Bergen Kystlag kasta ut

5. oktober 2011

Bergen Kystlag har vore ein viktig forkjempar for vestnorsk kystkultur i 28 år. No vert dei kasta på sjøen av kulturbyråd Harald Hove, melder Bergens Tidende. På åtti- og nittitallet bidrog kystlaget til at fem freda sjøbuer i Sandviken vart rehabilitert. Dei har siden då helde til i to av dei der dei har drive eit kystkultursenter – men lokala har sakte men sikkert vorte mindre. I april vart dei tilbudt «to små rom utan vindu».

sandviksboder

Bakgrunnen for utkastingsvedtaket skal være ein langvarig konflikt mellom kystlaget og «Fellesenheten ved Sandviksboder Kystkultursenter AS», selskapet som forvaltar dei freda sjøbuene i Sandviken.

Les heile saka og debatten i BT her!

Restesalg i Florø

30. september 2011

I morgon laurdag avsluttast Fjordaferda i Florø. Vi har snart seld 11.ooo kgs poteter, 600 kgs nepe, 600 kgs gulrøter, 200 kasser eple og 4 tønner spekesild, forutan klippfisk og frosen brosme.

haust1Likevel vil det være varer igjen til salget i morgon. Vi har i alle fall frossen filet av brosme, klippfisk, litt Kronprins-eppler og litt Lærdalspotet. Spekesild og kålrabi er det tomt for, og gulrøter er det også mindre av, men litt kan det hende det vert att etter dagens tur til Grytøyra, Bulandet og Askvoll.

Alle som har bestilt varer vil få det dei har bestilt.

I morgon kjem vi til å ligge ved Haffen, ikkje på den vanlege kaiplassen. Det kan hende vi vert ein halv time sein til kai.

Strandsitjardagane

23. september 2011

I går kom Fjordaferda og M/S Atløy til den vakre bygda Solvorn i Lustrafjorden. I dag er det lasta epler, og i morgon fortsett handelen med fisk og fiskeprodukt ved kai under Strandsitjardagane.

Solvorn var på 1800-talet ein viktig handelsstad, og folk valfarta hit for å selja varer og tjenester. Til lilks med MS Atløy la båten frå Bergen til kai der og fiskebåtane låg tett. Ut frå dette vaks det ein kallar for strandsitjarmiljøet. Strandsitjarane var fattigfolk som slo seg ned i strandkanten, skreiv husmannskontrakt med bøndene og jobba som lausarbeidarar og handverkarar. I 2010 arrangerte Solvorn bygdelag, med stor suksess, disse dagane for fyrste gong, og som i gamle dagar valfarta folk hit. I år gjentek dei suksessen med opne hus, sal av lokale produkt og teater. Så kom igjen å bli med når me går over 100 år tilbake i tid.

solvorn20ca201915

Solvorn har historie som handelstad, kyrkjestad, tingstad og sete for sorenskrivaren i Indre Sogn. Bygda har vore kyrkjestad sidan mellomalderen, fyrste gongen Solvorn-kyrkja er nemd i kjeldene er på 1300-talet. Rundt 1865 var det tre handelsmenn og to bakarar i Solvorn, og staden var naturleg å reise til for folk på Hafslo og omliggjande bygder når dei skulle selje eller kjøpe noko. Staden hadde glansperioden sin medan fjorden var viktigaste ferdselsåra, sidan, når vegen kom og bilane tok over, ligg ikkje Solvorn så sentralt til lenger.

Båten er open for handel stort sett heile dagen, og på ettermiddagen vert det fjordtur med lokal guide.

Rute for Fjordaferda finn du her; Reiserute

S/J Svanhild til Skjerjehamn

23. september 2011

For dei som vil være med til Skjerjehamn neste helg er det høve til å være med S/J Svanhild frå Florø fredag ettermiddag, retur søndag. Påmelding til 992 94 623. Prisen er 1.000,- som inkluderer alle måltid og overnatting ombord.

svanhild1

Svanhild er i dag eit av dei mest autentiske restaurerte fartya i Noreg, og har heimehamn i Florø.  Ho vart bygd som Hardanger-jakt i Stangvik nær Surnadal på Nordmøre i 1889.

