Medlemmsinfo 11/00
Publisert 11. november 2000 under NyhendeMS Atløy på Hardanger Fartøyvernsenter
Atløy ligg no på Hardanger Fartøyvernsenyter i Norheimsund for oppattbygging av salongen framme under dekk. Dette arbeidet vert utført med støtte frå Riksantikvaren, og er venta å være ferdig i slutten av desember. Ein gjeng var i Hardanger førre helg for å ta siste del av stålarbeidet og pakke inn styrehuset, slik at vi slepp unna med ein del skraping til våren. Slippinga på Halleraker kom på 125.000,- noko som ikkje var budsjettert til meir enn ca 50.000. Andeslaget lyt difor ta opp eit større lån for å betale ut, men vi reknar med at vi vil kunne betale dette tilbake i løpet av vinteren. Desse pengane vil vi prøve å få inn gjennom eit lotteri som vil starte opp i slutten av januar og arrangering av ny dans. Atløydansen i oktober gav ein netto på 20.000,- noko vi er vel nøgde med.
Neste sesong
For neste sesong planlegg vi å være i Bergen dei føraste 14 dagane av juni, då både prisar og marknad er betre her. Då dieselen er gått opp til nesten det doble frå starten av sesongen til slutten av sesongen, vil vi for neste år justere prisane noko. Timepris for neste år vil bli 2.000,- noko som er 10% opp i forhold til i år. Dette er billeg i forhold til dei fleste andre veteranskip, men dyrt i forhold til skyssbåtane i Florabassenget. Den eksklusive agentavtalen med Vestkysten Reiseliv vil verte oppsagd. Vi vil fortsette samarbeidet, men FSF og Maitime Tours i Bergen vil også ta del i salget. Som vanlig vil det bli sesongstart 17de mai med graut på Fanøybua for vennar og vennars venner. Frå 6te juli vil vi gå på langtur til Bud saman med søsterbåten Granvin og vonleg mange av Forbundet Kysten sine båtar. Målet for turen er Kysten sitt landstemne, og innkomsten av Cutty Sark i Ålesund. Eksakt opplegg for turen er enno ikkje klart, og vi vil komme tilbake med meir detaljar utover våren. Turen vil være open for alle, så her er det berre å henge seg på.
Samlingar utover vinteren
Medan vi ventar på Atløy (som kjem att rett over jul) har vi nokre samlingar utover.
Videokveld på Hjørnevikbua
Mandag 20 november med visning av filmen ”Dar kjem dampen” frå klokka 2100. Dette er er historia om oppattbygginga av DS Oster, miljøet rundt og songen. Etter denne viser vi den offisielle videoen frå Nordsteam-stemnet som vi deltok på i august. Her vert det garantert mange flotte bilete, både frå Vågen og båtane.
Lutefisk-kveld i ”Kinnkjellaren” 8 desember
Vi har i år bestemt oss for å sløyfe julebord. I staden vert det Lutefisk-kveld i ”Kinnkjellaren” 8 desember klokka 1900. For dei som ikkje likar lutefisk er det og høve til å bestille juletallerken. Bistro To Kokker syter for maten, så her burde alt være på stell. Prisen er 160,- som dekker mat og leige av lokale. Drikke lyt kvar enkelt syte for sjølv, men ein skvett akevitt bør absolutt være med.