M/S «Sognefjord»

14. desember 2009

Vi har motteke ein mail frå ein kjenning av gamle M/S  «Sognefjord». Ho er opptatt av gamle båtar og lokalhistorie og  ønsker å informere om den gamle båten «sin» ; ho skriv mellom anna;

Frå båtdekk
Frå båtdekk

….Det var andre eg tenkte på som kunne lika å få greie på at ho er i god behald, dei som kanskje la grunnlaget for at vi har henne enno.. mannskapet frå den gong ho heitte Sognefjord. Ho tjente trufast i 32 år nesten utan uhell, det må ha vore godt sjømannskap både frå båtførar og mannskap.! Ikkje nok med at ho no er restaurert, men det er gjort av ein som har både kunnskap om og hjarte for korleis ein best tek seg av veteranskip.!
 
…Det må vera veteranar frå den besetningen som ville lika å høyra at ho er i god behald……Om dei ikkje har halde seg oppdatert sjølv da, men gode nyhende toler da vel å bli repeterte..?

Det var som sagt eit svært godt arbeidsmiljø om bord, der alle gleda seg til å gå på jobb kvar dag. Trur det var svært leit for dei da skipet vart seld ut, dei kunne ikkje den gong vita om dei såg meir til ho.. eller korleis det gjekk. Meinar at nokre av mannskapet er her frå fylket, og nokre av offiserane?

I boka «101 Fjordabåtar» (M H Torvanger/ Selja Forlag)er det bla eit bilete teke under siste turen, då er namna med. Som skipsførar Knut Stavøstrand seier i boka er dette eit heilt spesielt skip, eit skip med stil og sjarm; kan ein leggja til- noko noverande eigar har teke godt vare på.

Trur som nemnd at salet av denne juvelen kan ha utløyst den gode trenden vi har no med å ta vare på veteranskip, det må ha vore ein vekkjar..! Hadde det vore vanleg å ta vare på veteranskip den gong ho vart seld av FSF, ville ho garantert vorte snappa opp rimeleg kjapt..!!
 
Skipet kom i trafikk i 1950, og har uansett jubileum neste år. Ein sprek jubilant, med andre ord!

Info finn de på skipet si heimeside: www.orientexplorer.com  OG www.picasaweb.google.ca/sensiborneo/OrientExplorer  Sjå og diskusjonsforumet www.captainsvoyager.com , der er det masse info og bilete. På www.sensiborneo.com er det info om skipet, innreiing og linkar til anna info. I e-post frå eit norsk reisebyrå som opererer i Malaysia, fekk eg opplyst at ein kan bestilla turar med skipet. Ho går mellom Malaysia og Sabah/ Borneo. Blant dei som har reist med henne siste åra, er folk som tidlegare har vore mannskap om bord. Inkludert nokre som var mannskap der før ho vart seld til Noreg om ombygd til passasjerskip..!
 

Siste slipping i MalaysiaSiste slipping i Malaysia

Det siste som har vore sagt om skipet i media her, er -stort sett- at ho vart seld i 1997.Historien vidare har det vore lite om, intil  nyleg da det heldigvis har vorte meir merksemd.

Som de ser av dei mange bileta, er ho teken godt vare på av noverande eigar. Det er ein nederlender som eig ho, og skipet er registrert i Rotterdam. Men det velkjende FSF-flagget er godt synleg framme på bauen, og på bakdekket er bokstavane «Sognefjord»  synlege over det noverande namnet «Orient Explorer». Sjølve skipet er restaurert slik ho må ha vore i glansdagane på 50- talet, du kjenner fort att det gamle interiøret – no i oppussa utgåve. Til og med maskinene om bord er dei same GM- gigantane som har vore sidan ho vart bygd i `43, so brua om bord er eit syn for auga..!!
 
Eg var om bord i Atløy sist båten var her i kommunen, og fekk teke bilete og kjøpt bøker om båten. Det er ein heilt anna stil over dei eldre fartya, det vert ikkje bygd slike no lengre.

Med helsing:
Eli K Hamre.

Vulcanus sikra

9. desember 2009

Då melder Egil Sunde at slepebåten Vulcanus er «sikra». Han skriv;

«Nå har vi kjøpt ”Vulcanus”. Kommer noe i BT og BA i morgen om det. Den formelle overtakelsen skjer i neste uke. Vi må først få registreringen av laget godkjent i Brønnøysund slik at alle papirer blir ordnet skikkelig…. Det ser med andre ord lyst ut for Fjordsteam til sommeren.»

Vi gleder oss med dei, og er glade for at dei kjem til Florø. Vær med å støtt om arbeidet deira om du kan!

Julebonus

2. desember 2009

bergen…har vi ikkje, men vi fekk nettopp beskjed om at vi har overr 10.000 til gode hos Bergen Havn etter at vi i 2008 vart einige om at M/S «Atløy» fekk gratis kai- og anløpsavgift på linje med veteranbåtane i Bergen. Først søkte vi aleine i 2006 for sesongen 2007 men fekk då avslag. Året etter søkte vi saman med «bergens- gjengen» og fekk det til. Stor takk til dei!

Likevel er det slik at vi må betale 370,- pr anløp (jepp; pr anløp ikkje pr dag) i bossavgift til BIR. Dette får vi ikkje refundert, og på ein sesong vert det nesten 10.000,- det òg.

