På sør

20. oktober 2011

Måndag forlot M/S Atløy Florø, med teltet på, og gjekk rett til Sabben i Bergen for reparasjon av ny hjelpemotor. Rett før Fjordaferda vart hjelpemotoren skifta med ein ny, av same type som den vi hadde. Den gamle gjekk ujamnt og brukte mykje olje, og det hasta med å få den reparert før Fjordaferda. Då vi fekk ein ubrukt av same type til ein svært god pris gjekk vi i staden for dette, truleg langt rimelegare på litt sikt. Den har tidlegare skulle vore brukt på eit oppdrettsanlegg, men er altså ubrukt. Den var ikkje marinisert, eit arbeid vi tok sjølve. Den nye motoren lak olje, og det var derfor naudsynt å ta ein sjekk hos Sabben. Arbeidet er utført, og den nye motoren mel iflg Leifen som ein katt.

I dag til middag var dei i Langenuen, og er venta inn til Jensaneset i Sagvågen på Stord om lag klokka 1400. Her skal det gjerast littt trearbeid, mellom anna skal det takast att litt arbeid på dei nye livbeltekassane. Det er også ein liten lekkasje ein plass mellom styrehuset og byssa, som ekspertisen på Jensaneset truleg vil finne ut av.

Oversiktsbilete over den gamle verven på Jensaneset

Måndag ber det til Dåfjorden og venteleg rett på land.

Meiningslaus sulteforing

19. oktober 2011

Veteranbåtane på vestlandet representert ved M/S Atløy, M/S Granvin, D/S Stord, D/S Stavenes, D/S Oster, M/S Midthordland, M/B Arnefjord, M/S Vulcanus, M/S Vestgar, M/F Skånevik, M/F Folgefonn, S/J Svanhild og S/J Mathilde har gått saman om ein felles uttale kring forslaget til statsbudsjett.

 

Sigbjørn Johnsen, FinansministerSigbjørn Johnsen, Finansminister

 

I uttalen målber ein fartøyas undring over at det vert kutt i fartøvernmidla, trass lovnad om satsing på fartøyvern og kystkultur.

Uttalen kan du lese her meningsløs sulteforing

Framdrift på D/S Stavenes

15. oktober 2011

isbryterbaugen-mRelativt lite har skjedd med «Stavenes» sidan Fjordsteam i Florø i 2010. No er ting på gang og Veteranskipslaget Stavenes har no brukbart med midlar tilgjengelig etter at mellom anna Sogn og Fjordane Fylke har brukt det meste av sine fartøyvernmidlar til nettopp DS Stavenes. Båten har det meste av historia si  i fylket, men høyrer no til i Bergen.  Alt ligg no til rette for vidare framgang.

Måndag 15. august gikk «Stavenes» opp på slippen i Dåfjorden. Laurdag 20. august var det tid for dugnad. Iherdig innsats i tidsrommet 09.30 til 18.30 fra Atle, Magne, Hallstein, Harald og Øyvin sparte laget for tusenvis av kroner, og ein fekk fjerna heile dørken i aktersalongen og båre på land. I tillegg vart ballastmasse fra maskinrom båre ut.

 

Fire veker på slippen i Dåfjorden, med fjerning av gamal ballast, fjerning av tankar og skott, og avsluttande sandblåsing og priming gjev synlege resultat. Utanpå priminga kjem det eit strøk med maling. 400 liter maling gjekk med.

Der det før var skit og rust er det no lyst som i eit kapell, og ikkje minst gjer denne behandlinga at skroget på innsida no er godt bevart for ettertida, slik det for nokre år sidan var gjort med utsida. Dåfjorden Slipp har stått for uttak av ballast og fjerning av stål, mens Fitjar Sandblåsing er innleigd til sandblåsing og malingsjobben.

maskinrom-b

Med stor spaning lurte gjengen på korleis tilstanden var på stålplatene frå 1904 bak betongen. Til stor glede er dei i forbausande god stand, og bekreftar at «Stavenes» var eit sers solid bygd skip då det vart sjøsett i Bergen i 1904. Det vidare arbeid går ut på å forbereda innsetjing av dampmaskin og kjel.

