Nytt om fartøyvern

18. desember 2012

Test

I siste nyhendebrev frå NFF kan du mellom anna lese om Landskonferansen 2013, den gledelege nyhenda om at Riksantikvaren truleg får 5 mill ekstra til fartøyvern, referat frå Årsmøtet, litt om «Hamen», «Boy Leslie», «Hestmanden» og nokre til.

Heile brevet finn du her; Nytt om Fartøyvern 6/2012

Gode nyhende frå Hordaland

14. desember 2012

Hordaland Fylke har bevilga 300 000.- til Fjordsteam. Samstundes er bevilgninga til fartøyvern gjennom SAVOS – ordninga dobla til 880 000.-. Med tilsvarande frå Riksantikvaren vert det over 1, 7 mill.  12.12.12 – ein god dag for fartøyvernet i Hordaland.

I Sogn og Fjordane ser det ikkje like lyst ut. i 2008 vart det bevilga 325.000 til fartøvern frå fylket, og med dobling frå SAVOS vart det totalt 650.000. Dei siste åra er det bevilga 100.000,-, dvs tilsaman 200.000,- dei åra ein hugsar fristen til SAVOS. I 2012 fekk dei som hadde fått løyving frå fylket (Stavenes og Stangfjord) halvert den stadfesta løyvinga nettopp av denne grunn, slik at totalen vart 100.000,-.

Vi håper sjølvsagt dette kan bli betre.

Styremøte AL

6. desember 2012

Det vart i går halde styremøte i AL Atløy, som eig båten, saman med Deloitte. Andelslag er ei selskapsform som ikkje kan brukast etter 31/12, og AL Atløy må derfor leggast ned. Etter ein lenger prosess er styret enda opp med forslag om omdanning til forening. Prosessen ovanfor andelseigarane vert starta umidddelbart, og det vert kalla inn til årsmøte i slutten av januar, der det må velgast eit avviklingsstyre. Etter 2mnd kan andelslaget leggast ned, og det vert samstundes skipa nytt Veteranskipslaget MS «Atløy» (forslag).

Når det gjeld båten vil det planlagde arbeidet på skroget halde fram om vi får midlar frå Riksantikvaren. I vår er det fullt på slippen i Dåfjorden, og det vert derfor tinga plass rett over sommaren, slik at arbeidet held fram. Det vert kalla inn til dugnadssamling i Atløys Venner i neste veke, slik at vi kan få på teltet før snøen kjem. Ombord skal alt no fungere, etter ein jordfeil som førte til ein del problem. Fyren er også justert, og fungerer no fint.

Etter ein konflikt mellom Atløys Venner og AL Atløy valde styreleiar Sølve Brendø å trekke seg. Etter val i styret i AL, som konstituerer seg sjølv, tar Sander Ødelien over fram til laget vert lagt ned. Styret i AL vil gjerne takke Sølve for den innsatsen han har gjort for båten gjennom mange år!

Ope møte om fartøyvern

3. desember 2012

Vedlagt invitasjon til ope møte om fartøyvern onsdag 5. desember kl. 18.30, med Erik Småland fra Riksantikvaren som foredragsholder. Møtet vert halde på Sandviksboder Kystkultursenter, 3dje etasje, Sandviksnboder 16. Gratis inngang

Heile invitasjonen på på denne lenka.

Julebord 8/12

3. desember 2012

sko2

Laurdag 8/12 vert det julebord for Atløys Venner på Samfunnshuset i Florø. Oppmøte 1900 – 1930.  Påmelding til Sander på 900 51 867. Allereie over 20 påmelde. Atløys Venner betaler som vanleg for dei aktive som takk foir innsatsen i året som har gått. Alle er sjølvsagt velkommen, aktiv eller ikkje (495,- for dei som ikkje er veldig aktive).

Frå omlag 18:00 vert det «dugnad» ombord, vi har mellom anna litt varer som er gått ut på dato.

Styremøte Atløys Venner

24. november 2012

Det vart halde styremøte i Atløys Venner 22/11. Ein gjekk gjennom resultat, Fjordaferd og samarbeidet med AL Atløy. Økonomien ser OK ut, og det går mot eit overskot på 180.000,- frå bardrift, sal av effektar og overskot frå Fjordaferda. Fjordaferda hadde åleine eit overskot på i overkant av 80.000,- etter dekking av ale kostnader. Atløys Venner harr ytt 700.000 av opptenste sparepengar gjennom 17 år som «lån» til restaureringa i 2012. Desse pengane var meint å gå til ein evt landbase, men sidan Riksantikvaren valde å ikkje stille opp i 2012 måtte det bli slik.

Nytt frå NFF 5/2012

24. oktober 2012

topbanner

Les om årsmøtet i Bodø, reaksjonar på statsbudsjettet og mykje ana på på denne lenka!

Nytt frå NFF

11. september 2012

topbanner

PÅ lenka under kan du lese nytt frå Norsk Forening for Fartøyvern. Her kan ein mellom lese om nye forskrifter for berneverdige fartrøy, Årsmøte i Bodø, freding av M/S «Nordsjernen», situasjonen for Fartøyversentra inkludert Bredalsholmen, «Borgenes», D/S «Kysten», ein større artikkel og M/S «Gamle Salten», nasjonal veteranskipshavn i Bergen og mykje anna.

Nytt om fartøyvern september 2012

Fjordaferda 2012 – Sogn

9. september 2012

fjordaferda5

Då er reiseruta for årets sognatur klar. Som vanleg tar vi med fisk og fiskeprodukt frå kysten, og frukt og grønt frå indre Sogn. Vi kan love like god kvalitet som tidlegare år, og prisane skal det kkje være noko å sei. Skal du ha litt større mengder kand u gjerne tinge frå Lewif på telefon 412 52 909.

Reisruta finn ved trykke på denne linja.

Det vert i år mellom anna marknadsdag i Fresvik.

Status før hausten

16. august 2012

matservering-pa-dekk-pa-atlc3b8y

Atløy er no på veg heim frå eit velluka Fjordsteam i Stavanger, men stoppar eit par dagar i Bergen for turar. Neste veke er det avgarde til oljemessa ONS i Stavanger, der vi er innleigde av det «maritime clusteret» i Florø som representasjonsbåt. Sommaren er brukt til to bergensperiodar, mellom anna i faste hamnetur-ruter, turar lokalt og mellom anna «Våt moro». Etter ONS vert det nye to veker i Bergen, før det etter kvart er tid for Fjordaferd på Sogn med poteter og sild.