HardangerCruise

20. februar 2013

MS Atløy vil i perioden 10. juli til og med 26. juli gå Sørfjorden inst  Hardangerfjorden frå Lofthus til Odda med retur. Avgang 1015, i korrespondanse med hurtigbåt frå Norheimsund, tilbake 1600  som også korresponderer. Første stopp er Aga med Agatuner frå 1200 talet, der ein mellom anna kan sjå utstillingar og film. Etter ein times stopp er det Norsk Vasskraft og Industristad Mueseum i Tyssedal som står på programmet. Stopp på ein og ein halv time, der ein også kan lege inn ein lunsj på det ærverdige hotellet. Frå Tyssedal ber det til Odda for ein kort strekk, før turen går tilbake til Lofthus.

lofthus

Frå 5. august og til og med 25. august vert GMS Granvin å finne på Samlafjorden. Turen startar i Norheimsund kl 0930, og ein går over fjorden til Herand via Øystese. Deretter tilbake over fjorden til Steinstø og inn Fyksesundet med hardingfelekonsert i botnen av den trolske fjorden. Siste stopp er Hardanger Fartrøyvernsenter før retur til Norheimsund.

Billettar kan kjøpast på nett på www.fjordtours.no, eller på Turistinformasjonane i Norheimsund og Lofthus. Vert det billettar igjken kan desse kjøpast på landgangen før avgang.

 Alle prisar og tider på denne lenka

Gladmelding

12. februar 2013

Etter at administrasjonen i Fylkekommunen innstilde kroner 0,- til MS Atløy også i år, tok leiar i komiteen, Nils Gjerland til ordre for å løyve 75.000,- til Atløy for inneværande år. Dette vil også medføre 75.000,- frå SAVOS. Gjerland fekk med sitt initiativ snudd komiteen, og pengane vart innvilga.

Vi er sjølvsagt glade for løyvinga, men lei oss for at det gjekk på bekostning av DS Stavenes, også ein gammal «fylkestravar» som dei siste åra har fått løyvingar.

Dei verna fartøya i Sogn og Fjordane fortel ei viktig historie og dokumenterer på ein levande måte utviklinga i fjordfylket. I fellesskap har dei verneverdige fartøya derfor tatt initiativet til eit møte der vi vil diskutere korleis ein kan få auka løyvingane frå fylket til fartøyvern. Møtet vert halde 26/2.

Nytt om Fartøyvern

12. februar 2013

sveising

Følg linken og les om nytt styre i NFF, nye medlemmer i flreninga, jubileumstokt 2014 rundt kysten, Eurpean Maritime Herritage, ei rekke fartøy, siste nytt om Hamen om mykje meir. Du finn brevet her; Nytt om Fartøyvern 1/2013

Ekstraordinært årsmøte

1. februar 2013

Då oppløysing av A/L Atløy vart vedteke i årsmøte i laget 31/1 – 2013 vert alle andelseigarar innkalla til ekstraordinært årsmøte for å stadfeste oppløysinga;

 

Hardbakke, om bord i M/S Atløy v/kai

2/3 – 2013 kl 14:00

 

Det er høve å følgje M/S Atløy frå Florø på morgonen, avgang kl 0900. Gje gjerne ei melding på 900 51 867 om du skal med frå Florø, slik at vi kan planlegge litt m.o.t. mat og plass.Vi vert verande over natta i Hardbakke, og alle som ynskjer er invitert om bord på kvelden til ”gravøl” for andelslaget og evt feiring an ny foreining om dette vert det ekstraordinære årsmøtet si avgjerd.

 

Straks etter det ekstraordinære årsmøtet vert det kalla inn til skipingsmøte for ny foreining, om det ekstraordinære årsmøtet tek styret sitt forslag til følgje.

Vi håpar de har anledning til å delta i ekstraordinært årsmøte som skal endeleg handsame vedtak om oppløysing.  I følgje Andelslaget sine vedtekter er det berre dei som møter som kan være med på å bestemme framtida til laget. Dersom de har innvendingar eller innspel til planane ber vi om at de melder dette til styret (t.d. på mail leiar(a)atloy.no eller på 900 51 867) så snart som mogleg.

