29. april 2013
Onsdag 17de gjekk Ludvig Grytten, Finn Hugøy, Leif Kvalvik og Harald Årebrot sørover. Etter stopp i Bergen vart det slippsetting fredag i Dåfjorden. Vanleg undervanns vedlikehald vart utførd, skuta vart botnsmurd og skutesidene fekk seg eit lag fersk svartmaling. Påfølgande tysdag kveld vart ho sjøsett att, og turen gjekk til Jensaneset for overnatting. Torsdag heime i Florø igjen, før det var sesongopning i helga som var.
Harald, Leif og Finn på dekk, Ludvig på brua v/ankomst Jensanset
Avgang frå Jensaneset onsdags morgon. Foto Gerhard Bakke
| Ingen kommentarar »
29. april 2013
Riksantikvaren har heller ikkje i år funne midlar til planlagt 4 års løp for restaurering av skroget, slik vi antok at vi hadde felles forståing om i 2011. I fjor var vi nøydde til å låne 700.000,- for å få utført naudsynt og avtalt arbeid, dette har vi ikkje høve til i år. Situasjonen såg krtisk ut med omsyn til framhald i arbeidet, og det låg an til full stopp. Som erkjenning av dette (?) har vi derfor fått førehandsløyving på 500.000,- for 2014. Dette betyr at det viktige med arbeidet med skroget kan halde fram.
Vi gler oss!!!
3 fartøy frå Sogn og Fjordane fekk midlar i år, og dette vart Stavenes (700.000,-), Arnefjord (1.500.000,-) og Stangfjord (700.000,-).
Heile lista kan du lese på denne lenka!
| Ingen kommentarar »
10. april 2013
På lenka under kan du lese årets andre nyhetsbrev frå Norsk Forening for Fartøyvern. Her er nytt om D/S Stord, Fjordsteam, samarbeid i Sogn og Fjordane og mykje anna spanande fartøyvernstoff.
Nytt om fartøyvern 2 2013
| Ingen kommentarar »
27. mars 2013
…har enno ikkje meldt frå om evt løyving for året for M/S Atløy. Det vi veit er at Svanhild har fått negativ svar, og at
- D/S Stavenes har fått 700.000,
- M/S Granvin 1.100.000,-
- M/B Stangfjord 700.000,-
- D/S Stord 700.000
Det er derfor ikkje så lett å tolke det at vi ikkje har fått svar enno, men vi ventar i spenning. For oss er det heilt avgjerande at det i år vert løyving.
| Ingen kommentarar »
8. mars 2013
Trond Strømgren held multimedieshow om ein innhaldsrik og dramatisk segltur gjennom Europa til Svartehavet og Middelhavet i eigen båt. Kom og høyr om friske vindar og islagte farvatn, motorhavari og grunnstøytingar, grumsete elveløp og tørste grensevoktarar, døden-nær opplevingar, stuping og dykking, folk og kaninar.
Kinosalen Flora samfunnshus, 14. mars kl. 18:00-19:30.
Prisar: Vaksne kr 100,-. Barn kr 50,-.
Sal av kaffi og kaker.
Billettsal ved inngangen, eller sikre deg plass ved å reservere billettar på førehand her http://1998a.weebly.com/index.html
| Ingen kommentarar »
8. mars 2013
Truleg kjem det eit OK innslag om situasjonen for fartøyvernet i fylket (etter fellesmøtet mellom alle fartya) ein av dagane. Eit filmteam var ombord i alle fall i 2 timar, så Atløy blir nok sentral som døme i innslaget.
| Ingen kommentarar »
4. mars 2013
På ekstraordinært årsmøte i Solund på laurdag vart A/L Atløy oppløyst. Like etter var det skipingsmøte for Veteranbåtlaget Atløy. 36 stemmer var representert, anten ved oppmøte eller ved fullmakt. Vedtektene vart vedtatt einstemming, med nokre få endringar i høve det det av styret i A/L framlagde forslaget. Nytt styre vart vald, både med nye og gamle medlemmer. Referat vert å finne her om ikkje så altfor brått.
Vedtektene for det nye laget kan du lese her.
| Ingen kommentarar »
1. mars 2013
Hugs ekstraordinært årsmøte for AL Atløy i morgon kl 1400 i Hardbakke. Einaste sak vert handsaming av omorganisering. Dette betyr at det først skal haldast ekstraordinært årsmøte for å vedta eventuell oppløysing av Andelslaget. Om dette vert utfallet, vert det straks etter skipingsmøte for den nye foreininga Veteranbåtlaget Atløy som er forslaget vil eige fartyet i fortsettelsen. Alle gamle andelseigarar vil kunne halde fram som «eigarar» av den nye foreninga. Bakgrunnen er nye reglar i selskapslova, som ikkje gjer det mogeleg å halde fram som A/L (andelslag) slik vi er organiusert i dag. Vert det ny foreining skal det lagast vedtekter og haldast val. Forslag til nye vedtekter skal så langt vi har klart være sendt andselseigarane.
Før møtet startar vil det bli registrering av stemmer og evt fullmakter, som må være skriftlege.
Laurdagskvelden vert det «gravøl» for andelslaget ombord. Alle andelseigarar og andre interreserte er invitert.
| Ingen kommentarar »
27. februar 2013
Dei flytande verneverdige veteranbåtane og -skipa møtest i går i Florø til første møte for å diskutere eit forum der ein i fellesskap kan løfte fram fartøyvernet i fylket. Målet med møtet var å lodde interessa for eit slikt forum, og diskutere kva eit forum skal halde på med. På møtet møtte representantar for MS Atløy, SJ Svanhild, DS Stavenes, MS Arnafjord, Haugefisk, MS Stangfjord og frå Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Ein diskuterte og gjekk gjenom status for kvart enkelt fartøy, status for fartøyvernet i fylket, fylkeskommunen sitt engasjement, mangelen på fylkekommunal fartøyvernplan, minkande løyvingar og korleis ein i større grad kan sette fartøyvernet på dagsorden som viktig kulturminnevern og dokumentasjon av ein viktig del av vår lokale historie.
Det var stor interesse for å starte opp eit slikt forum. Det er nødvendig å drive opplæring både ovanfor løyvande fylkesbyråkratar og fylkespolitikarar. Det vart sett ned eit arbeidsutval som fekk mandat til å arbeide vidare med dette, gjennom t.d. faktahefter, seminar og møter. I dette arbeidsutvalet sit Sander Ødeeien (MS Atløy), Ove Losnegård (MS Staangfjord) og Bjørn Fjellheim (Haugefisk). Ein vil også arbeide saman om å få dei fylkeskommunale løyvingane til fartøvern opp, minimum til tidlegare nivå.
| Ingen kommentarar »
22. februar 2013
Arrangørane bak Måløydagane inviterer til veteranbåttreff i Måløy 28 – 30 juni. Arrangøren seier dette skal bli eit koselig, faglig og interessant båttreff for veteranar, der ein set søkelyset på bl.a. gamle handtverkstradisjonar, vern av fartøy, vedlikehold av motorar og mykje moro.
M/S Atløy vil truleg delta laurdags kveld og søndag, då vi allereie er bortleigde laurdag på dagtid.
Les heile invitasjonen her
Les artikkel i Fjordenes Tidende her
| Ingen kommentarar »