16. november 2011
Hardanger Fartøvernsenter melder om følgande framdrift i oktober;
I oktober måned har vi fortsatt det kompliserte arbeidet i fronten av styrehuset, satt opp skott i framskipet og lagt dekk på hovednivå. Videre framover fortsetter vi med arbeidet med “styrehusfundamentet”, og vil legge dekket på bakken. Etter det må vi muligens ta en stans i arbeidet da pengene løper mot slutten.
| Ingen kommentarar »
9. november 2011
Laurdag 10/12 vert det julebord på Samfunnshuset i Florø for dugnadsgjengen. Vi er normalt 20 – 25 stykker.
Påmelding til Sander på telefon 900 51 867
| Ingen kommentarar »
9. november 2011
Etter at båten kom på land måndag i forrige veke, og skikkelig innpakka, tok «karane» avspasering og har vore heime ei veke. I mellomtida har verftet starta på ein del stålarbeid over vannlinja i hekken. Dette arbeidet er venta å være ferdig i slutten av neste veke.
I går reiste Ludvig, Leif og Moldestad`en ned igjen. Hjelpemotor og dagtank for olje til styremaskina er no flytta fram i rommet, og det er snart klart til å starte arbeidet i skutesida. I morgon skal pumpa til styremakina flyttast, og dei reknar med å være meir eller mindre klar til helga.
Ludvig blir igjen over helga, og skal mellom anna vaske kjølen og litt andre ting som lyt gjerast.
| Ingen kommentarar »
8. november 2011
M/S Atløy får 50.000,- i økonomisk støtte frå Stiftinga UNI til brannsikring, overlevingsdrakter og fleire livvestar for born om bord. Stiftinga UNI gjorde slikt vedtak på styremøte 28. oktober i år.
Vi er sjølvsagt takksame for det!
Svanhild fekk også midlar til nye segl (200.000), og elles i fylket fekk Futegarden på Bruland i Førde midlar til restaurering av eldhus og garden Nigarden i Aurland 100.000,- til restaurering av tømmerlåve.
| Ingen kommentarar »
2. november 2011
Det ser no ut til å nærme seg slutten for M/S Hamen hos søta bror, etter års samanhengande skandaler. I følge länstyrelsen må båten vekk innan 15. desember, -om ikkje vankar det 100.000,- i båt/månad
Den gamle nordsjøbåten har i fleire år loge i Iddefjorden i opplag på svensk side. Etter at dei mista vernestatusen, mista dei i sommar også om lag 2 mill i støtte frå Staten, og vart til lsutt kasta ut av Norsk Forening for Fartøyvern for nokre veker sidan.
Les heile saka på NRK sine sider på denne lenka.
| Ingen kommentarar »
27. oktober 2011
I ei pressemelding i dag melder Riksantikvaren at vår gode «venn» og søsterskip frå HSD gjennom «alle» år er freda;
«Med fredinga av M/S Granvin vert ein viktig representant for Noregs maritime kulturarv teke vare på. Skipet er eit av særs få attverande bilferjer i Noreg frå tida då bilferdsla og utbygginga av eit moderne vegsystem enno var i emning, seier riksantikvar Jørn Holme.»
M/S Granvin vart bygd på Mjellem&Karlsen i Bergen i 1931, og vart bygd for passasjer- og biltrafikk i det viktige riksvegsambandet mellom aust- og vestlandet gjennom indre Hardanger, og er derfor også ein av våre eldste riksvegferjer. Skipet kunne frakte 150 passasjerar og tre bilar på dekk. M/S Granvin vart erstatta av eit større skip alt i 1938, men heldt fram med lokalruter i indre Hardanger heilt framm til 1987 for HSD.
Året etter tok Veteranskipslaget Fjordabåten over skipet. Les pressemeldinga frå Riksantikvaren ved å trykke på denne lenka.
| Ingen kommentarar »
27. oktober 2011
NFF sitt «Nytt om Føyvern» nummer 5 er no ute. I denne utgåva kan du mellom anna lese referat frå Årsmøtet, der mellom anna Sjøfartsdirektoratet meldte at det ligg an til ei forenkling av reglane for veteranfartøy frå juli 2012. R/S «Stavanger» er sett på land i Oslo for godt, og R/S «Idun» har fått Forbundet Kysten sin pris for best vedlikehaldne fartøy, ein pris vi fekk for omlag 10 år sidan.
«Nordstjernen» er til salgs, «Skibladner» får ny skorstein, «Brottsjø» er sjøsatt og Kongen har vore ombord i «Hestmanden». Vil du på tur til Brest kan du også lese om dette i Nytt om Fartøyvern 5/2011
| Ingen kommentarar »
26. oktober 2011
Etter ønske frå fleire av veteranskipa på vestlandet om ein felles organisering for å ta vare på felles oppgåver og profilering vart foreininga Fjordabaatane formelt stifta 30/3 i år. I vedtektene kan ein lese følgande formålsparagraf;
«Formålet til organisasjonen er å fremme samarbeid mellom medlemsskipene, fremme felles saker overfor offentlige myndigheter, være et forum for veteranfartøy i regionen rundt Bergen, samt å stå for felles arrangementer og profilering. Samarbeidet kan også omfatte markedsføring, salg, innkjøp, bemanning og andre administrative oppgaver.»
9 av fartøya på vestlandet er for tida medlemm, og forutan M/S Atløy finn ein M/S Granvin, D/S Stord, D/S Stavenes, M/S Vestgar, M/F Skånevik, M/F Folgefonn, M/S Midthordland og T/B Vulcanus. D/S Oster har foreløpig ikkje funne grunn til å melde seg inn.
Fjordabåtane har mellom anna fått retten til Fjordsteam-namnet frå Atløy, men Fjordsteam skal arrangerast av ein eigen organisasjon med deltakarar frå kvar båt. Neste Fjordsteam vert første helga i august i 2013 i Bergen.
Nokre gonger i år samlast ein i eit fellesmøte, og frå Atløy er det leiar i A/L Atløy (Sølve Brændø) som møter. Referat frå dei siste fellesmøte finn ein under;
Referat fellesmøte Fjordabaatane 30/03/20111
Referat fellesmøte Fjordabaatane 25/08/2011
| Ingen kommentarar »
24. oktober 2011
Styret i Norsk Forening for Fartøyvern har vedtatt å ekskludere Hamen frå foreinga. Frå før av var Hamen suspendert frå foreininga etter eit møte i september i år – skipet miste også vernestatusen av Riksantikvaren i sommar.
Det er dei mange negative oppslaga rundt skipet som får Fartøyvernforeininga til å reagere, melder nrk.no.
Heile saka kan du lese på nrk ved å trykke på denne lenka.
| Ingen kommentarar »
21. oktober 2011
Då melder Gerhard I Bakke at skuta er vel fortøgd på Jensaneset i Sagvågen på Stord. Ankomst var omlag 1330 i går.
| Ingen kommentarar »