Fleire bilder frå dugnaden og maskinrommet etter sandblåsing og malilng finn du på Stavenes sine heimesider ved å trykke her!

Mot vinter

14. oktober 2011

I går var det ein vakker dag i Florø (som vanleg er), og i strålande haustvær vart siste rest av preseninga lagt på. Preseninga ha i år fått innsveisa vindauge frå brua, slik at det vert litt meir trivelig på brua under opplag.

Planen vidare er å gå til Dåfjorden kommande måndag  via Bergen. I Dåfjorden skal det skiftast stål i plategang B, C og D på styrbord side. Før den tid skal mellom anna vinsjemotor takast vekk for å komme til. Dette skjer på dugnad. Om tid og pengar strek til, noko som ikkje er truleg, startar vi heilt framme under ankerklysset, der det også skal skiftast ein del stål.

Preseninga komen på, 13/10Preseninga komen på, 13/10 Ludvig G kikkar ut frå styrehustaketLudvig G kikkar ut frå styrehustaket Leifen i siget på båtdekkLeifen i siget på båtdekk

 

Arbeid på styrehustaketArbeid på styrehustaket

NFF og statsbudsjettet

12. oktober 2011

logo-nffNFF hadde årsmøte sist helg, og kom med følgjande resolusjon, som ikkje overraskande,  ikkje er særlig imponert over forslaget til statsbudsjett;

 

Stor skuffelse! Ingen økning til fartøyvernet i statsbudsjettet for 2012.
Forventningene var store i fartøyvernmiljøet etter løfter i Nasjonal verneplan for fartøy som ble lansert av miljøvernministeren i desember 2010. Med bakgrunn i at bevilgningene til fartøyvern har stått stille de siste tre årene hadde fartøyvernet regnet med et løft i 2012 og framover. I statsbudsjettet kan det se ut som det er en økning på 1,7 mill. kr, men dette er driftsstilskuddet til Norsk Forening for Fartøyvern som i år er flyttet over til denne posten. Det er et stort behov og etterslep og mange fartøyer venter på tilskuddsmidler. Årsmøtet i Norsk Forening for Fartøyvern ser med stor uro på at bevilgningene til dette viktige kulturminnearbeidet i realiteten har gått ned de siste 3 årene, da det heller ikke er gjort justeringer for prisstigning, og som nå foreslås videreført i statsbudsjettet 2012.

Heimesidene til Norsk Forening for Fartøyvern finn du her; Norsk Forening for Fartøyvern

Julebord 10/12

11. oktober 2011

Sett av laurdag 10/12 til julebord på Samfunnshuset i Florø. Ser ut til at vi får ein svært bra pris (400,- for mat og dans) med Bistro som takk for godt samarbeid i året som har gått. Vi er normalt 20 – 25 stykker.

julebord

Foreløpig påmelding til Leif på telefon 412 52 909.

Kysten og statsbudjsettet

11. oktober 2011

header_ny

 I ei pressemelding skriv Forbundet KYSTEN at dei synest statsbudsjettet for 2012 viser lita forståing for det etterslep som kystkultur og fartøyvern har hatt innan kulturminnevernet.

«Det var ingen økning av bevilgningene i år og heller ikke i neste års budsjett. Det betyr at den stemoderlig behandlede kystkulturen vil fortsette å være stemoderlig behandlet.»

