13. januar 2002
Norske Sjøfartsmyndighetar krev at alle norske offiserar og mannskap må oppgradere sine (eventuelle) STCW-78 sertifikat til STCW 95 innan 1.februar 2002. Først var vi svært usikre på korvidt vi ville klare dette økonomisk, og såg i det heile mørkt på sesongen. Etter ein del samtalar med Granvingjengen har vi no fått til eit fantastisk opplegg med Nutec i Bergen. Dei stiller opp kostnadsfritt, og vi reknar med at alle skal være oppgraderte med sertifikat før sesongen set inn.
Totalt vil Atløys Venner haover 20 personar inne til slik oppgradering. Vi sparar 200.000,- på dette, og er imponert over velviljen til Nutec.
Kursa vil bli gjennomført utover vinteren. Navigatørar vil fjølge vanlege kurs hos Nutec, medan det vil verte lagt opp særskilte kurs for dekk og maskin saman med Bergensgjengen.
20. desember 2001
Atløys Venner har i lengre tid hatt planar om å arrangere romjulsdans, men lokale har ikkje vore ledig. No vart det endeleg ein opning, og vi inviterer derfor til Stordans på Samfunnshuset laurdagen i romjula. Vi ventar mykje folk, då dei fleste vil p by`n for å treffe kjenningar som er heime i jula. Tradisjonen tru vil Lundes Trio stå for musikken, men dei vil også ha med seg Buskspellkara frå Bergen. Dansemusikken skulle derfor være sikra. Dørene opnar kl. 20.00. Bill 150,-
19. desember 2001
Salet av Atløy boka går over all forventning og sel no betre enn fleire av dei andre lokale bøkene i julestria. For Atløys Venner er det svært gledeleg å sjå at interessa for boka er så stor. Dette vitnar om stor interesse for båten og kystkultur, og er ei vitamininnsprøyting for oss i laget.
Boka kan du no også bestille gjennom Atløys Venner på nettet. Send bestillinga di frå skjemaet på «kontakt oss», so sender vi henne rett til deg i oppkrav, fraktfritt. Prisen er den same som i bokhandelen, 248,- kroner.»
19. desember 2001
Andeslaget Atløy hadde sitt siste møte før jul tysdag 18/12. Viktigaste sak på møtet var gjennomgang og diskusjon om søknad til midlar frå Riksantikvaren til neste år.
For å sikre at den pågåande restaureringa av Atløy vert fullført på ein tilfredsstillande måte, søker A/L Atløy Riksantikvaren om ca. kr. 350 000 for året 2002. Bruken av midlane er skissert under.
- Fullføre restaureringa av inventar i framskipet. Lage nye sete- og benkerammer i 2.plass salongen, stoppe og kle disse med brunt skinn. Sy avlange puter i skinn. Stoppe og trekke benk i maskinistlugar med grå plysj. Pris rammeverk er henta frå Hardanger Fartøyvernesenter og skinn/plysj, fjærer, filt, stopping, etc. frå Thune Møbeltapetsering. Totalt vert det søkt om kr. 183 141.
- I 1 pl røykesalong var det så lenge båten var i drift salongar i skinn. Desse vart på 80 talet sydd opp med plysj. Dette trekket er no på det næraste utslite, og det er behov for nytt. Her var det originalt ikkje fjører, men trekk over madrassar/puter. Prisoverslag er ikkje innhenta, men avtydinga er ca kr. 90.000,-
- I fôrskipet manglar framleis riktige leselamper. Det vert søkt om ein sum til dette.
- Under trappa frå byssa til brua var det før eit matskap. Dette vil ein prøve å få bygd opp att etter gamle teikningar. Også her vert det søkt om midlar.
- «Atløy » hadde ope rekke på framdekket i heile si tid som rutebåt. Det var ope rekke akter til slutten av 1950-åra. «Atløy» vert no ført til bake slik den var i 1952. Dette får som konsekvens at rekkene for og akter igjen vert opne. Det må smiast nye septer til desse opne rekkene. Akter står anna kvart septer heilt opp under båtdekket. Dei korte septera er støypte, mens dei lange er smidde. Pris er innhenta frå smie på Torvund ved Lavik. Prisoverslaget gjev ein søknadssum på kr. 54 450.
