Slipping i Dåfjorden

29. april 2009

dsc01113

 

Søndags morgon var det full steaming sørover til Dåfjorden, og M/S Atløy gjekk på land mandags morgon. Arbeidet er allereie ferdig, og i dag onsdag er folk ombord frå Wichmann for å strame inn registerkjedet. Heile sju personar var med sørover så motralen er venteleg høg og blodsukker og -trykk lågt.

300.000,- i tilskot

18. april 2009

Andelslaget Atløy, som eig og mottek leigeinntektene til båten, mottek 300.000,- frå Atløys Venner. Atløys Venner er foreininga som driv båten på dugnad, og har sine inntekter frå sal av effektar, vaffler og bar ombord. I tillegg har ein inntekter frå basarar, dansar, flyttesjau…..

Søknaden  var på 200.000,-….

510.000,- frå Riksantikvaren

18. april 2009

Då var det endeleg stadfesta; A/L Atløy får 510.000,- frå Riksantikvaren. Løyvinga er knytt til allereie utført arbeid på Hardanger Fartøyvernsenter med akterskipet.

Vi ventar også løyving frå fylket, men denne er enno ikkje stadfesta.

Dugnad for D/S Stavenes

7. april 2009
Davidar på veg til D/S StavenesDavidar på veg til D/S Stavenes

M/S Atløy var i dag i Kalvåg for å hente 2 4 meters davitar som skal ombord i D/S Stavenes. Davitane er gjevne av Eivind Larsen etter at Lars Olav Rylandsholm hadde «funne» dei. Den eine låg som kant på plenen heime hos Larsen, den andre ved ei sjøbu.

Truleg har davitane høyrd til på M/S Porsholm, ein snurpar på omlag 86 fot som i si tid (frå 50 talet) var flaggskipet i Kalvåg. Ho lasta 14-1500 hl sild, og var ei tid einaste snurparen i Kalvåg. Utanom sesongen var ho i fraktefart, og minner mykje om M/S Haganes som no ligg til sals i Malaysia!! Frå 57 gjekk ho på lina ved Island.

I 1959 vart båten seld til Dingja og gjkk inn i banklinefisket på heilårsbasis.I -69 vart ho ombygd til ringnotfisket, sjølv om ho då vart liten. På resten gjekk ho som sandlektar i Ostrafjorden, men fekk berre ombord ei sandlast før ho gjekk ned. 

Sjølv om båten gjekk ned i ein stille Osterfjord får davidane no altså nytt liv ombord på D/S Stavenes! Når M/S Atløy skal på vårslipping i Dåfjorden tar vi derfor med dei to davidane ned. P.t. ligg dei surra på dekk.

Slipping

31. mars 2009
Snart ferdig i 08Snart ferdig i 08

Det vert mest truleg slipping i Bømlo hos Dåfjorden i veke 18. 

Det vert vanleg slipping med stoffing, skifting av sinkar og kontroll frå Skipskontrollen.

Har du lyst å vere med på ei veke med god mat, gode historier, hardt arbeid og velfortent søvn skal du ta kontakt med Leif på 412 52 909.

Vi treng hjelp, så ta kontakt!

 

Lykka er ein saktegåande slipp. Leifen tar ei velfortent kvild!Lykka er ein saktegåande slipp. Leifen tar ei velfortent kvild!

M/S Stangfjord

30. mars 2009

stangfjord2Det var samla 20 personar i Grendahuset i Stongfjorden i går søndag for informasjonsmøte om M/S Stangfjord. Atløys Venner stilte med 2 for å fortelle litt om vår drift og organisering. Ove Losnegård fortelde om M/S Stangfjord frå båten vart bygd og fram til i dag. Ordføraren i Askvoll saman med kulturkonsulenten var møtt fram for å fortelje om Askvoll kommune si rolle i restaureringsarbeidet.


Les heile «M/S Stangfjord»

Fjordabåtkveld

20. mars 2009

fsf-flaggVeteranskiplaget Stavenes og Atløys Venner inviterer til historisk fjordabåtkveld onsdag 25. mars kl 1900 på Kystmuseet i Florø.

Skipshistorikar Per Alsaker fortel frå historia til Fylkesbaatane, det vert presentasjon av arbeidet med DS Stavenes, og litt om M/S Atløy. Annonse med programm (og feil dag) kan du lese her.

Våren er komen

19. mars 2009
Full fartFull fart

Då var det endeleg vår i Florø! Båten er pakka ut etter dugnad mandag og tirsdag, med deler av gjengen i fullt driv. 

No vert det  nedvask før første tur i morgon torsdag, og endeleg med med Ludvig G som kaptein. Turen går til Kalvåg med gjester frå heile landet.

Båten er stort sett klar, men det vert slipping i Dåfjorden ein gang starten av mai. Det elektriske er ikkje heilt ferdig i aktersalongen, men Trygve Strømmen held på, så det blir nok bra.

Vi gleder oss til ny sesong! Trykk «more» for bilder av  mellom anna Florø sitt svar på Per Borten!


Les heile «Våren er komen»

Årsmøtet ferdig

15. mars 2009

champagneDå var årsmøtet for 2009 avhelde og ferdig. Møtet vart halde ombord, og dei viktigaste årsmøtesakene vart gjennomgått på ein liten time. Harald Stang kom frå Stongfjorden i eigen båt, og vart belønna med fast plass i styret, etter at Johannes Grøneng hadde bede om fritak. Etter dette vart det kaffi og kaker, og «drøsen gjekk om åndelege ting». Referat frå møtet finn du her og Årsmeldinga med oppsummering av drift, økonomi og dugnad her. Du finn dei og under fana Atløys Venner saman med dei tidlegare.

Årsmøte

11. mars 2009

mc3b8te2Hugs Årsmøte i Atløys Venner fredag 13/3  klokka 1800 ombord. Vanlege årsmøtesaker, nye og gamle medlemmer er velkommen, forutan alle som bryr seg. Ko og sjå kor fint det er blitt!!