Godt nytt frå Riksantikvaren

10. februar 2009

Etter samtale med Erik Småland hos Rksantikvaren ser det lyst ut for Atløy med hensyn til løyvingar i år. Lista er ikkkje offisiell enno, men dei fleste vi bli svært glade når den blir det! Likevel skal vi nok belage oss på at dette er avslutninga til Riksantikvaren, og at løyvingane derifrå vil ta slutt for ei stund.

Det går framover

10. februar 2009

Ludvig G er framleis i Hardanger og følger opp arbeidet. Om alt går som det skal, vil snikkarane være ferdig med salongen kommande torsdag. Etter dette vert det maling, og til slutt få på plass skap, køyer lister o.s.v..

Hurtigrutetur 27-29 mars

8. februar 2009

Atløy’s Venner, Veteranskibslaget Stavenes, Bergen Kystlag, Veteranskipslaget Fjordabåten og Nordhordland Veteranbåtlag inviterer til Hurtigrutetur med klassikarane M/S Nordstjernen og  M/S Lofoten.

På returen fra Trondheim vert det med folk frå D/S ”Børøysund” som er på rundtur. Eivind Lande, kjent som skipper på ”Børøysund” er ein av styrmennene på MS Lofoten. Dette vert som sist ein kjekk tur i lag med kjekke folk. Det vert foredrag, omvisning, underholdning, fjordabåt og Hurtigrute – quiz.  Besøk hos Kristiansund Brannvesen. 

På returen frå Trondheim vil det være med folk fra D/S ”Børøysund” som er på rundtur. Eivind Lande, kjent som skipper på ”Børøysund” og ein viktg mann hod Riksantikvaaren er ein av styrmennene på MS Lofoten.

Innbydinga med påmeldingsinfo finn du her: Invitasjon Hurtigrutetur

Til Hardanger

1. februar 2009

hardanger-fv-lite1Leif, Ludvig og Johannes reiste torsdag til Norheimsund for å fortsette arbeidet og sjå til at arbeidet ved Hardanger Fartøyvernsenter held fram, slik at båten vert ferdig i tide. Etter planen skal vi viidare til Dåfjorden straks det er klar, dvs om omlag 14 dagar. Her skal mellom anna styrehustaket drivast på nytt.

På seminar

25. februar 2003

For oss som aldri vert leie av å prata båt og motor og studere gamle båtar, var dette svært innhaldsrike dagar, seier, seier Florø-trioen som sist helg var på fjordabåtseminar ved Hardangar Fartøyvernsenter.

Ragnar, Harald og Leif i NorheimsundBÅTVENER: Mykje interessant på fjordabåtseminaret i Norheimsund, seier utsendingar frå ”Atløys Venner”, Harald Årebot, Ragnar Kristiansen og Leif Kvalvik. (Foto: Steinar Hystad)

Det var fagfolket på den unike verkstaden som skifta dekket på ”Atløy” som heldt kurset.  

Den praktiske delen av det aller første seminaret for veteranbåtentusiastane i Hordaland og Sogn var nett å læra seg kunsten å driva eit dekk. Å tetta mellom planken med tjøra hamp er eitt av mange handverk fartøyvernsenteret held i hevd.
– Dei gjer skikkeleg godt arbeid på verven her, nyedekket på ”Altøy” vart flott, seier Leif Kvalvik.

Sjølv er han fødd og oppvaksen i Ålvik, industristaden nokre mil lenger inne i Hardangerfjorden. Kona kjem frå Hovland i Sørfjorden. Der var svigerfaren ekspeditør, og det hende rett som det var at svigersonen måtte ekspedere ”Granvin” som i heile sin karriere for HSD trafikkerte mellom fruktgrendene i Hardanger.
– Han har mykje til felles med ”Atløy”, begge er bygde for 71 år sidan i Bergen, den eine hjå Mjellem og Karlsen, den andre ved Bergens mek. Takka vera typar som oss med sterk nestekjærleik til veteranane er både ”Atløy” og Granvin” i dag gamlingar i topptrim med fullt sommarprogram. Takk også til Riksantikvaren for økonomisk støtte til dei mest omfattande reparasjonane, seier Florø-trioen.

