeiiding av rutinar iht til nye krav frå direktoratet, som erpå veg ut på høyring no, om ikkje lyt vi starte med los ombord! Til slutt skal dato for årsmøte settast.

Nytt frå M/S Svanøy

18. januar 2012

Haugaland Veteranbåtlag har hatt høve til å gå gjennom båten etter brannen, og har friskt mot. Dei oppsummerer slik på facebook-sida si;

Ellers litt kommentar til brannen, som jo ikke var hyggelig i det hele tatt. Sett i forhold til STORD I, så har ikke vi mistet noe, nesten. De hadde jobbet i mange år, og så brant den opp på jomfruturen. Båten er flere ganger større enn vår, og fikk store varmeskader på skroget, som har bulket den dag i dag. Likevel framstår den som et smykke nå når den er gjenoppbygd. Slikt står det respekt av! Vårt skrog er fortsatt ikke varmeskadet i det hele tatt. Jeg må vel innrømme at hadde vi vært i samme situasjon som STORD I, da hadde det vært stor fare for at vi hadde gitt opp, selv om båten vår er ganske liten i forhold.
Gjennom de årene vi har holdt på, så har vi hatt en rekke opplevelser hvor vi har vært nærmere å måtte gi oss enn denne gangen. Nå var det igen i styret som tenkte tanken en gang. Motoren står trygt på Aibel, god som ny, og kan startes når som helst.

Alt vi har jobbet med om bord er berget i land, så vi har tross alt ikke bygd opp noen ting som brant opp. Nå må vi bare fortsette å rydde opp selv om det blir på en annen måte, men vi trenger ikke merke og ta vare på noe, bare kaste. Alt som for har vi masse bilder av, og andre opplysninger. Ingen problemer med å rekonstruere noe av det.

Det største savnet er nok overbygget. Her må vi få opp noe nytt, men nå trenger vi ikke noe som er på langt nær så stort som det vi hadde, så hvis noen har noe å bidra med her, er vi svært takknemlige.

Bra det!


Dagen derpå

12. januar 2012

Det ser foreløpig ut til at gjengen på MS «Svanøy» vil fortsette arbeidet med båten, sjølv om mykje vart skada i natt.

Les meir og sjå video i Haugesunds Avis på denne lenka.

MS «Svanøy» i brann

11. januar 2012

Klokka 1800 i dag melder Haugesunds Avis at søsterskipet til MS Atløy, som vart henta frå Gibraltar i 2005, står i full fyr på land i Haugesund. Båten er overtent, og styrehus og brofront er nedbrent. Bolinderen står på land.

Svanøy i brann. Foto stp-forum.Svanøy i brann. Foto stp-forum.

Les den triste saka i Haugesunds Avis her;Haugesunds Avis

Lenke til facebook sida her; http://www.facebook.com/#!/groups/202173946252/

Fjordsteam 2013 i Bergen

6. januar 2012
fjordsteam2013Folkefest på sjø og land
Kultur – Nostalgi – Klenodier.

Arbeidet med nytt Fjordsteam starta allereie før Fjordsteam 2010 i Florø, ein kjempesuksess den vakne lesar vil hugse Atløys Venner arrangerte i jubileumsåret-. Neste stemne vert i Bergen 2013, med oppstart onsdag 31/7.

Atløys Venner er med i hovudkomiteen, mn vi ha ei litt meir tilbaketrekt rolle denne gangen.

Onsdag 31. juli: Samling for samseiling.
Lokale arrangement.Steder: Vertsfartøyer:
Norheimsund M/S «Vulcanus», M/F «Folgefonn» / M/S «Granvin»
Leirvik D/S «Stord 1″
Tysnes / Os M/S «Midthordland» / M/S «Tysnes»
Ovågen M/S «Vestgar»
Eknesvågen D/S «Oster»
Skjerjehamn M/S «Atløy» / D/S «Stavenes»

Torsdag 1. august: I rute til Bergen – åpningsfest.
17.30 – innsegling av Kysten-flåten
18.00 – 19.00 Åpningsparade
19.00 – 19.45 Åpningsseremoni – konsert for dampskip og brannbiler.
Velkomstfest for stevnedeltagere.
Dampskipskro med musikk og servering.

Fredag 2. august: Ferger og brannbiler.
09.00 Seminar om fartøyvern.
10.00 Offisiell åpning av veteranbrannbiltreff.
12.00 Offisiell åpning av fergelemmen på Munkekaien.
12.20 Et fergerikt fellesskap: Kåseri om fergekulturen i Hordaland.
13.00 M/F ”Skånevik” i rute med veteranbrannbiler til Salhus. Tilbake kl. 16.00.
13.30 – 14.30 Båttur på Fjorden – møte med Hurtigruten.
15.30 ”Skånevik” i rute med veteranbiler / busser til Salhus. Tilbake 18.00.
17.00 Bergen Brannvesen parade: Fra handvogn til Bybanebil.
18.30 Brannhistoriske utrykninger til Bryggen: 20 -30 tallet, 40-50 tallet, 60 – 70 tallet.
20.00 Totimers tur med sponsorer og gjester D/S ”Stord 1”
20.00 Åpne fjordturer med musikk og servering.
21.00 M/F ”Skånevik” Rolling Stones 50 år. Stones-fest med Rolling Clones.

