Fylkeskommunale Fartøvernmidlar

19. april 2011

Hovudutvalet for kultur i fylket gjorde i møte 16. mars i år vedtak om å løyve kr. 100 000,- til fartøyvern for 2011. Dette vedtaket utløyse ein tilsvarande sum statlege midlar etter SAVOSmodellen.  Samla tilskot til fartøyvernet i fylket for 2011 vert då kr. 200 000.  A/L Atløy har sjølvsagt også søkt om midlar frå denne potten.

Hovudutval for kultur har i sak 0016/11, gjort slik fordeling av midlar ttl fartoyvern:

  • M/S Stangfjord (eigd av Askvoll kommune) kr 100 000
  • D/S “Stavenes” (eigd av Veteranskipslaget Stavenes) kr 100 000

Vi er sjølvsagt glade på dei andre laga sine vegne, men registrerer med undring at det desverre  heller ikkje i år vart midlar til M/S Atløy. Laget har god aktivitet med omlag 15.000 timar årleg dugnad, og kan vise til stabil innsats gjennom mange år i å ta vare på dette, for fylket, viktige kulturminnet. Vi klaga på tildelinga i 2010, men har enno ikkje fått svar.

Fjordabåtane stifta

1. april 2011

25-117-im-rightphoto-36751Etter eit krevande møte med mange følelsar vart organisasjonen Fjordabåtane stifta på eit møte onsdags kveld på den gamle brannstasjonen i Bergen sentrum. Organisasjonen vil fremme samarbeidet mellom fartøya, arbeide felles mot offentlege myndigheiter og hamn og være eit uforpliktande forum for fartøy med tilhold og/eller opphav og historie frå Bergen. Organisasjonen kan også frive felles marknadsføring og lage felles arrangement.

På møtet melde fre båtar seg inn, og det ser ut til at dei fleste blir med. Dei einaste som tydeleg har signallisert at dei lyt ha ein ny diskusjon kring eit evt medlemmsskap er DS Stord og DS Oster. Venteleg vil MS Atløy slutte seg til på ærsmøtet som vert kommande mandag.

Atløys Venner vil nok gi rettane til namnet Fjordsteam til organisasjonen, og det ligg ikorta at organisasjonen vil stå bak eit Fjordsteam i Bergen i 2013. Mellom anna har Bergen Kommune allereie gjeve 1 mill kroner til arrangementet…..før ein organisering er oppe og går.

Vedtektene til Fjordabåtane finn ein her.

På tur heim!

30. mars 2011

Endeleg vart vi ferdige etter mykje godt arbeid frå både vår og verftet si side. Alt har godt etter, eller betre enn, planen.Fredag i 1600 tida gjekk MS Atløy frå Dåfjorden til Jensaneset / Sagvåg og har vore der til i dag onsdag.

 

På tur inn til Jensaneset 2011. Foto Gerhard BakkePå tur inn til Jensaneset 25/3 klokka 1800 2011. Foto Georg Bakke

 

I dag på tur til Leirvik, der vi legg oss utanpå MS Granvin for natta. I morgon føremiddag kjem Olav Vedøy frå Wichmann på Rubbestadneset ombord for å måle kompresjon på alle sylindrar etter pålegg frå Skipskontrollen. Det er forresten ingen grunn til å tru at noko er feil eller at det er lekkasje.

På ettermiddagen i morgon er planen å klappe til kai i Bergen, før turen går til Florø fredag…..og då er det ikkje lenge før våren er i full gang med køyring. Framover mot påske vert det maling og stell, og preseninga ryk av dei første dagane. Første tur er booka inn til rett over påske til Nordfjord, med nye mannskap og «mini-Fjordaferd» for nye mannskap. Kom gerne nedom for kjaffi eller for å ta del i arbeidet!

Hugs vennekveld i dag

11. mars 2011

I dag er det vennekveld på Kystmuseet kl 1900. Forutan mat og oppdatering frå Dåfjorden vert det eit foredrag frå Trond Strømgren om ei svært spanande sjøreise. Vi avsluttar med øl frå Kinn Bryggeri og litt suppe.

Ferdig med stålarbeidet

11. mars 2011

Ludvig melder at stålarbeidet no er ferdig i Dåfjorden. Platene er komne på plass og ferdig klinka, og malingsarbeidet vil verte ferdig måndag-tysdag. Stikkebenken er også på plass og montering av hjelpemaskin og agregat startar fortløpande. Truleg vil vi gå på sjøen att neste fredag, og deretter vert det retur til Florø når alt monteringsarbeid er ferdig. Dato for dette er ikkje sett.