Riksantikvaren hadde utsending til seminaret, det same hadde Hordaland fylkeskommune som gjennom kulturavdelinga har engasjert seg sterkt i vern av flytande kulturminne. ”Skånevik”, ei av dei første standard riksvegferjene, er no på full fart inn i flåten av verna skuter med lang fartstid i vestnorske fjordarmar. Truleg får ho base i Salhus, i det einaste freda ferjestøet i landet.

Dei godt 40 fjordabåt-delegatane hadde også ein heil del teori på seminarprogrammet. Spørsmål kring drift og det å etterkoma nye tryggleikskrav vart drøfta. Det vart gjeve tips om korleis historia båtane representerer kan gjerast endå meir levande – og ikkje minst viktig – korleis ein skal gå fram for å halde hundre prosent på det antikvariske vernet.
– Målet må vera å visa fram ei ekte vare og då nyttar det ikkje med lettvinte løysingar. Det kan lett resultera i ”bastardar”. I den samanhengen er det godt å kunna ty til treekspertisen her på senteret, og den tekniske kunnskap hjå veteranspesialistane ved verfta i Dåfjord på Stord og i Mastrevik, seier Harald Kvinge, initiativtakar til samlinga og leiar i Veteranskipslaget Fjordabåten.

For Firdaposten, Steinar Hystad

Presening montert

23. januar 2003

Frå Firdaposten;

Ragnar Kristiansen er ein  av eldsjelene som nestan dagleg tek i eit tak for å  halde ved like og oppgradere den best bevarte veteranbåten i landet, som den vart kåra til av Forbundet Kysten i fjor sommar.

atloy3-vedlikehold-fp-2003

–Det er mykje som skal gjerast før båten er klar for sommarsesongen. No skiftar vi heile røyrgata i maskina, det er jo litt av eit arbeid. Når vi er ferdige med det, vil det vere varmt og kaldt vatn i alle vaskane om bord. Så pussar vi opp alle toaletta, legg nye fliser på dørken og målar veggene. Lasterom og proviantrom treng òg eit strøk måling, seier Kristiansen.

Båtentusiastane skal òg drive, eller ratere, dekk og styrehustak, og dei skal fjerne rust fleire stader. I tillegg held dei på å montere på plass toalett framme på dekk. I dei dagar då båten gjekk i rutetrafikk, var det eit eige toalett for 2. klasse der, og det er dette dei no vil ha i funksjon att.

Ein pause i arbeidet. Kjartan, Rolf, Johan og Leif.Ein pause i arbeidet. Kjartan, Rolf, Johan og Leif.

– Sjølve huset på dekk har stått tomt sidan 80-talet, men no vil det snart vere klart for bruk igjen, fortel Kristiansen. 

Ei sak som har letta arbeidet til Atløys Venner, er presenningen som no er komen på plass og fungerer som eit telt over heile båten.

presenning-23-01-03-2646

Den er spesialdesigna av eit firma i Hordaland, og arbeidarane om bord har sjølve bygd rammeverk og montert den.

– Det tok oss litt over to veker å få heile presenningen på plass. Vi reiste inn til produksjonsfirmaet med ”Atløy”, slik at dei fekk tatt mål og slikt, og alt i alt med planlegginga og den turen, så har vel arbeidet teke oss eit par månader.

Men dette er noko som vi får veldig mykje igjen for å ha gjort. Til neste vår og sommar vil det verte betydeleg mindre vedlikehald, sidan båten kan stå under presenning heile hausten og vinteren. Det vil nesten ikkje verte nokon slitasje på båten i det heile, seier Kristiansen.

  Arbeidsmiljøet på ”Atløy” er blitt mykje betre etter at teltet kom på plass.

– Det er veldig lunt og godt å arbeide om bord no. Båten og målinga tørkar mykje fortare enn før, så vi kan vaske og måle når det passar oss – og ikkje berre når det er vêr til det. Det vert også mindre støvføyk av pussing og sliping. Det beste er jo at vi kan arbeide sjølv om det snør eller haglar, seier han. 

