Originale dekkstolar tilbake

4. juni 2000

For ei tid sidan fekk vi telefon frå Bergen. Vedkommande som ringde måtte medgje at han på 50 talet hadde forsynt seg med diverse dekkstolar frå Fylkesbaatane sine båtar. Han meinte at det no var på tide å gjere opp for seg, og ynskte difor å sende stolane i retur. Då M/S Atløy er den eldste av FSF sine gamle båtar som fortsatt er i drift, meinte han det var naturlig at vi fekk stolane. Ein del av stolane var dessutan merkte Atløy, og har heilt sikkert høyrt til om bord.

Vi har no mottatt stolane som er i varierande forfatning. Då vi er midt i sesongen, kan vi dessverre ikkje starte med oppussing enno, -det lyt vente til hausten. Inntil dess har Miljøhuset sagt seg villig til å lagre dei. Neste sesong vil stolane være klar for bruk.

FSF gir gave

29. mai 2000

Fleire og fleire ser med interesse på planane våre for landbase, og vi har no fått den gledelege meldinga frå FSF, Atløy sitt gamle reiarlag, om at dei ynskjer å støtte arbeidet mot landbase med 20.000,-

Ein samarbeidsavtale vil bli sett opp, som mellom anna inneber at FSF frå neste sesong også vil bli agent for salet. I dag er det berre Vestkysten Reiseliv som har slik avtale

60.000,-

27. mai 2000

Gåvenemnda i Sparebanken Flora-Bremanger har vedteke å  løyve 60.000,- av dei såkalla millenniumsmidlane til landbase for M/S Atløy. Sparebanken finn planane om ein landbase for Atløy svært interessante, og håper at vi også tar kontakt med Svanhild for evt felles prosjekt. Dette har heile tida vært intensjonen, og vi arbeider vidare, no med ein enno betre ryggrad og eigenkapital.

Sparebanken Flora-Bremanger har lenge vore ein aktiv støttespelar for kystkulturen og har mellom anna vore svært engasjert i miljøet rundt Svanhild. Vi er sjølvsagt svært glade for gåva, og håper dette kan sette fart i prosjektet.

Nytt kart

15. mai 2000

Vi har ei tid vært på jakt etter kartet som hang i gangen på styrbord side. Dette har endeleg lukkast, og kopi vil bli tilsendt frå Nasjonalbiblioteket i Oslo. Kartet heiter ”Vestlandets Fjorder” og vart trykt i 1952.

Endeleg sertifikat!

5. mai 2000

Etter det som har fortona seg som 13 endelause månadar utan sertifikat, er no sertifikatet endeleg på plass. Dessverre var vi nøydde til å kansellere første tur, men 1 time før tur til Svanøy med Staro Products var sertifikatet på plass.

Dette har vært ein lang marsj i motbakke, men vi har og sett ein massiv støtte, både frå einskildpersonar, bedrifter og det offentlege. Denne støtta har styrka trua på at vi er på rett veg. Ansvarlig for sjølve sertifiseringa har vært Idar Nordstrand og Rolf Grønnevik. Dei har tålt mange frustrasjonar dei siste dagane, men no er endeleg allt på plass.

Gratulerer til oss sjølve !!!!

Ny hjelpemotor

3. april 2000

Maskinsjef Ludvig Sandvik og Leif Kvalvik har den siste tida plukka ned Leyland hjelpemotor som vi visste trengte ein service. Motoren vart heilt nedplukka, og har vært i Bergen for måling og sjekk. Dessverre viser det seg at den ikkje kan reddast, først og fremst på grunn av at det er vanskelig å finne deler.

Vi har derfor vært på utkikk etter ein ny/brukt motor den siste tida, og sette ramma til 50.000. Hos Sabben i Bergen fekk vi treff, og fekk tilbod om ein 60 hester Iveco marinisert av Sabb for berre 40.000. Motoren er berre gått ca 500 timar, og har ny dieselpumpe. Den eignar seg bra til bruken, og Sabb har endå til tatt på seg å demontere gir og montere rett kopling til generator gratis. Vi får også 2 års ”nygaranti”. Det har derfor vært liten tvil om at dette var rett motor for oss, og etter at Leifen var i Bergen fredag for sjekk beslutta vi å kjøpe. Motoren vil bli levert om ei vekes tid.

Vi er svært takksame for den servicen og positive haldninga vi er blitt øt me frå Sabb i Bergen!

Rustbeskytting av 2de klasse salong

2. april 2000

Etter at salongen framme på 2de klasse vart riven, har det vært behov for  rustbeskytting og maling av både skutesider og dørkar/botn. No etter at alle rør og koplingar er på plass har Vestblås i Florø (som er proff på dette) gjort ein kjempejobb med først å rustbehandle/grunne, og sidan malt skutesidene med Intertuff. Resultatet er svært bra.

Malinga er frå før gitt av Internasjonal, slik at dette har blitt ein svært så overkommelig operasjon reint økonomisk. Vi rettar derfor stor takk til begge, og særlig til Vestblås Florø for god støtte.

Ny autopilot

1. april 2000

Salget for sommaren har som kjent gått svært bra, og det vert mykje langkøyring. Det er derfor eit krav frå kapteinane at vi vert betre utstyrt for slik langfart.

Styret beslutta derfor å gå til innkjøp av autopilot. Denne vert montert slik at den berre i liten grad blir synlig i styrehuset, noko som er eit poeng. Det vil også bli enkelt å fjerne den. Sigurd Solberg AS har levert autopiloten og vil bistå med monteringa. Den nye trikkaren vår, Trygve strømmen, er i full gang med å trekke kablar og montere , slik at alt skal være klart før sesongen.

Vi takkar samtidig Sigurd Solberg AS for god pris og god service i forbindelse med denne investeringa.

Gåve frå Sparebanken

26. mars 2000

Atløys Venner fekk måndag overrekt ein sjekk på 25.000 frå Sparebanken Sogn & Fjordane. Dette er den største enkeltgåva banken har gitt under ein einskild post. Også Vågsberget har fått ei like stor gåve, noko som syner at Sparebanken Sogn og Fjordane også satsar på kysten. Pengane skal brukast til ein eventuell landbase for Atløy, og er sett på sparekonto inntil vi finn eit prosjekt som vi kan gå for.

  
Sparebanken Sogn og Fjordane var også blant dei som stilte opp då Atløy vart kjøpt tilbake til fylket, og er såleis ein av adelshavarane i båten. Det er ikkje berre flott at vi får ei slik gåve økonomisk, det er også ein stor inspirasjon og annenkjenning av det arbeidet vi utføre.

Avtale med Kullturby Bergen

25. mars 2000

Atløys Venner har no fått til avtale med Kulturby Bergen 2000 som sikrar ein stønad på 150.000. Noko av dette vil være som betaling for turar vi skal gå for dei. Bl.a. skal vi være ei helg i Haugesund og Sunhordaland saman med både Fylkesordførar i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Dette vil gi mykje pressedekning for båten, og ein fin tur for oss. Vidare vil vi gå inn som ein offisiell del av programmet til Nordsteam 2000 i august. Dei andre arrangementa der Kulturby Bergen er med er;

  • 30 juni – 02 juli   Seljemanna Stemnet, Selje.   Program her er ikkje klart
  • 3 – 6 aug             Nordsteam 2000, Bergen 
  • 11 – 13 aug         Kobbeskjærskveld, Jakob Sandefestival, Fjaler