Kurs i driving

Publisert 18. januar 2002 under Nyhende

Riksantikvaren har etter søknad løyvd kr. 15 000 til kurs i driving av dekk. Kurset er retta mot båtane Atløy og Svanhild, og inngår som ein del av kompetanse oppbygginga for å sikre godt vedlikehald av båtane i åra framover. Dekk må vedlikehaldast jamleg og dette er arbeid som må gjerast lokalt og når lekkasjar eller skadar oppstår.

driving2

Kystmuseet og Hardanger Fartøyvernsenter vil stå for dette kurset, og fem personar frå kvar båt stiller. Kurset vert halde ombord i Atløy fredag 8. februar og laurdag 9. februar. Kystmuseet organiserer alt utstyr som trengst, slik som bek, drev, drevjern, drevkøller, bekgryte, ause, bekhøne etc. Deltakarane må stille i antrekk som tolar å bli skittent.

drivingDet er særs viktig at alle kursdeltakarar møter fram til kurset, slik at vi får «full valuta» for pengane frå Riksantikvaren. Dersom nokon skulle bli forhindra frå å møte, må dei straks gje melding til Reidar K. eller Sander Ø., slik at dei kan få tak i andre personar for å fylle ledige plassar.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Kystmuseet v/ Trond Strømgren, tlf. 57748295.