Forbundet reagerer også på at det ikkje vart nokon opptrapping av momskompensasjonsordinga for frivillige organisasjonar:

«Det kan få alvorlige konsekvensar for mange frivillige organisasjoner som har innrettet seg etter regjeringens løfte om en trinnvis økning opp til 1,2 milliarder kroner i 2014»

står det vidare i pressemeldinga.  Heile pressemeldinga kan du lese her; pressemelding Forbundet Kysten

D/S Hestmanden 100

10. oktober 2011

Den 23. september 2011 feira Hestmanden 100 år. Same dag vart det nyrestaurerte skipet tatt ut av dokk på Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand, der båten har vore svært mykje lenger enn planlagt (19 år). Motor er ikkje restaurert, det ville bli for dyrt.  Totalt er det brukt 73,5 millionar på restaurering av det gamle skipet, det meste er gått til Bredalsholmen.

 hestmandenfotobredalsholmendokkogfartyvernsenter

Hestmanden er i dag det einaste flytande skip frå Nortraship sin flåte på over 1000 skip og dermed eit av våre viktigaste maritime kulturminner.

Hestmanden er viktig og unik av mange årsaker. Som museumsskip og minnesmerke over krigsseilernes innsats gjennom to verdenskriger vil Hestmanden bli en viktig formidler av vår krigshistorie til stadig nye generasjoner, seier riksantikvar Jørn Holme.

Fredag 23. september var det nøyaktig 100 år sidan D/S Hestmanden vart sjøsatt. Skipet vart opprinnelig bygd ved Laxevaags Maskin- & Jernskibsbyggeri i Bergen. Skipet har vore ein trufast slitar i norsk kystfraktefart, aktør i fleire hevings- og bergingsprosjekt og ikkje minst fraktemann gjennom to verdskriger. Dei siste 45 åra har Hestmanden anten vore i opplag eller under restaurering. Skipet er i dag eid av Stiftelsen Hestmanden.

Styremøte i A/L Atløy

6. oktober 2011

Styret i A/L Atløy var samla til møte torsdag 6/10 på Kystmuseet. Av saker som vart diskutert var:

  • Søknad til UNI stiftinga, fylke og Riksantikvar
  • Restaureringsplanar for vinteren
  • Samarbeidet med Atløys Venner
  • Ny hjelpemotor
  • Stiftinga Fjordabåtane
  • Oppmoding frå Riksantikvaren om å fjerne dei halvrunde platene i akterkant av keisinga.

Kaisituasjonen vart også diskutert, og Rolf Grønnevik fekk mandat til å føre samtalane på Atløy sine vegne andsynes ordførar og hamn.

På flyttefot

5. oktober 2011

Som mange vil ha fått med seg ligg M/S Atløy no på Torgkaia/Amtskaia/Haffen.

Bakgrunnene er at det gamle «Toll-lageret» som vart bygd på 30 talet vart rive i førre veke.  Atløys Venner har velvillig fått låne plass i denne bua fram til no av eigar Leif Stafsnes. Kai-eigar skal no leige ut kaia framfor den tidlegare bua. I fleire år har hekken til Atløy tildels sperra tilkomst til denne vesle kaia, og vi må derfor forhale lenger fram, slik at det er høve å komme til for leigetakar. Det er det ikkje plass til, og vi lyt derfor finne ny plass.

Kaia til Fylkesbaatane i Florø var i årevis utgangspunkt for eit nett av lokalruter i Sunnfjord og langs kysten. I andre høgda låg Hamnekafeen - Haffen.Kaia til Fylkesbaatane i Florø var i årevis utgangspunkt for eit nett av lokalruter i Sunnfjord og langs kysten. I andre høgda låg Hamnekafeen - Haffen.

Foreløpig har vi fått løyve til å nytte nordsida av Amtskaia, og ligg fint der saman med S/J Svanhild. Vi har også via ordførar bedt om ein dialog for å finne ei varig løysing for båten. Både ordførar Bengt Solheim-Olsen og hamnesjef Audun Korneliussen har vore svært imøtekommande, og det er gode utsikter til å finne ei løysing innan M/S Atløy kjem tilbake frå Dåfjorden i janua, der ein del dårleg stål skal skiftast ut. Avgang vert om nokore dagar.