Atløy i Dampskipsposten

11. februar 2001

dampskibsposten-60Dampskibs Posten Nr. 60 1/2001  har ein 6 siders reportasje om Atløys historie, der de følgjar båten frå bygging, gjennom krigen til i dag.

 Dampskibsposten er et medlemsblad for Norsk Veteranskibsklub

Atløy i 50 tallsstil

8. januar 2001

Frå Firdaposten

FLORØ: MS «Atløy» kjem heim frå opprusting i Norheimsund i slutten av månaden med ny salong – slik den var på 50-talet.
I november gjorde årsmøtet i AL Atløy, eigarane av veteranbåten, vedtak om at 70-talsstilen skulle ut og 50-talsstilen inn på MS «Atløy». Det har no resultert i at båten kjem heim att med panelt skuteside i 2.-klassesalongen framme i staden for respatex.

Det einaste som ennå er att av nyare dato i denne salongen er benkene. Dei er skaitrekte.
– Vi må nok køyre komande sesong med skaibenker framme, men til sesongen 2002 vonar vi å ha fått inn skikkelege benker slik dei var på byrjinga av 50-talet, seier Sander Ødelien i Atløys Venner til Firdaposten.

Venneforeininga har no søkt Riksantikvaren om pengar til å bygge nye benker. Dei vil kanskje komme til å koste opp mot 200.000 kroner, og er trekte med oksehud. Under huda vil det vere skikkelege fjører, alfagras og strie, slik som vanleg var om bord for snart 50 år sidan.

– Dersom vi skulle ha køyrt vidare med 70-talsstilen, måtte vi ha gjort store endringar på heile båten. Mellom anna måtte vi ha kutta skorsteinen slik at dei blei lågare, og vi måtte ha kledd inne hekken av båten. Det ville ikkje ha tatt seg ut, meiner Ødelien.

Firdaposten  08.01.2001

Dugnad gir 10.000,-

11. desember 2000

Atløys venner har fått den lukrative jobben med å flytte Norway Seafarms sine lokaler på Saga Fjordbase til nye lokale i Strandgata.  Jobben burde være gjort på 3 – 4 timar, og vil innbringe 10.000,- til vidare restaurering av Atløy

Møt opp på Firda Billag Fredag 15. desember kl. 16:50, eller i porten på basen kl. 17:00. Norway Seafarms sine kontor skal flyttes, Vi tar jobben.   Ta med sekkehjul viss du har. 

Vellukka lutefiskmiddag

11. desember 2000

Mange venner, mest gamle, men også nye, var samla i Florø Rockeklubb sine lokale i Kinnhuset for lutefiskmiddag 8 desember.  Stemninga var på topp, og maten var der etter.  Arrangementet var svært vellukka og vil bli gjenteke neste år.

A/L Atløy tar opp lån

19. november 2000

For å betale siste rest av rekninga hos Halleraker Mekaniske, er A/L Atløy tvungen tiø å ta opp eit lån stort 75.000,- Lånet vil bli tatt opp hos Sparebanken Flora Bremanger, som også tidlegare har stilt opp i slike høve. Meininga er å betale tilbake så snart vi kan, seinast juli.  

Håpet og planen er at lånet må være innfridd før vi byrjar sesongen, slik at dette ikkje blir hengande med inn i neste sesong. For å få dette til må vi ha eit vellukka lotteri, og gjerne starte ein « tiggerunde » over jul når Florø-bedriftene har ferske budsjett.

Salongen tar form

18. november 2000

Denne veka har fleire vore på besøk hos Hardanger Fartøyvernsenter. Måndag var Trond Strømgren nede for å avklare ein del detaljar, tysdag underteikna for å sjå på arbeidet.  

Arbeidet, som vert leia av Alf Storaas, går no for fullt. 4 mann er i arbeid. Dørk og kledning på skutesida er komen på plass. Storaas ser det som sannsynlig at arbeidet vil verte ferdig til avtalt tid ; 16 desember.