Årsmøte AL

1. februar 2013

Årsmøte vart helde i går, og hovudsaka var oppløysing av laget for sidan å skipe eit nytt selskap/foreining. Det var desverre ikkje mange til stades, men møtet var likevel vedtaksført. Styret sitt framlegg er omdanning til foreining, og forslag til vedtekter er sendt andelseigarane.

Vi legg her ved referat frå årsmøtet.

Årsmeldinga (vedteken, men ikkje signert) frå 2012 kan du lese her.

Gamle motorar

24. januar 2013

For dei som ikkje har høve til å være med på Årsmøte i AL Atløy og er i Bergen kan kanskje eit lite seminar om gamle motorar freiste. Egil Sunde og Sandviken Kystkultursenter inviterer, og vi gjengir invitasjonen her;

sandviksboder1

Muligens oppfinnerne av semidieselen og påhengsmotoren var påvirket av mytene om uhyrene som hørte havet til i historisk tid, og havets ustabile natur..
Uansett skapte de lunefulle mytologiske vesener som i mange ti-år gav hjerteslag til små og store båter langs kysten. Erik Bye kalte semidieselen i skøyten sin for «Vestlandsfanden». Det var kanskje ikke uten grunn?

seagullTorsdag 31. januar kl. 18.30 vil noen av våre fremste kjennere av de gamle motorene fortelle mer om semidieselens og gammelpåhengerens historie – og mulige sjeleliv. Jan-Arve Osnes fra Sandviken Motorklubb tar for seg semidieselen, mens Rune Tvedt fra Bergen Maritime Vernelag snakker om påhengsmotoren.
Kan du forklare forskjellen på glødemotor, semidiesel og diesel, totakter og firetakter? Her er i alle fall sjansen til å stille fagfolkene spørsmål om gammelmotoren, og få praktiske tips. Det vil også bli muligheter for en omvisning i motorsamlingen i kystkultursenteret.

Inngang B, Sandviksboder 16, 3. etg.

NB: Foredragene er åpne for alle. Gratis adgang, og enkel servering.
Vi minner samtidig om at det blir foredrag/kurs i stell og vedlikehold av trebåter den 28. februar i kystkultursenteret

Fjordabåtseminar

22. januar 2013

Hardanger Fartøvernsenter inviterer til Fjordabåtseminar 9-10. mars.

apresse4

Tema for seminaret er dokumentasjon. God doukentasjon er ei forutsetning for god restaurering. Smastundes vil dokumentasjonen være med å heve fartøyet sin historiske verdi og skape interesse rundt fartyet.

Programmet startar laurdag 1315, og avsluttast til lunsj på søndag. Det er bestilt rom på Sandven, der det også vert festmiddag. Fullstendig program finn du på denne lenka.

AL Atløy må leggast ned !

21. januar 2013

1. Januar 2008 trådde den nye samvirkelova i kraft. Dette medfører at organisasjonar som kjem under nemninga BA (begrensa ansvar) anten skal oppløysast eller omdannast til ei anna organisasjonsform frå og med 1.1.2013. Andelslaget Atløy kjem inn under desse reglane, og styret har i haust difor sett ned ei arbeidsgruppe som har vurdert korleis ein skal organisere seg framover. Arbeidsgruppa har bestått av to representantar for Atløy med bistand frå Deloitte.

 

Målsettinga for dette arbeidet har vore å vurdere;

  • Ulike organisasjonsformer for andelslaget
  • Vurdere prosess ved omorganisering
  • Formulere utkast til nye vedtekter
  • Vurdere andre forhold som kan gagne laget i omdanningsprosessen
  • Fremme ei anbefaling ovanfor styret i andelslaget 

Arbeidsgruppa har vurdert ulike organisasjonsformer og funne at organisering som foreining samsvarer mest med laget sin aktivitet fordi ein har eit felles mål om å ta vare på MS Atløy, noko som medfører mykje frivillig arbeid utan at eigarane har økonomiske fordelar av dette.

