13. juli 2009
Ein hollandsk bobbleklubb har dei siste 3 vekene vore på tur i Norge, med Nordkapp som mål. 33 folkevogner var derffor i Stryn forrige mandag etter over 4.500 kilometer. 6 medlemmsbilar frå bobbleklubben i Bergen, VWACB, var i Stryn på besøk, og overnatta på Atløy på tur nordover. Dei hadde ei framifrå natt!
4 av 6 bilar ved Atløy
13. juli 2009
Då mange av kapteinane anten er reist på ferie med eigne båtar eller er innleigde til Fylkesbaatane, har vi bestemt oss for å ta felles ferie i sommar, og legg båten «daud» dei neste 14 dagane. Første tur etter ferien vert 30. juli.
13. juli 2009
har gitt A/L Atløy beste rating for økonomien vår. Ikkje at det betyr så mykje, men det er jo litt stilig at vi no har soliditet som Statoil-Hydro og Shell!
Sjølv om vi har ein buffer no skal vi passe oss vel….det er blåst fort ved første større arbeid!
19. juni 2009
Då var Atløy heime igjen etter 14 dagar i Bergen med god inntening. Ryktet går på at beste kvelden var oppe i 35.000,- -og det lever vi godt med.
I helga er det Sildebord, Kinnaspel og Rockehelg, og for oss vert det kjøyring kvar dag mellom anna med «russe-reunion» og rocketur til Kalvåg.
Mandag førstkommande vert det møte ombord klokka 1900. Vi diskuterer programmet vidare utover sommaren, og må ta ei avgjerdsle på kor vidt det vert tur til Lnadsstemnet i Forundet Kysten på Vega eller ikkje. Har du lyst å være med er dette siste sjanse. Intersse kan evt. meldast til Sander på 900 51 867. Sjå også eiga sak om turen, prisar og programm.
8. juni 2009
Den historiske ferja, som var ei av dei første i landet, er på veg nordover etter restaurering på Hardanger Fartøvernsenter og går vidare mot Ålesund i morgon. Dei passerte Staveneset ved 20:00 tida, men med 4 knop lakkar det mot midnatt før dei kan legge seg til ro.
I heile vinter har dei to båtane låge saman medan Atløy fekk ny aktersalong. Prosjektet med å renovere ferja starta i 2006, med midlar frå Riksantikvaren. Det er fornya dekk og bjelkar, ein del nye spant og hud, dekkshus er fornya og reparert. Elles er fartøyet retta ut i kjølen og fått ny propellaksel.
I førre veke møte MF Bilfergen gassferja «Bergensfjord» ved Halhjem. Begge båtane høyrer forresten til i Fjord1 systemet, som også omfattar Fylkesbaatane, MS Atløy sitt tidlegare reiarlag.
Er det nokon som har lyst, er sikkert kaffi ombord i morgon tidleg. Bilfergen blir å ligge på Atløy sin plass i sentrum.
1. juni 2009
Tidlegare Torgdag
Nok ein gang deltar M/S Atløy på Torgdagen i Bergen første helga i juni. Ruta er i år litt endra, men vi går frå Klokkarvk, Lerøy, Haganes og Bjorøyhavn med avgang 0815 og ankomst 1030 på torget.
Andre båtar du kan sjå i byn denne dagen er DS Oster, MS Granvin, DS Stord, MS Midthordland, MS Bruvik og MS Vestgar. Felles retur med alle båtar er 1530.
Rute finn du her.
19. mai 2009
Landsstemnet
Atløys Venner planlegg tur til Landstemnet i Forbundet Kysten på Vega 16 – 19 juli på vakre Vega på Helgelandsskysten.
Vi planlegg avgang søndag 12. og rekk kanskje ein tur innom jazzfestivalen i Molde på tur oppover (?). Ankomst Vega vert torsdag, og vi deltar på stemnet fram til søndag.
I behagelig fart returnerer vi til Florø, med ankomst torsdag 23 juli, dvs totalt 11 dagar ombord.
Vi trur ikkje vi skal være meir enn 15 – 16 personar, og ein må kunne pårekne å sove på brisk. Dette er primært ein tur for Atløys Venner, og turen kostar kostpris for diesel, mat og evt havnepengar. I tillegg kjem deltakaravgift på Landsstemnet.
Meir om stemnet kan du lese her;
http://www.vegakystlag.no/galleri/files/Landsstevnebrosjyre1233141572.pdf
http://www.vegakystlag.no/?side=landsstevnet
Høyrest dette interressant ut kan du ta kontakt med Rolf Grønnevik på telefon 915 91 089 og melde di intersse. Blir det tur vil han være skippar.
Her skal stemnet haldast, foto Rita Johansen
13. mai 2009
Tradisjonen tru vert det også i år tur til Kalvåg på nasjonaldagen mellom barnetog og borgartog.
Turen er gratis for medlemmer, dugnadsfolk og andre som måtte meine at dei fortener det. 17. mai-buffè på Knutholmen kostar 200,- etter spesialavtale med Svein Inge Fosse. Avgang klokka 1100 frå Kolkaia, og retur til Borgartoget.
Vell møtt!
Værmeldingane er svært gode!
12. mai 2009
Etter tur Selja – Sandane torsdag med skule-elevar og lokal blåtur fredag i Florø bar turen fredags kveld til Balestrand og Balejazz i eit «heise» vær med «ein god gammaldags kuling» over Stavfjorden. Mannskap var Rolf, Ludvig, Leif og Jeltje. Kundar var ein lokal lakse-eksportør og deira tyske kunde som kom ombord på Hella laurdag.
Tyskarane representerte ein europeisk supermarkknadskjede med omlag 12.000 butikkar, 290.000 tilsette og ei omsetning på omlag 400 mrd NOK. Laurdag var det landligge og Balejazz, og grytidlig søndag gjekk turen til Solund og forskjellige oppdrettsanlegg. Sjølv om været var dårleg og magane rumla over Lågøyfjorden, var kundane svært godt nøgde med turen og servicen ombord. Jeltje er absolutt medansvarleg for dette!
30. april 2009
Nysmurd og fin, av slippen og mot Bergen i går onsdag klokka 15:00. Overnatta i Bergen og venta til Florø i dag klokka 1600. Alle koner og pårørande vert oppfordra til å stille på kaien med lommetørkle og norske flagg når «karane» kjem heim!