29. mars 2010
Arbeidet med Stangfjord har no ein pause etter at arbeid med hekken, skansekledning og dekksbjelkar framme nærmar seg slutten. Planen var å starte opp att i juni, men med manglande midlar frå Riksantikvaren for 2010 er dette litt usikkert akkurat no.
MS Stangfjord på land utanfor si nye "heimehamn".
Riksantikvaren har gitt ei førehandsløyving på 500.000 for neste år, men kva Askvoll Kommune og Hardanger Fartøyvernsenter finn ut av er ikkje kjent. Båten står i alle fall i hallen på HFS, og det kan ein ikkje gjere så mykje med. Rapport for arbeidet pr februar 2010 finn du i alle fall her.
17. mars 2010
For året 2010 søkte 128 fartøy om tilsaman 170 millionar kroner frå Riksantikvaren. Dette inkluderer 5 fylkeskommunar i den s.k. SAVOS ordninga. Til fordeling hadde ein 32 millionar, etter fråtrekk for ca 10 mill i SAVOS og førehandsløyvingar. I 2009 var den totale løyvinga 42 millionar, men det kom 10 mill ekstra mot slutten av året gjennom regjeringa sin sysselsettingspapkke. Det er slik ein monaleg nedgang i løyvingane
Vi har fått melding om at årets løyving frå Riksantikvaren vert på 300.000,-. Det ser ikkje ut til at det kjem midlar frå fylket, her har truleg det meste av fartøyvernmidlane gått til DS Stavenes. Det vart ingen løyving på nokon av dei andre verna skutene i distriktet, så vi må kunne sei oss godt nøgde på eigne vegne.
Det vert vurdert å bruke ein monaleg sum på å trekke opp salongen framme med skinn, slik det ein gang var. I dag er det orange skai. Vi har bedt om tilbod frå Hardanger Fartøyvernsenter.
17. mars 2010
Årsmøtet vart avhalde i går tirsdag, og gjekk føre seg i høvelege former ombord utan dei heilt store bombene.
Det vart stort sett aklamasjon, gjenvalg og kaffi. Årsmelding og referat frå årsmøtet finn ein under fana Atløys Venner, og deretter menyen ute i høgrekanten.
12. mars 2010
Saklilste med oversikt over val finn du her.
Forslag til årsmelding for det herrens år 2009 finn du på denne linken.
2. mars 2010
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Atløys Venner 16/3 kl 1900 ombord ved kai i Florø. Vanlege årsmøtesaker.
Styret.
23. februar 2010
Jeltje Jongstra
Vår medlemsansvarlige gjennom mange år, Jeltje Jongstra i Bremanger, held i desse dagar på med storjobben med å sende ut giroar og informasjon til alle medlemmer i Atløys Venner. Det er faktisk ingen liten jobb å pakke, adressere , frankere og sende ut såpass mange brev, og vi er svært glade for det arbeidet Jeltje har gjort med dette dei siste åra.
.
.
Er du ikkje medlem og vil gjere noko med det, sender du henne ein mail til på jeltje(a)frisurf.no. Bytt berre ut (a) med @.
Samstundes er programmet til Fjordsteam klart, og invitasjonsbrosjyre med programmet vert i desse dagar sendt ut til alle inviterte fartøy. Brosjyra vil ein også finne i konvolutten med medlemsgiro. Programmet finn ein også under program på denne lenka.
12. februar 2010
Harald Årebrot, Ludvig Grytten, Ragnar Kristiansen, Rolf Grønnevik, Arthur Nord og Leif Kvalvik hadde i går ei dryg økt på Bataldebua på Kystmuseet for å flekke 4000 sider sild. Silda har lege i rennande sjøvatn over natta, og skal no henge til tørking 4-5 veker før den frysast. Tørkasilda (nubbesild, kubbesild, lubbesild) er flekt med beinet igjen i eine av filletane, noko vi fekk påpakning på frå siste Fjordaferda. Første smakebit vert på Fjordsteam 2010, men den vert og å få kjøpt under nettop Fjordaferda.
Samstundes er Florø sitt eige brygger, Kinn Bryggeri, i gang å planlegge eit eige øl til Fjordsteam. Bryggerimeister Espen Lothe, tidlegare norgesmeister i ølbrygging, lovar eit øl som skal passe til sild og fjordabåtar. Både silda og ølet vert sleppt under Fjordsteam, og vil bli seld eksklusivt på mannskappskroa og sikkert Hjørnevikbua.
19. januar 2010
Bekinga ferdig. Bilde frå stmb.no
Då er driving og beking i gangane ferdig. Også på båtdekk er det drive opp att og beka nokre stader, og rundt luka framme på dekk. For andre ting som er gjort…sjekk forrige nyhende.
Leif og Ludvik er no nede og skrapar bek. Dei er ferdige i gangane, og held på på båtdekket. Varmekanonar vert brukt for å få tørk på beket, og om det tørkar som forventa vert det heimtur i neste veke.
Ludvik skrapar bek! Bilde frå stmb.no
30. desember 2009
Då er tida inne for å ønske alle venner godt nytt år! Atløy er enno på Jensaneset, og arbeidet med driving i gangane vert avslutta i dag, dagen før nyttårsaftan.
Det er skifta 3-4 plankar/drevstopp inn mot dekkshuset/salongen. Det vart også naudsynt å skifte omlag 3-4 meter stål i rennesteinen på SB side i gangen under trappa. På bildet ser vi malane som vart laga. Strekkplatene under vart også skifta.
Over helga skal det drivast rundt lukekarmen og litt på båtdekket.
Ludvig reiser ned litt ut i neste veke, og Leifen reiser ned noko seinare for å arnbeide med røra til styremaskina som snart treng stell.
Det vert ikke plass til oss i Dåfjorden før til hausten, då arbeidet med Midthordland vart mykje meir omfattande enn ein hadde venta. Atløy kjem derfor «heim» i slutten av januar. Første tur er allereie 15. april!
Bilder frå Jelsaneset finn ein her. Ludvigen klarde forresten å få 30 liter terpentin inn i taukrakken over styremaskina på båtdekk. Den er av teak…..