 

Andelane kan gjerast om til medlemskap, og medlemmene vil ikkje få formue, gjeld eller juridiske plikter som følgje av medlemsskapet. Ein annan fordel av organisering som lag/foreining er at ein på visse vilkår har anledning til å registrere seg i Frivillighetsregisteret med dei fordelane dette gir. Foreininga kan for eksempel melde seg som mottakar av grasrotandel og kan komme inn under reglane om momskompensasjon, som gjer at ein kan få attende meirverdiavgift frå staten sjølv om ein ikkje driv med avgiftspliktig verksemd.

 

Det er også utarbeidd eit forslag til nye vedtekter (sjå under). Desse er dels ei vidareføring av vedtektene i Andelslaget Atløy og dels nye vedtekter som er obligatoriske for å registrere seg i Frivillighetsregisteret. Nokre av dei vidareførte vedtektene er omarbeidde for og tilpassa den nye organisasjonsforma.

 

Oppløysinga av AL Atløy må følgje vedtektene til Andelslaget, og dette medfører at forslag til oppløysing vert fremma i ordinært årsmøte 31/1 – 2013. Det skal så kallast inn til ekstraordinært årsmøte, etter vedtektene min 4 veker seinare, truleg tysdag 28/1. Her vert endeleg vedtak om oppløysing bestemt.

 

Når oppløysing er vedtatt vert det valt eit avviklingsstyre som skal ta seg av det praktiske, og sende melding til Brønnøysund. Ein må så vente med vidare handsaming i ein periode på to månader. Dette fordi eventuelle kravshavarar skal kunne fremje sine krav til Andelslaget før endeleg oppløysing. Etter to månader sender avviklingsstyret inn ny melding om endeleg oppløysing til Brønnøysund, og laget vert sletta i registra deira.

 

Straks etter ekstraordinært årsmøte vert det skipingsmøte der ein skipar (om det er semje om det) det nye laget signerer skipingsdokument med nye vedtekter som skal registrerast i Brønnøysundregisteret.

 

Rekneskapstala i Andelslaget vert vidareført i den nye foreininga. Tidlegare innbetalt andelskapital vil framleis bli sett på som eigenkapital, og båten vert overført til same verdi som den har i rekneskapen til Andelslaget. Andelseigarane i Andelslaget Atløy vil ha høve til å gå inn som medlemmer i foreininga med sin andel av eigenkapitalen i Andelslaget som kontingent. Om ein ikkje nyttar seg av dette høvet vil ein misse retten til andelen.

Båten blir skjøtt over frå Andelslaget til foreininga. Vi har hatt kontakt med Skipsregisteret, som melder at dette enkelt lar seg gjennomføre.

 

Forslag til vedtekter for eit evt «Veteranbåtlaget Atløy» finn ein her ; Forslag til vedtekter Veteranbåtlaget Atløy

Oversikt over andeleigarar i AL Atløy finn ein i dette dokumentet : Andelseigarar AL Atløy

Som ein vil sjå manglar nokre adresse. Det kan være fordi andelseigar er avliden eller konkurs/nedlagt, eller at vi manglar rett adresse. Om nokon kan hjelpe oss med dessee er vi takksame, ta gjerne kontakt på telefon 900 51 867 eller send ei melding til leiar(a)atloy.no.

Innkallling til årsmøte i AL Atløy

21. januar 2013

Det vert innkalla til årsmøte i AL Atløy torsdag 31. januar klokka 18:00 på Kystmuseet i Florø. Sjå framlegg til årsmelding under. Foutan vanlege årsmøtesaker skal omdanning av andelslaget diskuterast. Alle andelseigarar vert oppmoda om å møte på dette viktige møtet.

Framlegg til årsmelding 2012

Julegåve!

18. desember 2012

I dag tidleg fekk vi ei gledeleg melding frå fagforeininga Industri Energi på Ewos. Under årsmøtet vart medlemmane einige om å bevilge 5.000,- til Atløys Venner.

Ei flott julegåve som vi lovar å bruke fornuftig!