Lutefiskkveld 8/12

17. november 2000

Tidlegare har vi hatt julebord kvart år før jul. Med prisar som startar på 400,- har vi i år bestemt oss for å endre litt på dette, slik at det i staden vert  Lutefisk-kveld i ”Kinnkjellaren”. Blotet finn stad 8de desember klokka 1900.

Lutefiskelskere - elsk i kveldLutefiskelskere - elsk i kveld

For dei som ikkje likar lutefisk er det og høve til å bestille juletallerken. Bistro To Kokker syter for maten, så her burde alt være på stell. Prisen er 160,- som dekker mat og leige av lokale. Drikke lyt kvar enkelt syte for sjølv, men ein skvett akevitt bør absolutt være med. Bindande påmelding på 900 51 867 eller på leiar@atloy.no seinast innan 30.11.00.

Vi håpar så mange som råd, både aktive og ikkje finn vegen til Kinnhuset denne kvelden.

Medlemmsinfo 11/00

11. november 2000

MS Atløy på Hardanger Fartøyvernsenter
Atløy ligg no på Hardanger Fartøyvernsenyter i Norheimsund for oppattbygging av salongen framme under dekk. Dette arbeidet vert utført med støtte frå Riksantikvaren, og er venta å være ferdig i slutten av desember. Ein gjeng var i Hardanger førre helg for å ta siste del av stålarbeidet og pakke inn styrehuset, slik at vi slepp unna med ein del skraping til våren. Slippinga på Halleraker kom på 125.000,- noko som ikkje var budsjettert til meir enn ca 50.000. Andeslaget lyt difor ta opp eit større lån for å betale ut, men vi reknar med at vi vil kunne betale dette tilbake i løpet av vinteren. Desse pengane vil vi prøve å få inn gjennom eit lotteri som vil starte opp i slutten av januar og arrangering av ny dans. Atløydansen i oktober gav ein netto på 20.000,- noko vi er vel nøgde med.

Neste sesong
For neste sesong planlegg vi å være i Bergen dei føraste 14 dagane av juni, då både prisar og marknad er betre her. Då dieselen er gått opp til nesten det doble frå starten av sesongen til slutten av sesongen, vil vi for neste år justere prisane noko. Timepris for neste år vil bli 2.000,- noko som er 10% opp i forhold til i år. Dette er billeg i forhold til dei fleste andre veteranskip, men dyrt i forhold til skyssbåtane i Florabassenget. Den eksklusive agentavtalen med Vestkysten Reiseliv vil verte oppsagd. Vi vil fortsette samarbeidet, men FSF og Maitime Tours i Bergen vil også ta del i salget. Som vanlig vil det bli sesongstart 17de mai med graut på Fanøybua for vennar og vennars venner. Frå  6te juli vil vi gå på langtur til Bud saman med søsterbåten Granvin og vonleg mange av Forbundet Kysten sine båtar. Målet for turen er Kysten sitt landstemne, og innkomsten av Cutty Sark i Ålesund. Eksakt opplegg for turen er enno ikkje klart, og vi vil komme tilbake med meir detaljar utover våren. Turen vil være open for alle, så her er det berre å henge seg på.  

Samlingar utover vinteren
Medan vi ventar på Atløy (som kjem att rett over jul) har vi nokre samlingar utover.

Videokveld på Hjørnevikbua

Mandag 20 november med visning av filmen ”Dar kjem dampen” frå klokka 2100. Dette er er historia om oppattbygginga av DS Oster,  miljøet rundt og songen. Etter denne viser vi den offisielle videoen frå Nordsteam-stemnet som  vi deltok på i august. Her vert det garantert mange flotte bilete, både frå Vågen og båtane.  