Ludvig er som sagt ombord, og blir ombord til båten er vel heime. Idar var nøydd å reise heim i dag, Leif kjem ombord onsdag i neste veke.

Status frå Dåfjorden

22. februar 2011

Steinar i Dåfjorden melder at alt går etter planen. Ingen overaskingar så langt og plateskiftet er omlag halvegs ferdig, dvs at 3-4 kvm er skifta og klinka allereie. Idar og Ludvig er no i Dåfjorden og føl opp arbeidet og startar så smått med maling og ferdigstilling.

dsc01100

Vidare skal sjaklar i ankeret skiftast, så det lyt ut. Ein del skal også skiftat under pullertane framme på dekk. Kvart 5te år skal tjukna på heile skroget målast, og dette vert også gjort før sjøsetting. Steinar reknar med at det vil ta «nokre veker» før alt er klart….og då følger vi planen med god margin!

Stormøte

22. februar 2011

25-117-im-rightphoto-3675I lengre tid har fleire av dei større fartøya med tilknyting til Bergen hatt eit uformelt samarbeid under namnet Fjordabåtane. Kommande torsdag vill ein søke å formalisere dette samarbeidet gjennom stifting av organsasjonen Fjordabåtane. Møtet vert halde i selskapslokala i den ærverdige Skansen Brannstasjon. Ein skal mellom anna diskutere omfang, vedtekter, felles arrangement for sommaren og diverse anna.

Med på møtet vert folk frå MS Atløy, MS Granvin, DS Stavenes, DS Stord, MS Midthordland, MS Vestgar, MS Tysnes, MF Folgefonn, MF Skånevik og TB Vulcanus. DS Oster har bestemt seg for ikkje å være med. MS Atløy vurderer medlemsskap og diskuterte dette på styremøte måndag denne veka. Leif stiller frå oss, og har alle fullmakter.

Forslag til vedtekter finn ein her.

Ope møte 11/3 kl 1900

7. februar 2011

For å dra i gang sesongen, treffast, preike skit og dele nytt inviterer vi alle interreserte til ope møte på Kystmuseet i Florø fredag 11/3 klokka 1900. Vi vil her informere om

  • Det svært gode miljøet ombord
  • Turen til Nordfjord i april
  • Status på restaureringsarbeidet
  • Korleis er det å være mannskap på Atløy

Forfattaren Trond Strømgren vil halde ei multimediaforestilling frå ein eventyrleg tur han hadde med båt mellom anna gjennom Cheauchesco sitt Romania via Svartehavet til Korsika. Svært få normenn har gjennomført denne reisa, og forestillinga har aldri før vore vist i Florø. Passar for både unge og eldre!

Vi avsluttar med suppe og øl «medan drøsen går om åndelege ting.»

Det er gratis inngang og alle som har interesse for MS Atløy er hjarteleg velkommen til å delta. Nye medlemmer er spesiellt velkommen!

Tur til Nordfjord

7. februar 2011

Etter at Fjordaferda vart omlagt har vi berre i liten grad vore innover Nordfjorden. Vi er ofte i Måløy, men er sjeldan lenger innover.

fjordaferda2

For å bøte på dette, og vise fram den stolte skuta vår, planlegg vi derfor tur innover fjorden  frå 26/4 til 30/4.  For å gjenskape litt av den gode Fjordaferdstemninga  kjem vi sikkert til å ta med «banan og brosme»  for sal undervegs. Litt av målet med turen er også å ta med evt nye mannskap til opplæring ombord. Har du lyst til å bli mannskap, men føler deg usikker på om dette er noko for deg er du derfor hjarteleg velkommen til å bli med desse dagaen. Vi garanterer ein minnerik og sosial tur!

Rute er enno ikkje klar, og vi er opne for forslag alle slag til både stoppestader og ruter. Ta kontakt på 900 51 867 eller 412 52 909 om du har forslag eller vil være med.

Program Flensburg

3. februar 2011

Då er program og prisar til Flensburg Damprundum klart. Programmet finn du her;  tur-til-flensburg

Meir informasjon og påmelding til veteranbuss- og veteranbåtentusiast Torfinn Svedal på telefon 907 59 830