Dokumentasjonsarbeid i gang

4. september 2000

Som før nemnt er det løyvd 50.000 til dokumentasjon av historia til Atløy frå Riksantikvaren. Riksantikvaren har sett det som eit krav at dette arbeidet er sluttført før vi kan begynne på oppattbygginga av 2de plass salong i forskipet.

Den nye fartøyvernkonsulenten ved Kystmuseet, Trond Strømgren vil være ansvarlig for dette arbeidet. Han startar no, og vil mellom anna intervjue mange av dei som framleis hugsar korleis Atløy såg ut fram gjennom dei forskjellige epokane. Han vil også besøke dei som eigde båten etter at den vart seld frå FSF. Fortsatt finns mykje materiale, og Trond vil gå gjennom både teikningar og rekningar frå dei forskjellige verft som har hatt Atløy innom framgjennom. Arbeidet vil være sluttført innan november, og rapporten vil verte tilgjengelig på heimesidene våre så snart dei er godkjende av Riksantikvaren

ONS 2000

27. august 2000

ons2000Ei samla oljenæring frå Florø ville i år lage ein ny vri på deltakinga si på oljemessa   og leigde inn MS Atløy til føremålet.

4 heile dagar låg vi til kai sentralt i Stavanger, og fungerte som representasjonsskip for dei firma som deltok i opplegget. Bistro 2 Kokker sytte for framifrå mat basert på råvarer frå distriktet, og Viktoria Hotell tok seg av fluidumet. Det seier seg sjølv at dette vart noko anna enn eit skarve plastpalass med flybridge.

Kundane hadde fine dagar ombord g kunne traktere sine gjester på ein framifrå måte. Dei (og vi) fekk også svært god presse på opplegget. Faktisk var dei så fornøgde at dei reserverte Atløy for neste oljemesse, som går av stabelen om 2 år.

Nordsteam 2000

8. august 2000

nordsteam3Atløy er akkurat tilbake frå Nordsteam, eit fantastisk arrangement. Frå innkomsten på Vågen med svarte kaier i folk både på Bryggesida og Nordnes til avslutningsmiddagen i Håkonshallen lørdag var dette verkeleg ei oppleving.

For dei fleste av oss var det stort å bli klappa inn Vågen av 50-60.000 frammøte tilskodarar. Det var ikkje mange auge som var tørre om bord då. Dagane gjekk elles med til besøk på dei andre fartøya, ein del småturar og omvising om bord. Kaiene var konstant fulle i folk, og somme tider måtte vi sette ut gangvakt for ikkje å sleppe om bord for mykje folk.

Faktisk verka det som om det var større interesse for Atløy enn for ein del av dei båtane som normalt høyrer til i Bergen. Over alle raga sjølvsagt gamle D/S Oster som kom inn Vågen for eiga maskin. Optimismen dei har er utan like, og dei har no kome så langt at båten ser ut slik den gjorde då den gjekk ut av rute. Vi gratulerer !!!   

Sjå også bilete frå festivalen her

Nye MS Tansøy

11. juli 2000

FLORØ: Den gamle frakte og passasjerbåten «Tansøy» blir etter helga avløyst av den nye kombibåten i Flora. Den vart døypt laurdag. Samme dag la den gamle slitaren i Florøbassenget ut på sin førebels siste tur.
Av Dag Frøyen  Firdaposten 15. 07.2000

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane overtok den nye kombibåten frå Lindstøl skipsbyggeri i Risør torsdag. Den skal ta over ruta for ”Tansøy” og «Hennøy” i det søre bassenget i Flora.  Den nye kombibåten som skal døypast laurdag, har ein marsjfart på 25 knop i passasjerrute og 20 knop i gods og frakteruter. Den skal då kunne ta 81 passasjerar og seks til sju bilar.

Kva som vi skje vidare med ”Tansøy” er enno ikkje avklara.
Må tenke nytt
Knut Stavøstrand har vore i Fylkesbaatane i 35 år og er no kaptein på ”Tansøy”. Han trur at Tansøy kan verte vanskeleg å erstatte.
– Tansøy er ein båt som passar godt i ruta den går, men det er på det reine at når ein båt er 40 år gammal så er det på tide å tenke nytt, seier han. Han legg til at for at det skal bli ei føremålstenleg frakterute så må det gjerast noko med kaiene på enkelte av stoppestadane.

Kaiene på Svanøy, Tansøy og Askerova er det gjort lite med, seier kapteinen som trur dette må gjerast for at det skal kunne bli ein effektiv transport av bilar frå fastlandet og ut. Når det gjeld Tansøy si framtid håpar Stavøstrand at den gamle båten blir å sjå i distriktet også i åra framover.
Båten er i tipp topp stand så den kan nyttast i mange år vidare, seier han og håpar at det er nokre i distriktet som ser interesse i veteranen.

Interesserte kjøparar
Vi har kontakt med fire interessentar som vil ha båten. No er vi inne i forhandlingar og om vi får ein god nok pris så vil det vere feil av oss å ikkje selje, seier divisjonssjef i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, Stig Kristoffersen. Interessentane kjem både frå inn og utland. Kven desse er vil ikkje Kristoffersen kommentere då dei for tida er i forhandlingar. Han legg likevel ikkje skjul på at det hadde vore ønskeleg for Fylkesbaatane å få båten på fart i Norge, slik at den i periodar kunne på nytt seila i gamle farvatn.
Det har vore mange som har meint at Båten burde blitt eit verna farty, men når alt kjem til kokar det ned til eit spørsmål om pengar, seier han.
No skal ”Rognsøy Junior” som fram til no har gått i nordre sektor seljast. Vidare vurderer Fylkesbaatane sal av endå ein av dei mindre passasjerbåtane i flåten.
Vi ser no på disponering av båtane i ein større samanheng. Etter Stamvegtunell opninga i indre Sogn, vil vi vurdere om det er grunnlag for drift av båtane våre internt i fylket. Om ikkje så må vurdere sal, seier Kristoffersen til Firdaposten.

