12. oktober 2010
Idar, Ludvig, Kjartan, Leif og Johannes har brukt dei siste par dagane til stativet og vinterpreseninga. Både akter og på styrehuset er preseninga no komen på, og i morgon onsdag kjem preseninga framme på….då vert det vinter i Florø.
Planen er å gå til Bergen onsdag i neste veke, deretter til Steinar Andersen og Dåfjorden Slipp på fredag eller laurdag. Med det same ein kjem ned vil ein starte med å demontere og flytte hjelpemotoren fram i lasterommet. Skottet må ned, og stikkebenken, kjølarar og verktøy må også av vegen. Dette arbebidet vert gjort på dugnad. Så snart ein kjem opp på slippen skal plategangen i overkant botn/skuteside mellom maskinromskotta skiftast.
Nett no ligg MS Ekar på slippen. Dette er opprinnelig ein loggar (seglande fiskefartøy) frå Holland bygd i 1915. Denne båten gjekk 50 år i fraktefart på vestlandskysten, og har sidan 2005 høyrt heime i Haugesund. I 2009 skifta og klinka dei platene på SB sida av båten, i år skal dei skifte andre sida. Arbeidet er mykje likt det som skal gjerast på MS Atløy, sjølv om utgangspunktet nok er mykje betre hos oss.
I Dåfjorden er det spanande å være, og mange båtar ventar på pengar og arbeid der. For tida ligg MS Ekar, DS Stavenes, MF Folgefonn og MS Tysnes ved kai, og utover vinteren kjem det nok fleire til. Har du lyst på ein tur å ta del i arbeidet, er det sjølvsagt velkomment. Det vil stort sett være folk ombord, men ring gjerne Leif på 412 52 909 på førehand for å sjekke kven som er ombord.
4. oktober 2010
I helga gjekk turen til Skjerjehamn med tilsette i Firda og Firdaposten på tur. Ned laurdag, opp at søndag. Storm Weather Shanty Choir spelte, SJ Svanhild var også på tur.
For Atløy sin del vart dette sesongens siste tur. Denne veka vert det innpakking, så bær det sørover til Dåfjorden. Først skal hjelpemotor og kjølarar ut, før plater i skutesida skal skiftast ut.
29. september 2010
Dei siste 10 – 12 åra har Atløys Venner invitert Miljøhuset med på gratis dagstur med MS Atløy. Miljøhuset er Flora Kommune sitt dagsenter for psykisk utviklingshemma.
Årets tur går i dag, og det var ein glad og spent gjeng som gjekk ombord like nedanfor huset i 09:30 tida tidlegare i dag. Turen gjekk i år til Kalvåg, været var strålande.
26. september 2010
I dag kom M/S Atløy tilbake etter nok ei vellukka Fjordaferda. Få stillte på kaien i Florø, men det var heller ikkje mykje å selge. Nokre tonn med poteter står i rommet, men dette er vekkbestilt. Deit einaste vi har hatt er i underkant av 30 x 5 kgs med klippfisk av lyr og torsk. Lyren kostar 400,-/kartongen og torsken 500,- for 5 kgs. Du sparer altså omlag 400,-/kartong om du samanliknar med butikkpris. Vi har også 10-15 sekker gulrot frå Lærdal.
Handelen startar i morgon måndag klokka 1000.
13. september 2010
Forbereding er i full gang for å få ombord tonnevis med fisk, epler, poteter og grønnsaker. Foreslått reiserute passa dårleg for ein del stader, mellom anna var tysdag ettermiddag ein dårleg dag for folket i Feios. Vi har derfor endra litt på ruta, slik at vi tar Feios på fredag (utan epler, poteter og gulrøter). Ny rute finn du ved å klikke på denne linken; reiserute-sogn-20102. Trond Strømgren, «kystens trompet» og forfattar frå Florø vil fleire stader halde foredrag og lese frå bøkene sine. Ombord vil du fleire stader også få høve til å smake på ølet som vart laga til Fjordsteam.
6. september 2010
Då har det vore stille her ei stund, mest grunna arbeid med den store suksessen vi hadde med Fjordsteam. Aldri har det vore fleire folk i Florø, – dette vart nok høgdepunktet i jubileumsåret for svært mange. Hausten er over oss, og MS Atløy er no i Bergen for å tene litt penger.
