Kurs på NUTEC
Publisert 13. januar 2002 under NyhendeNorske Sjøfartsmyndighetar krev at alle norske offiserar og mannskap må oppgradere sine (eventuelle) STCW-78 sertifikat til STCW 95 innan 1.februar 2002. Først var vi svært usikre på korvidt vi ville klare dette økonomisk, og såg i det heile mørkt på sesongen. Etter ein del samtalar med Granvingjengen har vi no fått til eit fantastisk opplegg med Nutec i Bergen. Dei stiller opp kostnadsfritt, og vi reknar med at alle skal være oppgraderte med sertifikat før sesongen set inn.
Totalt vil Atløys Venner haover 20 personar inne til slik oppgradering. Vi sparar 200.000,- på dette, og er imponert over velviljen til Nutec.
Kursa vil bli gjennomført utover vinteren. Navigatørar vil fjølge vanlege kurs hos Nutec, medan det vil verte lagt opp særskilte kurs for dekk og maskin saman med Bergensgjengen.