Gods i skuletida
Den nye kombibåten vi utføre godstransport mellom skulerutene over heile Florabassenget. På kveldstid søndagar vil den også gå i gods og ferjerute i søre område. No har båten kapasitet på dagtid onsdag. Fylkesbaatane reknar for tida på om det skal kunne gjere seg å drive ei lønnsam godsrute til Bremanger og Måløy.

Laurdag klokka 12.00 var det dåpsseremoni der namnet på kombibåten vart offentleggjort. Frå 17.00 var båten open for publikum.

Firdaposten:

Publisert: 15.07.2000 – 09:59
Oppdatert: 16.07.2000 – 15:13

Siste tur for M/S Tansøy

10. juli 2000

FLORØ: Den gamle frakte og passasjerbåten «Tansøy» blir etter helga avløyst av den nye kombibåten i Flora. Den vart døypt laurdag. Samme dag la den gamle slitaren i Florøbassenget ut på sin førebels siste tur.

Atløy helsar «Harald Jarl»

23. juni 2000

I samband hurtigruta ”Harald Jarl” sin 40 års jubileumstur tok Atløy avskil på Vågen i Bergen saman med Granvin, Statraad Lemkuhl og ein heil armada småbåtar torsdag i denne veka. Turen skal vare i 11 dagar, slik at heile kysten nordover får bli med på feiringa.

harald-jarl

Skipet er spesielt fordi det har avlagt ein imponerande distanse langs norskekysten fram og tilbake mellom Bergen og Kirkenes. Kapteinen har rekna ut at «Harald Jarl» har gått 2.728.000 nautiske mil på desse åra. Det vil seie 126,5 ganger kring jordkloten ved ekvator. Men ikkje nok med det. «Harald Jarl» går også med den opprinnelege maskinen. Det er ein B&W på vel 4000 hestekrefter som blei bygd på lisens hos Aker i Oslo i 1959. Maskinen går enno som ei klokke. Den har til no gått 258.000 timar, og maskinistane om bord meiner den kan gå i 40 år til dersom den blir pleia som i dag.

Hardanger Trebåtfestval

21. juni 2000

hardanger-batfestivalI samband med byte av båt med MS Granvin, vil Atløy komande helg delta på trebåtstemnet i Norheimsund. Med på turen vert medlemmer av Veteranskiplaget Fjordabåten, som eig og driv MS Granvin.  

Besøk festivalen på www.trebat.no

Samarbeid med MS Granvin

20. juni 2000

Denne sommaren har kontakten med MS Granvin blitt større og større, og vi har mellom anna gått på fellestur til Haugesund og Sunhordaland i regi av Kulturby Bergen 2000. Så langt har samarbeidet kome at vi neste helg vil komme til å bytte båt. Granvin blir Atløy og Atløy blir Granvin. Grunnen til dette er at vi har behov for ein større salong under eit bryllup vi skal skysse i Bergen. Granvin stiller velvillig opp, og tilbyr oss å nytte deira båt.

Vi er imponert !!

Eigen bar på Sildebordet

19. juni 2000

Atløy har stadig behov for pengar, og for å få inn meir til landbase fekk vi ide om å starte opp uteservering under sildebordet. Atle Hollevik var positiv til at vi nytta tomta hans, og kommunen gav skjenkeløyve.

atloy-baren

Mange gode krefter har trådd til for at vi skulle kunne realisere ”flåten” utan store kostnader. YFK og Vestnes Produkt stilte med lastebil, Vegvesenet med mobile toalett, Norwegian Marine med kjølecontainer, Sigurd Solberg med elektrisk materiell og Fjordbase med material til gjerde. Ei god veke gjekk med til dugnadsarbeid.

 stemningsrapport-300dpi

Dessverre vart dette ingen suksess. Været var ikkje på vår side, med svært kald nordavind under sildebordet. Laurdag var vi også open, men det spørs om ikkje området såg for ruskete ut. I tillegg låg vi bak hovudscena, noko som ikkje var planlagt. Vi har lært mykje, og håpar at vi får det betre til til neste år, dersom vi bestemmer oss for å prøve igjen.

Resultatet vart skarve 6.000,- som no står på sparekonto til landbase.

Ny generator

16. juni 2000

For ein månad sidan vart hjelpemotor til straum skifta. I helga fekk vi problem med straumen, og undersøkingar viste at diodane i generatoren var brende. Det ville gått å skifte diodane, men vi ville ikkje være sikker på ei vellukka reparasjon.

I samråd med NBN Elektro vart vi derfor einige om å skifte til ny. Denne vil koste oss ca. 14.500,- etter at vi har fått til ein fordelaktig avtale med NBN. På grunn av mykje kjøring var dette naudvending, vi kan ikkje få driftstans no midt i toppsesongen. Allereie onsdag denne veka vil den nye generatoren være på plass dersom alt går etter planen.

Vi takkar NBN og Odd Batalden for dette.