Fjordaferda startar forsiktig opp med lasting av fisk (tørka sild, lettsalta brosme, klippfisk og spekesild) i Måløy og Kalvåg i slutten av neste veke, for deretter å gå innover Sognefjorden for stopp og marknad i Solvorn 18-19 september. I Solvorn skal vi også laste epler. Søndagen kan ein være med på tur. 20de vert det lasting av poteter og grønnsaker (i alle fall gulrot og kanskje nepe om vi får rett kvalitet) i Lærdal.
Potetene kjem som tidlegare frå Eltun i Lærdal, og er Kerrs Pink av beste kvalitet i følge våre faste kundar. Potetene tåler lagring, vert seld i 25 kgs sekker.
Ønskjer du å bestille fisk, potet eller grønsaker for levering på ruta kan du kontakte Leif Kvalvik på telefon 412 52 909. Ruta finn du her.. Vær obs på at den kan endrast undervegs om alt ikkje går etter planen.
Du kan også være med på delar av ruta om du vil det. Ruta her; reiserute-sogn-2010
10. august 2010
MS Atløy tok for to år sidan initiativet til å skipe til Fjordsteam i Florø, og har arbeidd med dette sida. Søndag var det over, og ingen har brukt andre ord enn suksess om dette stemnet. Florø fyller 150 år, og truleg er dette stemnet det ein vil hugse best frå dette feståret. I følge lokalavisene Firdaposten og Firda har det aldri vore meir folk i byen vår Florø!
Atløys Venner vil gjerne få takke 47 besøkande fartøy, 200 besøkande veteranbilar, Veteranskipslaget Stavenes, Sunnfjord Veteranvognklubb, Bergen Brannhistoriske Forening, Røde Kors, Vestenfjeldske Veteranvogn Union, Bergen Veteranvognklubb, og mange, mange fleir.
Les alt om Fjordstem på www.fjordsteam.no
4. juni 2010
Vi har fått følgande etterlysning frå Gunvar Grindheim på MS Atløy sitt søsterskip MS Svanøy;
Hei!
Som du sikkert vet har vi fått restaurert både Bolinderen og en Penta som er lik den originale lysmotoren i «Svanøy». Vi har også hatt start på den siste lysmotoren, 8 HK Armstrong. Denne var delvis demontert, og manglet en god del deksler til luftkjølingen og slike ting. Vi skal ikke bruke denne motoren, men kan tenke oss å ha den i kjørbar stand for å vise den fram. Problemet er at vi ikke en gang vet hvordan den så ut, og dermed har problemer med å lage de dekslene som mangler. Jeg har lest i Atløyboken at «Atløy» også fikk en slik motor på femtitallet. Jeg regner med at denne er utskiftet for lengst, men lurte på om du vet hvor den ble av, eller om dere har bilder av denne motoren? Vi er svært takknemlige hvis dere i tilfelle kunne sendt oss noen slike bilder.
Mvh.
Gunvar Grindheim
Om nokon kan hjelpe Svanøy gjengen er dei nok glad for det. Grindheim kan treffast på gunvarg(Alfa)gmail.com.
26. mai 2010
I dag kom medlemsinfo frå fartøyvernforeninga. Du kan lese om neste årsmøte, Kulturminnedagen, tildelingar frå Riksantikvaren, DS “Styrbjørn”, MF “Folgefonn”, ny momskompensasjonsordning og ein lengre artikkel om hospitalskipet “Viking”.
Heile nyhendebrevet finn du her; nytt_om_fartac2b8yvern_2_20101
17. mai 2010
Atløys Venner fekk i dag kullturprisen til Flora Kommune for sitt arbeid medå bevare MS Atløy framfor ein fullsett stadion. Leiar i Atløys Venner, Leif Kvalvik, mottok prisen på vegne av laget!
Stolte over pris; Leif Kvalvik og Sander Ødelien. Foto; Olav Hatlemark
Heile grunngjevinga til juryen finn du atlc3b8y-kulturprisen1 !