- For masta vert det søkt om midlar til ny mastetopp, då den gamle etterkvart må skiftast ut.
Riksantikvaren har lenge vore ein aktiv støttespelar, og det er håp om at dei også i framtida spelar på lag med det aktive miljøet rundt Atløy. Aktiviteten er vår største styrke, og det å kunne vise til eit så høgt aktivitetsnivå som vi har, er ein klar fordel.
Innan rimelig tid vil vi måtte ta fatt på akterskipet. Randplanken i gangane skjuler ein del rust, og skal ein komme til for ein skikkelig jobb her er det nødvendig å rive garnering og himling. Skroget er sjekka på verkstad, og ein kan ikkje finne manglar ved dette. Vi bør likevel forberede ein storjobb, både økonomisk og «mentalt».
18. desember 2001
Vi hadde sist sesong eit lengre opphald på slipp for å utbetre lekkasje rundt hylsa. Då hylsa var vel ute, synte det seg at taum frå fiske var årsaka til utette pakningar. Vi tok dette opp med forsikringsselskapet, og har no fått beskjed om at 25.000 av skaden er beretaiga for erstatning.
Vidare har vi mottatt 10.000,- i kulturmidlar frå Fylkeskommunen etter søknad frå Atløys Venner.
2. desember 2001
Atløys Venner arrangerer også i år julebord for alle medlemmer. Årets store fest blir fredag 14. desember og tar til kl. 20.00 i Kinnkjellaren. All medlemmer er hjarteleg velkommen. På menyen står lutefisk, eller juletallerken for dei som ynskjer det. Pris 200,-/person. Drikke lyt kvar enkelt syte for sjølv. Velkommen til peishygge og god mat blant gode vener !! Påmelding til Astrid Alsaker på telefon 957 01 739.
1. desember 2001
Atløys Venner vurderer no å kjøpe ei eit mål stor tomt inne på Kystmuseet sitt område. Kommunen har forkjøpsrett på denne tomta, men vil transportere denne til oss dersom vi ynskjer det. Selgar er familien Rishovd. Tomta er planert, og det står allereie eit eldre naust på der. Søndag 9/12 vil styret ha befaring på området.
På området vil det kunne settast opp eit høveleg bygg til verkstad og lager, og det vil enkelt kunne late seg gjere å bygge kai slik at Atløy kan legge til. Området er immidlertid veirhardt, så det kan ikkje vert noko permanent vinterlagringstad.
Atløys Venner har i lengre tid arbeidd for ei permanent løysing sentralt i Florø i samband med det nye torget og Hellesenbua. Desse planane er ikkje skrinlagt, men det ser ut til å trekke ut. Det eine utelukkar allikevel ikkje det andre, dvs kjøp av denne tomta. Finansiering har vi sjølve, gjennom sparekonto til landbase.
31. oktober 2001
Det er liten plass på båtdekket, og dette dekket kan nyttast meir dersom den eine livbåten vert fjerna. Det er ikkje trong for livbåten som redningsutstyr, då det er nok flåtekapasitet. Styret I a/l vedtok i møte 31/10 å fjerne denne, og montere opne rekker i borde i staden. Slik vil ein få meir dekksplass. Når dette vert gjort, må krybber og alt anna som vert fjerna takast vare på, slik at ein ved trong kan sette livbåten opp at, slik at Atløy får autentisk utsjånad. Davitane skal stå att.
31. oktober 2001
Også i år må A/L Atløy ta opp lån for å klare seg gjennom vinteren. Det gledelege er at vi i denne omgangen klarer oss med halvparten av det vi måtte ta opp førre år. Også i år stiller Sparebanken Flora Bremanger velvillig opp. I tillegg til dette vil Atløys Venner overføre 50.000,- (som er delar av overskot frå salet om bord) til A/L.
Vinteren skulle då være sikra.
31. oktober 2001
Styret i A/L vedtok i dag at rekka på framdekket skal skjærast bort, og at det i staden skal settast opp opne rekker, slik at båten får same linjer som då den gjekk ut av drift. Arbeidet vert utført når økonomien gjev rom for det, og skal gjerast på rett måte, dvs med smidde rekker.