Linda Regina Bruvik 57 75 73 06

Atløy blir vinterkledd

11. november 2002

Frå Firdaposten

MS «Atløy» skal få heildekkande vinterpresenning. Det er ein del arbeid og kostnad med det, men dugnadsgjengen vil få det att på vedlikehaldet.  

presenning-23-01-03-2647

Arbeidet med å lage reisverket er alt i gang, og nede på kaia i går  føremiddag møtte vi Kjartan Tveranger og Olav Åmot i sving.
– Eg trur vi kjem til å merke det på vedlikehaldet, ja, seier Tveranger som var i byssa og henta seg ein kopp kaffi.

Han fortel at dei hadde dekt ein del av overbygget i fjor, og det viste seg at lakk og olje stod like fint etter vinteren, så dei kunne rett og slett spare seg for vårpussen der presenningen hadde lege.

No held dei på å bygge eit reisverk i tre og galvaniserte røyr. Ein spesialsydd presenning (formsydd) skal leggast over heile båten, og såleis verne mot vind og ver, ført og fremst væte.
– Ein annan fordel med dette er at det blir tørt og godt ombord, og dermed lettare og trivelegare å arbeide med førefallande ettersyn og vedlikehald, seier Tveranger, og ser lyst på dette.

Materialar og presenning er kostnadsrekning til rundt 60.000 kroner.

Harald J. Stavang
57 75 73 02

Fjordaferd til Nordfjord

20. februar 2002

Etter haustens suksess med Fjordaferd i Sogn, har det kome ynskje frå Nordfjord om same opplegg. For Kystmuseet vart dette ein stor suksess, med 2.800 besøkande. Også på denne turen stiller M/S Atløy opp. Om ein ikkje tener allverdens med penger, er det garantert god reklame for både båt og Kystkultur. Delar av turen skjer i samarbeid med 4H og skulane, og får vi like god respons som i Sogn vert dette strålande.

holvikjekta

Avgang vil bli 17/4, og vi er tilbake tysdag 23/4. På turen innover Nordfjord vil ein gjere stopp på stadane Kalvåg, Rugsund, Bryggja, Davik, Ålfoten, Sandane, Hennebygda, Utvik, Innvik, Loen, Faleide, Dokset, Blakset, Hopland, Stårheim, Eid, Måløy, Selje, Barmen, Husevågøy og Svelgen. Også denne gongen vil ein ha med lokale varer, og bruke dette som bytemiddel inne i fjorden.

kakenesfyr

Har du lyst å være med, er vi svært glade for hjelp. Ta kontakt med Sander på 900 51 867  så vil kontakt med prosjektet verte formidla.

Kurs i driving

18. januar 2002

Riksantikvaren har etter søknad løyvd kr. 15 000 til kurs i driving av dekk. Kurset er retta mot båtane Atløy og Svanhild, og inngår som ein del av kompetanse oppbygginga for å sikre godt vedlikehald av båtane i åra framover. Dekk må vedlikehaldast jamleg og dette er arbeid som må gjerast lokalt og når lekkasjar eller skadar oppstår.

driving2

Kystmuseet og Hardanger Fartøyvernsenter vil stå for dette kurset, og fem personar frå kvar båt stiller. Kurset vert halde ombord i Atløy fredag 8. februar og laurdag 9. februar. Kystmuseet organiserer alt utstyr som trengst, slik som bek, drev, drevjern, drevkøller, bekgryte, ause, bekhøne etc. Deltakarane må stille i antrekk som tolar å bli skittent.

drivingDet er særs viktig at alle kursdeltakarar møter fram til kurset, slik at vi får «full valuta» for pengane frå Riksantikvaren. Dersom nokon skulle bli forhindra frå å møte, må dei straks gje melding til Reidar K. eller Sander Ø., slik at dei kan få tak i andre personar for å fylle ledige plassar.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Kystmuseet v/ Trond Strømgren, tlf. 57748295.

Framdans 9/1

13. januar 2002

Tradisjonen tru vil vi arrangere Framdans i Samfunnshuset. I år blir 9de februar den store dagen, same helga vi har drivekurs.

danstegning

Lunde med venner vil stå for musikken. Overskotet frå dansen vil gå til turar med pensjonistar, og fortatt vedlikehald av Atløy