Asfaltering

27. oktober 2009

asfalt1Endeleg ser det ut til at vi får asfalt på kaien/parkeringsplassen ved M/S Atløy.

 Slik vil vi spare masse «drit» ombord, og i tørre periodar støv.

Møte ombord

4. oktober 2009

Det vert møte ombord mandag 5/10 kl 1900. Hovudsak vert Fjordsteam2010.

Heime igjen!

2. oktober 2009

Då var Atløy heime på Kolakaia att etter minnerike dagar i Sogn. Besøket var bra, og sponsor Sogn Avis kunne melde at det under besøket i Feios var eit «frådande marknadsliv» med over 200 besøkande. Ikkje dårlig.

Poter frå LærdalPoter frå Lærdal

Vi har framleis nokre sekker poteter, gode gravensteinsepler frå Lærdal, klippfisk frå Måløy, lettsalta brosmefillet og spekesild frå Kalvåg igjen.

Om nokon vil kjøpe bør dei ta ein tur nedom på Atløy på formiddagen. Då er det stort sett folk ombord heile veka. Ein kaffikopp kan det vel også bli ei råd med!

Gode prisar og førsteklasses varer.

Oppdatering Fjordaferda

24. september 2009

Desverre vart vi utan tørrfisk på den første dagen av Fjordaferda på grunn av rot frå Hurtigruta/Norlines. Fisken skulle frå Måløy til Florø tysdag, men hurtigruta gjekk rett forbi. Fisken vart lova sendt onsdag, så skulle den hentast å køyrast til Sogn av Sander. Men også onsdag segla Hurtigruta forbi.

MS Midnattsol

Då vi etterlyste fisken onsdag 1330, fekk vi beskjed om at fisken framleis stod i Måløy.  Stakkarane på kaia i Måløy klarde ikkje tenke seg til at dette kanskje hasta like mykje onsdag som tysdag, og tenkte ikkje tankenm på å ringe. Det vart derfor ein 530 km lang køyretur til Solvorn via Måløy med fisken i går kveld.

Desverre ser det ut til at moralen bør være; hastar det, eller er viktig, nyttar du ikkje Posten/Bring/Norlines/Norcargo. At ein ikkje skal klare å få ein palle fisk frå Måløy til Florø i løpet av 2 døgn anten på sjø eller veg må då være dirkete pinlig?

solvorn1No er i alle fall M/S Atløy i Solvorn (med fisk) og lastar epler, før turen går vidare mot Lærdal i ettermiddag.

Vær obs på endringar i rutetidene mandag. Frå og med Dingja vert vi ein time seinare. Også Atløy brukar meir enn 10 minutt over Sognesjøen.

Rett rute finn du her; Oppdatert rute 23/9

Konsert med Knut Reiersrud

14. september 2009

Blir du med Atløy til Vevringutstillinga kommande helg kan du kombinere ein fin fjordtur med kunstopplevingar og konsert med Knut Reiersrud. Avgang klokka 10.00 frå Florø og retur etter konserten.

Knut ReiersrudKnut Reiersrud
Bilett til båt og konsert får du kjøpt på Narvesen i Strandagata. Meir om Knut Reiersud og konserte finn du her; til Vevring. Atløy går også søndag til Vevringutstillinga!

Fjordaferda oppdatering

14. september 2009

Etter oppmoding frå ein av dei gamle kapteinane på Atløy legg vi turen innom Fjærland. Faktisk startar vi opp der, og kjem nokre timar seinare til Balestrand og Leikanger enn det som først var planen.

Eit yrande liv på kaia når Fjordaferda er på besøk!Eit yrande liv på kaia når Fjordaferda er på besøk!

Med oss skal vi sjølvsagt ha fisk, frukt og grønnsaker av beste kvalitet frå fiskarar rundt Kalvåg og bønder i Sogn.

Laurdagen vert det marknad i Feios, og vi håper på full båt på turen vidare til Vik. Frå Vik fortsett vi til Arnafjorden, der 50 års jubileet til Wurlitzeren til Morten skal feirast med pubkveld.

Oppdatert seglingsrute finn ein her ; oppdatert seglingsplan.

Kopi av annonsen for turen finn du her, og kopi av brev som har gått ut til skular, grendalag, kommunar, kulturkontor og barnehagar  her. Vi er sjølvsagt glade for alle som kjem på besøk, og oppfordrar skular og barnehagar til å gje ei melding på førehand til telefon 900 51 867.

Vevringutstillinga 18-20/9

7. september 2009
VevringVevring

Vevrinutstillinga feirer 30 år, og 145 kunstnarar frå 10 land er allereie stadfesta på plass. Vevring inviterar til ei stor kunstmønstring der vakre Vevring skal fyllast med kunst, både inne og ute. Det ver ei unik oppleving av samtidskunst, kunsthandverk og musikk i eit storslått møte mellom landskap, menneske og kultur.

M/S Atløy er sjølvsagt med og går frå Florø til Vevring laurdag og søndag. På kaia vert ein møtt av losar, som viser rundt på dei forskjellige arrangementa i bygda. Deretter vert det tur ti Kvammen med retur, og opne fjordturar på Førdefjorden på omlag ein time. Nyt høvet til å oppleve konsert med Knut Reiersud på laurdagen!

Meir om Vevringutstillinga kan ein lese her, og rutetider, prisar o.l. finn ein her.

Gladmelding frå Gjensidige

31. august 2009

rolf1For 2,5 år sidan hadde M/S Atløy eit uhell som medførte verkstadopphald og store kostnader med propell og aksling. Desverre vart ikkje dette dokumentert godt, og oppfølginga frå vår side andsynes forsikringsselskapet  kunne vært bedre. Saka har vore ein gjengangar, og i mars tok Rolf Grønnevik over saka og fekk fortgang i dokumentasjon og kontakt med selskapet for å få avslutta deira handsaming.

Det var derfor stor glede når Rolf i dag kunne melde nytt frå Gjensidige. Selskapet har vore smidig, og festa lit til vår dokumentasjon, sjølv om den etter lang tid var noko mangelfull. I dag vart det overført 247.000,- kroner til A/L sin konto, og vi er utover betalte kostnader også godtgjort for dugnadsarbeide relatert til skaden.

Gratulerer Rolf med vel utført arbeid!

Spanande tal

28. august 2009

2fb36dab3c1Dei første tala på trafikken på denne sida tikkar inn, og dei er tildels spanande. Trafikken/tal sidevisningar er ikkje høgare enn venta, men det gledelege er at det er folk innom kvar einaste dag.

Kvar beøkande er i snitt innom nesten 4 sider, og «nyhende» og «utliege» ligg på topp.

Faktisk har vi besøk frå land som Uzbekistan (ikkje berre ein!), Tyrkia og Sør Korea!!

Fjordaferda 09

26. august 2009

Då er programmet for årets Fjordaferd klart.

Det vert avgang 22/9,  etter at båten er lasta opp med salta, tørka og frosne fiskeprodukt for salg. På vegen inn vert det stopp i Balestrand og Leikanger, før det torsdagen vert stopp i Solvorn for å laste epler. Fredagen vert det lasting av poter i Lærdal, før turen går utover sørsida av Sognefjorden med stopp i dei fleste bygdene i løpet av helga. Frå mandagen vert det «øyane» nordover til Florø, der vi avsluttar fredag 1/10.

Forutan fisk, frukt og grønt vil Trond Strømgren være med på turen og fortelle frå boka om forlis i Sogn og Fjordane. Ettrerkvart vil vedlagt program bli oppdatert med tider for desse foredraga.

Heile programmet slik det er pr dato finn du her; fjordaferda-091