Freding av M/F «Bilfergen»?

15. desember 2011

Dei fleste vil nok hugse den vesle bilferga vi har sett i Florø av og til i det siste. Ho hadde planar om å besøke oss på Fjordsteam, men måtte avlyse grunna mannskapsproblem. M/F “Bilfergen” vart bygd av Johan T Nerhus i Ølve i Hardanger i 1921. Båten var opphaveleg kontrahert som fiskekutter i 1919, men skroget vart av ymse grunnar overtatt av det nystifta A/S Aalesund Færgeselskap for å transportere bilar mellom Vestnes og Åndasnes, og vart slik landets første ferge. M/F ”Bilfergen” gjekk i drift til 1973, og har sidan mellom anna hatt tihald påp sør- og austlandet i privat eige.

bilfergen-2

Båten har hatt vernestatus hos Rikantikvaren sidan Fjord1 kjøpte ferga tilbake i 1999, men no vil Riksantikvaren frede ferga som ligg til kai i Ålesund.

Heile saka kan du lese på NRK på denne lenka.

Stangfjord

13. desember 2011

status-stangfjord

Då er det tid for ny statusrapport frå arbeidet med M/B Stangfjord frå HFS.  Fundament til ruffsidene og styrehus er no på plass, det er sett inn skott, lukekarmar og dekket er ferdig lagd. Bildet viser status pr inngangen av desember.

Heile rapporten kan ein lese her; Stangfjord rapport november 2011

Tid for julebord

9. desember 2011

Samling til julebordet vert i morgon laurdag klokka 1900 på Samfunnhuset.

Vi vert 24 glade venner. Vel møtt!

Nytt om fartøyvern 6/12

8. desember 2011

PÅ lenka under kan du lese nyhendebrev frå desember frå Norsk Forening for Fartøyvern. Les om fredinga av M/S Granvin, neste års landskonferanse, nasjonal museumshavn i Kristiansand, dåpen av Hestmanden, Bredalsholmen, Nordsstjernen og litt til.

Nyhendebrevet finn du her ; Nytt om fartøyvern 6/2011

Status Dåfjorden

8. desember 2011

Leif er no i Dåfjorden, og har vore der åleine sidan måndag. Han held på p demontere og gjere klart i lasterommet, slik at platearbeidet kan starte der så snart dei er ferdige i maskina. VV tank, punper «bad» og dusj er fjerna.

I maskinrommet står det att 2 plater. Dei er tilpassa, men skal klinkast. I lasterommet skal det skiftast 4 spant, 2 kneplater og det skal settast inn 3 nye plater. Platene vert skifta og tilpassa ein etter ein, slik at ein unngår for store hol, og for mykje kulde i båten. Det er no 15 cm snø, og minus 3-4 grader.

Leifen bur i framskipet, og har det bra!

Så snart platearbeidet er ferdig går båten av slipp, opp skal anten Midthordaland eller Vulcanus. Arbeidet med stålet er venta ferdig i februar, og  vi tippar på ei rekning på i overkant av ein halv mill.

Fartøyvernmidlar

8. desember 2011

Firdaposten og firdaposten.no har akkurat no ei sak med kritikk av den fylkekommunale tildelinga av midlar innan fartøyvernet. Det vert hevda at det er feil av fylket å ikkje bevilge pengar til dei store fartøya som høyerer heime i fylket, men i staden hje miodlane til D/S «Stavenes», som det vert hevda høyrer heime i Bergen.

Nettsaka kan ein lese her; Nettsak

Papirsaaka her; Side 7 8-12-2011

Hugs julebord

28. november 2011

Hugs påmelding til julebordet neste helg!!

Påmelding og informasjon til/frå Sander på 900 51 867.

Viktig møte

28. november 2011

Representantar for M/S «Atløy», DS «Stavenes» og S/J «Svanhild» skal i morgon møte hovudutval for kultur i Fylkestinget i Leikanger. Hovudfokus frå dei tre representantane vil være å oppmode fylkeskulturpolitkkarane om å nytte dei såkalla SAVOS midlane betre. Denne ordninga gjev det dobbelte tilbake i forhold til fylkeommunale løyvingar, utan å gå utover evt løyvingar frå Rikskantikvaren.

I dag vert det løyvd om lag 100.000,- pr år frå fylket til fartøyvern, og dei siste åra har ingen av dei store fartøya i fylket fått midlar.

Frå M/S «Atløy» stiller Sander Ødelien. Hovudinnlegget kan du lese her; Fartøyvern

Fjordsteam 2013

21. november 2011

Arbeidet med planlegging av Fjordsteam 2013 er allereie i gang, så sett av helga 1 – 5 august allereie no.

Stemner på Vågen i Bergen vert alltid ein suksess, det er noko med miljøet og intimiteten. Komiteen består av folk frå alle fartøy i Fjordabåtane, og suksessen ein har hatt tidlegare med både Fjordsteam og Nordsteam har gjort at grunnfinansiering allereie er på plass mellom andre frå Bergen Kommune. Ein vil i 2013 starte allereie onsdagen, og halde på til mandags morgon.

Atløys Venner skal i alle fall ta seg av samseglinga nordfrå, der det vert samling i Skjerjehamn onsdags kveld. Vi skal også ta oss av heimesider.

Foreløpig program finn du her , men etterkvart finn du oppdateringar på www.fjordsteam.no

Slutt for M/S «Hamen»

21. november 2011

Etter at Riksantikvaren trakk både vernestatus og tilsagn om tilskudd til restaurering klaga eigarane inn vedtaket for Miljøverndepartementet. No har klagar fått endeleg avslag.

Etter mykje om og men ser det derfor ut til at siste ord er sagt frå myndigheitshald. Miljøverndepartementet tar ikkje eigars klage på Riksantikvaren sitt vedtak om avfredning og omgjering av tilsagn om tilskot til følgje. Departementet skriv blant annet følgjande i si klagehandsaming:

«Miljøverndepartementet har gjennomgått og vurdert alle sider av saken, og har etter en samlet vurdering kommet frem til at det ikke foreligger grunnlag for å oppheve eller omgjøre Riksantikvarens vedtak.»

Dermed ser det ut til at historia kring det omstridde trøbleskipet, som framleis ligg til kai i Iddefjorden i Sverige, syng på siste vers.

Les departementets lærerike og lange avslag her