Lørdag 3. august: Havnefest
Veteranskip i rute fra distriktet og til byd’n. Ankomst Vågen 10.00 – 11.00
Veteranbusser fra nord, sør og vest.
Markedsdag, utstilling av motorer, kjøretøyer og andre klenodier.
12.30 – 13.30 Kjøretøyparade.
Kvart over to (tre) Felles båtavgang.
Festivalmiddag.

Søndag 4. august: Utflukter / Kapprace / Hurtigrutedagen
Utflukter over sjø og land: Båt – tog – buss
14.00 Kapprace på Byfjorden. To klasser: Damp og motorskip
14.30 Innseiling av Hurtigruten på Vågen – åpent hurtigruteskip.
20.00 Farvel til Hurtigruten.
Avskjedsfest

Mandag 5. august: Hjemreise

Hver dag: Åpne skip, veteranturer, revy og musikk, utstilling, foredrag.

Heimeside er enno ikkje klar, men fjordsteam.no vi bli oppdatert etter kvart.

Dagmar

6. januar 2012

Så langt vi veit har det gått bra med dei fleste større veteranbåtane etter stormen, men det såg stygt ut for S/J Svanhild som låg til kai ved Haffen i Florø. Vatnet stod over kaia allereie 2 timar før full flo, og store bølger gjorde at det såg ut til at hekke ville verte kasta på kaia, med dertil skadar.

Kyrkjebåten, foto frå Høyanger KommuneKyrkjebåten, foto frå Høyanger Kommune

Ein som desverre ikkje klarte seg var den 122 år gamle kyrkjebåten bygd på Høyanger sørside, no i naust i Høyanger. Båten var i bruk i Måren fram til krigen, og var ein åttring. Høyanger Kommune vurderer å restaurere båten, som har store skadar.

Heile saka kan du lese i Firda på denne lenka.

Siste reis med Hurtigruta!

4. januar 2012

Aller siste sjanse for helgetur med M/S ”Nordstjernen”(1956)  og M/S ”Lofoten”(1964).

M/S Nordstjernen på Moldefjorden, foto Hurtigruten ASAM/S Nordstjernen på Moldefjorden, foto Hurtigruten ASA

22. mars klokka 0745 i 2012 kjem M/S ”Nordstjernen” til Florø for absolutt siste gang i Hurtigruten. 56 år i hurtigrutefart er over. Siste mogelegheit for ein kombinert helgetur med ”Nordstjernen” og ”Lofoten” Bergen – Trondheim t/r er avgang med ”Nordstjernen” frå Bergen fredag 27. januar kl. 22.30 (frå Florø til Bergen 27. januar 07.45) med ankomst Trondheim søndag morgon. Retur med sørgåande ”Lofoten” kl. 10.00 søndag frå Trondheim og ankomst Bergen måndag 30. januar kl. 14.30 (dei som kom på i Florø går av i Florø 0745).

Saman med «Fjordabåtane»  har vi reservert 22 dobbeltlugarar og 5 enkeltlugarar.
Pris t/r Bergen (eller Florø) for innvendig dobbeltlugar er kr. 2765.-, for utvendig dobbeltlugar kr. 3215.-. For innvendig enkeltlugar kr. 2915.-, for utvendig enkeltlugar kr. 3479.-. Måltid kjem i tillegg.
Prisar for mat: Frukost kr. 135.-, lunch 295.-, middag 395.-.
Elles kan det kjøpast mat i kafeteriaen om bord, og på nord har ein 3 timar i Ålesund mellom kl. 12.00 – 15.00.

Vi har med våre faste hurtigrutemusikantar Eyolf og Lars, så det kan verte både dans og allsong, i tillegg til andre artige ting vi finn på. Som på tidlegare turar med dei to ”klassikarane” rekner vi med å få besøke både brua og maskina.

M/S Lofoten, foto Hurtigruten ASAM/S Lofoten, foto Hurtigruten ASA

Få plasser ledig, vil du være med gjeld prinsippet: Først til Mølla.
Påmelding til: Øyvin Konglevoll, 95113223 / konglev@online.no

God Jul !

24. desember 2011

På vegne av styret vil leiar Leif Kvalvik ønske alle Atløy Venner ei retteleg God Jul. Det har vore nok eit godt år for M/S Atløy og Atløy’s Venner. Sjølv om driftssesongen har vore av dei dårlegaste har vi likevel klart å fortsette arbeidet med restaurering og vedlikehald og held hovudet godt over vatnet, takka være først og fremst ein formidabel dugnadsinnsats.

Frå Dåfjorden nedlasting det at platene no er på plass. I romjula vil klinkinga starte, og det er laga og kjøpt inn 2000 naglar. Det skal også halde til neste års planlagte arbeid i baugen. Foruten plater er det også skifta 4 spant. Arbeidet går etter planen, og mot slut

M/S «Skogøy» på veg heim

19. desember 2011

Den gamle rutebåten M/S «Skogøy», bygd i Drammen i 1953, og i rute i Vesterålen til 1983, er no på veg heim frå Stockholm. Båten har helde til i Sverige dei siste 30 åra, og sakk i 2009 ved kai. Heva for 3 veker sidan, og skal no pussast opp igjen.

skogc3b8y

Eit «Skogøys Venner» er stifta, og tar båten «heim» til Narvik med hjelp og støtte frå Ofoten Sparebank. Båten er på 44 meter, har 64 lugarplassar og kunne ta inntill 30 passasjerar. Den skal etter forholda være i bra stand.

Lenke til NRK si sak her; NRK si nyhende og bildeserie

Lenke til Skogøys Venner her; Skogøys Venner