Drivinga i gang

2. desember 2009

Då er drivinga i full gang på Jensaneset. I gangane vert det drive på nytt, men det har også vore nødvendig å skifte innerste og ytterste dekksplank slik at ein fekk renska opp mot keising og ytre drevstopp. Ut frå bilda ser det ut til at det er framme det er verst, men likevel ikkje så gale.

Dekksplank framme i gangen på SB side vert tilpassaDekksplank framme i gangen på SB side vert tilpassa

Bilder frå Jensaneset vert lagt ut kvar dag om lag 1730 for dei som vil følge med.

Det ser ikkje ut til at det vert slippsetting før over jul, då Midthordland framleis ligg på slippen. Der var det desverre mykje arbeid….Leif`en og Ludvig reiser ned kommande måndag.

FSF – flagget

25. november 2009

flagget2Styret i Fjord1 har bestemt seg for å pensjonere det gamle FSF flagget for godt, og debatten rasar sjølvsagt både i lokalavisene og på nett.

Flagget er like gamalt som reiarlaget (frå 1858 Nordre Bergenhus Amts Damskibe, frå 1919 Fylksesbaatane i Sogn og Fjordane og no Fjord1 Fylkesbaatane) og er det eldste flagget brukt av eit reiarlag i Noreg. No er det altså på det næraste slutt!

Synet er sjølvsagt delt på om dette er god merkevarebygging eller ikkje, og vi vel ikkje å ta del i denne debatten. M/S «Atløy» vil sjølvsagt fortsette å bruke flagget og to andre  verneverdige farty vil også bruke det i framtida: D/S «Stavenes» frå 1904 og M/S «Svanøy» frå 1925. Dei som framleis ønsker å sjå FSF-flagget i bruk på sjøen, bør derfor støtte opp om desse fartya. Aksjonen på facebook vil i alle høve la overskotet frå sal av T-skjoreter gå til fartøya, noko vi sjølvsagt er glade for!

Vulcanus Taubåtkompani

24. november 2009
Frå styrehuset slik det ser ut i dagFrå styrehuset slik det ser ut i dag

Då ser det ut til at «det går vegen» for gjengen som for litt sidan tok initiativ til å redde MS Vulcanus og å halde ho i Bergen. Båten er formelt ikkje overtatt enno, men dei har kome så langt at Vulcanus Tubåtkomapni er skipa.

Dei har òg vore i kontakt med mange sponsorar og fått velsigning frå Riksantikvaren v/Erik Småland og stadfesting på at fartøyet er verneverdig. 

Eigne heimesider er også klare, du finn dei på vulcanus.no.  Atløys Venner ynskjer lukke til, og ser fram til å sjå dei i arbeid langs kysten!

Julebord

21. november 2009

champagne1I år vert det julebord 5. desember. Det er allereie 10 – 12  påmelde. Som siste år vert det på Samfunnshuset i Florø. Prisen er 475,-, som inkluderre julebord og dansen etterpå.

Påmelding til Leif på 412 52 909

Nytt om fartøyvern

17. november 2009

Nosk Forening for Fartøyvern gjev årleg ut 3 – 4 nyhendebrev. Siste utgåve finn du på linken under.  Her kan du lese om årsmøtet på Selje der Atløy deltok, om DS Borgenes i Kristiansund, problema rundt MS Hamen og ikkje minst om krisa på Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand. Der har dei allereie brukt 70 millionar på restaureringa av DS Hetstmanden, og manglar framleis 50!!! Tilliten frå både Riksantikvar og frå kundane er oppbrukt, og styret har no trekt seg.

Ein landsmøtedelgat tok bilde av Atløy i Sildagagpet frå øya Selja Ein landsmøtedelgat tok bilde av Atløy i Sildagagpet frå øya Selja

Heile nyhetsbrevet finn du her; Nytt om fartøyvern 4-2009

Jensaneset

15. november 2009

Atløy ligg no på Jensaneset på Stord. Verftet i Sagvåg er overtatt av dei som heldt på med trebåtar og treverk i Dåfjorden. Her vil båten i alle fall bli liggaende til nærare jul slik at vi kan få drive opp at dekka i gangane samt rundt lasteroms luken etc.

Bilda under har Gerhard Bakke tatt med mobil telefon frå dei første dagane på Sagvåg.

Ankomst JensanesetAnkomst Jensaneset

Leifen arbeider med vinsjenLeifen arbeider med vinsjen Ludvig på båttur etter fleire timar under landLudvig på båttur etter fleire timar under land
 
 
 

 

Ellers ein følgje med på verftet sine heimesiderder verftet vil  prøve å legge ut nye bilder kvar dag om det vert tid.

Haust

6. november 2009

I går vart M/S Atløy pakka inn for vinteren, men like fort går preseninga opp foran styrehuset. I morgonklikka 0600 vert det nemleg avgang til Sagvåg og Dåfjorden for diverse arbeid. Dekket i gangane skal drivast oppatt og slipast og det skal skiftast to plater i skutesida ved maskinrommet på styrbord side. Foreløpig vert det ikkje tid til å skjære ned rekka.

Preseninga på
Preseninga på

Med på turen sørover vert Ludvig G, Leifen og Idar. Laurdags kveld vert det stopp i Bergen, Idar skal på gebuss med dottera.

 

Klare til turKlare til tur