Lutefisk-kveld i ”Kinnkjellaren” 8 desember
Vi har i år bestemt oss for å sløyfe julebord. I staden vert det Lutefisk-kveld i ”Kinnkjellaren” 8 desember klokka 1900. For dei som ikkje likar lutefisk er det og høve til å bestille juletallerken. Bistro To Kokker syter for maten, så her burde alt være på stell. Prisen er 160,- som dekker mat og leige av lokale. Drikke lyt kvar enkelt syte for sjølv, men ein skvett akevitt bør absolutt være med.

Videokveld 20/11

9. november 2000

Etter førre styremøte hadde vi ei lita framsyning av videoen ”Dar kjem Dampen”. Dette skjedde fort, og ikkje mange fekk vite om kvelden. Vi satsar difor på nytt arrangement 20/11 frå ca 2100 på Hjørnevikbua.  

Dampskipet Oster vart bygd i 1908 for Indre Nordhordaland Dampskipslag. Fram til 1964 gjekk ho i fast rute langs Oster- og Sørfjorden. Ho kom seg gjennom to krigar, og då ho gjekk ut av rute i 1964 var ho den siste kolfyrte skuta som fortsatt gjekk i rute. Etter dette gjekk ho som frakteskip til fram på 90 talet under namnet VAKA: Deretter gjekk ho i opplagg for godt og var klar for opphogging.  

Men den gang ei. Ein gjeng entusiastar bestemte seg for å restaurerer den, og hadde som mål å ha klar båten utvendig til opninga av Nordsteam stemnet 3 august 2000. Dette klarte dei med naud og neppe. Filmen følgjer mannskap, dugnadsgjeng og passasjerar på jubelturen frå Salhus til Bergen/Vågn 3de august. Atløy var også med på dette stemnet, og fekk oppleve 50-60.000 klappande menneske på veg inn Vågen.  

Her er autentiske klipp frå då ho fortsatt gjekk i rute, billete frå arbeidet o.s.v. D/S OSTER var også bakgrunnen for landeplaga «Dar kjem Dampen» med Ivar Medaas. Songen vart eit symbol på ei tid som var over, då folk hadde betre tid og sjøreisa vart eit mål i seg sjølv. Ivar Medaas tar også del i filmen.

Video frå Nordsteam

29. oktober 2000

To videofilmar blir lansert som direkte resultat av Nordsteam 2000 Bergen. Den første vil verte lansert i desse dagar.  Den er laga av Munck Film Provide A/S og handlar om Oster, om songen ”Dar kjem dampen” og menneska rundt D/S Oster. Filmen fortel om forventningane til Osters gjenkomst og forløysinga som skjer då ho vert klappa til kai under opninga av Nordsteam. Overskotet går til Nord-Hordaland Veteranbåtlag og arbeidet med å ferdig restaurere båten.

Oster på Vågen under NordsteamOster på Vågen under Nordsteam

Den andre filmen, som vert den offisielle Nordsteam-videoen, vert laga av Hans Kristian Bukholm og Helge Sunde. Den fortel om planlegginga og gjennomføring av Nordsteam, om forspillet i Stavanger, om båtane sin seglas til Bergen medan det vert arbeid febrilsk for å få Oster ferdig. Den fantastiske innseglinga torsdag vert skildra, hurtigrutemøtet fredag, laurdagen med rutene til og frå Bergen (kvart over to`en), aktivitetane på sjø og land samt festen i Håkonshallen. Søndagen vert rundturen med D/S Bohuslän og damptog skildra. Filmen inneheld autentiske klipp frå Bergen Hamn på 50-taøet, samt unike opptak av D/S Oster medan ho endå var i rute.

Filmen varer ca 1 time, og vi trur den vil glede både dei som var til stades og dei som ikkje hadde høve til å være i Bergen under stemnet. Filmen vert ferdig for salg i november, og kan bestillast hos Nordsteam 2000 Bergen, Box 588 Sentrum, 5806 Bergen. Begge filmane kan anbefalast på det sterkaste.