Skjerjehamn

20. september 2011

På grunn av ei mistyding mellom oss og «Bergensgjengen» v/MS Granvin om dato, vert den planlagde krabbefesten andre helga i oktober avlyst frå vår side.

skjerjehamn_1

Bergensgjengen vert å finne i Skjerjehamn første helga i oktober, men M/S Atløy held då avslutning av Fjordaferda i Askvoll/Flora og rekk ikkje fram. Laurdag vert det krabbefest med dans til levande musikk i pakkhuset.

For den som likevel vil ta turen er det sikkert råd å finne overnatting på Skjerjehamn denne helga. Kontakt Barbro på «hotellet» (mobil 913 99 021) eller ein av båtane. SJ Svanhild frå Florø skal også til Skjerjehamn denne helga. Med bil tar det med den nye brua ikkje stort meir enn ein time frå Oppedal.

Vi kan som sagt ikkje være med. Desverre!

M/B Stangfjord

20. september 2011

Status pr slutten av august; bilde HFS

Arbeidet på HFS starta opp att i mai, etter stillstand sidan desember 2010. Mellom anna er skroget no huda ferdig, dårlege spant er skifta ut,  kri,  for- og akterstemn er skifta og ny kjøl er sett inn. Det er starta på garnering og dekksbjelkar og -kravellar.

Månadsrapporten frå Hardanger Fartøvernsenter med mange bilder finn ein på denne linken!

Vågsberget freda

19. september 2011

For nokre år sidan var MS Atløy ein flittig gjest på Vågsebrget, men dei siste åra har det vorte mindre. Staden er no freda iflg Riksantikvaren sine heimesider;

Vågsberget, foto Geirr Olva Gram, Riksantikvaren

Vågsberget er ein særprega og intakt handels- og gjestgjevarstad som vart bygd opp kring slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet, med historie bakover til 1600-talet.  – Vi er glade for at Vågsberget no er freda for ettertida. Staden er ein framifrå representant for norsk kystkultur frå ei tid der sjøen var ein viktig handelsveg, seier riksantikvar Jørn Holme. – Vågsberget ligg i eit uforstyrra natur og kulturlandskap og er ein av dei best bevarte handels- og gjestgjevarstadane på Vestlandet, fortel Holme. Fredinga omfattar sju bygningar, deriblant hovudbygningen, som er oppført i overgangen til 1800-tallet. Vågsberget var ein av dei viktigaste handels- og gjestgjevarstadane på Vestlandet, fordi den låg svært lagleg til ved dei rike fiskefelta kring Vågsvåg og Torskangerpollen. 

Vågsberget har ei sterk historisk tilknyting til Bergen. I 1636 kom handelsborgar Didrik Fester frå Bergen til Vågsberget, for å drive gard og handel. Dette visast også i arkitekturen, da bruken av liggande panel i heile anlegget er karakteristisk for byggeskikken på Vestlandet som blei inspirert av bergenske byhus.

Opphavleg låg Vågsberget under garden Våge, men vart på 1700-talet skilt ut som eigen matrikkelgard. I sjøhusa på Vågsberget har det vore krambu og annen verksemd knytt til fiskeri og handel. Kystmuseet i Sogn og Fjordane har i dag ansvaret for drifta av eigedommen.

Kjelde; Riksantikvaren sine heimesider

Bøker og fisk

17. september 2011

I morgon søndag klappar Fjordaferda til kai i Fjærland, og vil ha utsal frå 10-13. Søndag er også siste opne dag for «Bokbyen», og dei vil ha halv pris på alle bøker både laurdag og søndag. Meir kan du lese på bokbyen sine sider her.

Turen gå deretter til Balestrand. Det er høve til å følgje Atløy ut fjorden for dei som ynskjer det.

Marknad i Feios

17. september 2011

I dag er det marknad i Feios, og allereie klokka 0945 var det bra med folk på kaien…og salet startar ikkje før 1000. Også i går kveld var det bra med folk i Sørbøvåg.

Ny rute; Årdal og Sørbøvåg

8. september 2011

På grunn av dårleg kai må Offerdal desverre gå ut av ruta. Inn kjem Årdalstangen, og vi tar også med oss Sørbøvåg på tur inn fredag 16/9 frå 1830 – 1930. Laurdag 17/9 vert det marknad på kaien i Feios.

Oppdtaret rute finn du her; reiserute-2011-oppdatert-88